søndag 17. desember 2023

X-faktor gjennom 2023 - God jul og Godt Nyttår !


Klipp frå dei fleste regattaene i 2023:
Isbjørnen 11.mars
NHS Vårregatta 13.mai
Huftarøy rundt 18.mai
Hjeltefjorden shorthanded 21.mai
Seilmakeren doublehanded  27. - 28.mai
Stord rundt 9. - 10.juni
NHS Holsnøy rundt 18.juni
Shetland Race 20. - 26.juni
Askøy rundt 19. - 20.august
NHS Sommarregatta 26.august
Askeladden 2.- 3.september
Bergen singlehanded 9.september
Høststormseilasen 23. - 24.september
Windjammer 7.oktober

søndag 12. november 2023

tirsdag 10. oktober 2023

Windjammer 2023 på Stord 7.oktober 2023

 X-faktor har delteke på Windjammer to gongar før, det var i 2019 og 2020. I år er Windjammer sjette og siste regatta i Vestland Cup 2023 for storbåt aktiv, og eg hadde lyst til å vera med. Etter å ha vore på Bildøy onsdag, segla eg onsdag ettermiddag til Bekkjarvik i fint vær. 

X-faktor i Bekkjarvik onsdag 

Torsdag segla eg vidare gjennom Engesundet, Nyleia og til Leirvik.
Det var best å koma seg til Leirvik før fredag då det skulle verta dårleg vær med mykje regn og vind.

X-faktor og Gleden i Leirvik fredag 6.oktober

Som makker på Windjammer vart Frode Haugland med denne gongen. Stor takk til han som stilte opp på kort varsel, og gjorde ein kjempejobb.

30 båtar var påmeldt. I klasse for Doublehanded , der X-faktor var påmeldt, var det påmeldt 8 båtar. 
Det vart mykje sjekking av værmeldingane på fredag og laurdag morgon. Det var meldt fint vær med sol, og vind frå N/NV på 5 - 7 m/s og vindkast på opp i 10 m/s.
Starten gjekk kl. 12.05. Det var lagt ut fin startline med 2 store gule bøyar. Me valde å start for babord halsar ved styrbord merke. Fullt storsegl og Genoa 1. Det gjekk fint, men me var 20 - 25 sekund for seint ute. Me fekk fin skjæring mot første merke, Ystøya. Me segla nok litt nært øya, og vinden forsvann ei lita stund.
Når vinden kom igjen segla me mot Hille og Fluholmane ved Kvinnherad. Vinden var oppe i 8 m/s og me hadde litt mykje seglføring ei stund.

Bilde tatt ombord i Obelix. X-faktor NOR 9341 rett bak

Ved runding Fluholmane jibba me, og sette spinnaker. No segla me mot Søre Ilholmane.
Det var tett med båtar, så det vart litt rotete vind i periodar. Vinden var på det meste oppe i 9 m/s.

Bilde tatt frå Obelix. Framme kan me sjå Sheep Dip med rosa spinnaker og Levens med svart spinnaker

Me segla like fort som Storm, Elan 37 (med kvit og raud spinnaker), og Obelix , X37, sørover mot Ilholmane

Når me segla spinnaker, bytte me forsegl frå Genoa 1 til Genoa 3. Etter runding Søre Ilholmane vart det kryss heilt til mål i Leirvik.
Me segla mot Tittelsnes og gjorde eit par slag der. So segla med nordaustover til me meinte me skulle slå og segla i mål. Det var mykje motstraum , men me hadde god fart i båten. Vinden låg på 6 - 7 m/s.
Me stod inn mot Leirvik til me passerte Sponholmen lykt, då kom det ei vinddreiing og me måtte ta eit par små slag for å segla i mål. Me kom i mål rett bak Vito4 og Storm, men før Obelix.

X-faktor sitt spor frå Marinetraffic

Dett skulle halda til 2.plass i DH-klassen etter Dehler 29, Erlingen.
Overall vart det 4.plass. Sjå resultatlista

Eg har laga ein YouTube video frå starten og fram til Fluholmane. Hadde ikkje tid til å byta kamera eller setja inn nye batteri. Det var litt synd.







Skifte av tetningar på segldrevet

Eg har hatt ein mistanke om vatn i girolja på SD20 segldrevet ei stund. No hadde det vorte meir tydeleg, og eg fekk avtale om å koma til Bildøy Båt og Motor onsdag  4.oktober 2023. Eg segla sørover Hjeltefjorden tysdag 3.oktober i frisk SV/V vind og var framme på Bildøy kl. 19.30.

Onsdag morgon vart X-faktor løfta på land, pakningane vart skifta og akslingen vart pussa. Jobben var gjort kl. 12, og X-faktor vart sjøsett igjen. Medan båten sto på land fekk eg gå over undervass-skroget med 400 pussepapir slik at bunnen var glatt til Windjammer som skulle seglast laurdag.





søndag 1. oktober 2023

Høststormseilasen 23. og 24.september 2023

X-faktor deltok i Høststormseilasen 23.og 24.september 2023. Nytt i år var start i Mangersfjorden, sør for Toska, laurdag. 30 båtar var påmeldt. 7 båtar i doublehandedklassen der X-faktor deltok. Torkjell var mannskap. 

Det var meldt vestleg frisk bris laurdag. Me hadde ein god start kl. 12.00 (sjå video under). Det vart litt trangt om plassen, og me måtte ta nokre slag for å få fri vind. Etterkvart kunne me segla nordover for babord halsar med stikk i skjøtet. Hadde god fart i båten. Etter runding av Kyrkjeflua vart det full kryss ei stund. Etter runding av Mikkelsbåen, Rongevær, var det store bølgjer , og me segla litt nordaustover før me kunne falla av litt og setja spinnaker. Dette gjekk fint, og me segla i stor fart inn mot Hillesøyflua. Var oppe i 10,6 knop i ein surf. Ved Hillesøyflua jibba me og segla mot mål innom Vardetangen. Etter Storestonga vart vindvinkelen skarpare, men det minka litt på vinden. Me greidde med nød og neppe å stå med spinnaker heilt til mål. Me var nøgde med seglinga, og det vart 2.plass i doublehanded-klassen etter "Ren Glede", men før Levens som kom på 3.plass.

Søndag gjekk starten kl. 11.00 ved Vardetangen. Det var meldt sørleg vind opp i 11 m/s med vindkast på 14 m/s. Me starta med hardværsfokk og fullt storsegl. I startområdet låg vinden på ca. 6 m/s. Spinnakerstart. Me hadde god kontroll på starten, og eg trur me vart første båt over startlina og med dei første som fekk opp spinnakeren. No segla me mot Hillesøyflua, og det vart ein jibb på veg dit. Ved Hillesøyflua tok me ned spinnakeren og segla slør mot Mikkelbåen. Vinden tok seg gradvis oppover når me nærma oss runding, og me tok eitt rev i storseglet. Låg bra an i feltet når me kom til Mikkelsbåen. No vart det kryss innover mot Kyrkjeflua, og deretter kryss vidare til mål ved sørspissen av Toska. Vinden varierte mellom 7 og 12 m/s og ute i Hjeltefjorden var det mykje bølgjer. Me valde å halda oss nær Austrheimlandet, Marøylandet og Toskalandet.

Spor søndag

Me sleit litt med å få fart i båten i denne vinden og med dei bølgjene. Hadde også stor avdrift. Me lurte i ettertid på om det hadde vore betre å segla med 3'ar og 2 rev i storseglet. Det vart 3.plass i Doublehandedklassen søndag etter Ren Glede og Levens. Levens var 19 minuttar før oss på korrigert tid. Dette gjorde at me vart nr. 3 i DH-klassen samanlagt.

Takk til Torkjell som var mannskap.

Flott arrangement av Nordhordland seilforening i år, og Kilstraumen brygge leverte som vanleg.

Resultatliste

                                              Video frå starten laurdag


Start laurdag ved sørspissen av Toska

I Kilstraumen

Start søndag ved Vardetangen



X-faktor nærmar seg Hillesøyflua søndag (??)

Runding Hillesøyflua søndag. FS2 og X-faktor



Start søndag. X-faktor heilt til venstre

mandag 4. september 2023

Askeladden 2. og 3.september 2023

X-faktor var med på Os seilforening sin regatta ASKELADDEN 2. og 3.september. Me segla i doublehanded-klassen og Wenche var mannskap. Berre 13 båtar var påmeldt, og av desse var 7 i DH-klassen. Me segla sørover Hjeltefjorden og heilt til Bergens seilforening fredag 1. sept. om ettermiddagen. Fin nordavind, og dette gjekk unna på 4 timar med berre storseglet oppe.

X-faktor i Bergens seilforening fredag kveld.

Laurdag segla me vidare til Blia der starten skulle gå kl 11.00. Løpet som skulle seglas var til merke Gulholmflu, vidare bort til Austevoll og til mål utanfor Våge på Tysnes. Roleg NV vind i starten. Me kom greit avgårde og fekk opp spinnakeren. Me valde å segla nært Skorpo. Det gjekk flott ei stund, men vinden minka der. Båtane som gjekk lenger ute i fjorden gjekk betre. Etter runding Gulholmflua var det bidevindsseglas bort mot Austevoll. Rundingsmerket låg lenger sør og vest enn det som viste i seglingsbestemmelsane, men me kom oss rundt. No var det strake vegen mot Våge. Vinden var oppe i 7 - 9 m/s og litt skarp vindvinkel + bølgjer til å begynna med, så me utsette å setja spinnaker. Etterkvart kom spinnakeren opp og med segla i mål med den oppe. Det vart etterkvart nesten platt lens.

Laurdag kveld var det middag og premieutdeling i Naustet hos Mandelhuset. God stemning.

Søndag kl. 11.00 skulle starten gå ved Fluøyane utanfor Våge. Sjølv om yr.no meldte 6 m/s frå sør, var det heilt vindstille. Tida gjekk, og starten vart til slutt flytta litt sør for holmane. Når starten nærma seg var vinden oppe i 8 - 9 m/s og me fekk ikkje med oss at startprosedyren vart sett i gong. Me segla litt bort frå startlina for å halda litt avstand. Me fekk ikkje med oss noko signal eller flagg. Når me såg at det såg ut som om starten hadde gått, segla me etter.  No skulle me segla til runding i Strøneosen, vidare til runding ved Bleikjo utanfor Kolbeinshamn, og til mål i Strøneosen. Igjen var me forsiktige med å setja spinnaker. Fekk den opp ved Røtingtangen. og segla spinnaker til merkerundinga i Strøneosen. No var det skarp kryss mot Bleikjo. Vinden kom etterkvart opp i vel 7 m/s. Hadde god høgde og nokonlunde god fart. Etter eit par slag runda me merket, og kunne setja kursen mot mål i Strøneosen. Me sette ikkje spinnaer på dette legget, men var likevel oppe i 8 knop . Vinden var oppe i 10 m/s. Det regna mykje på søndag. Etter målpassering segla me til Bergens seilforening der me overnatta til mandag. Mandag føremiddag segla me tilbake til Manger.

Med forsiktig segling vart det ikkje noko topplassering på oss. Me vart nr. 6 i DH-klassen der det var 6 båtar som stilte opp. Av alle båtane vart me nr. 8. Det gav likevel gode poeng i Vestland Cup for Tur&Hav 2023.

Her er resultatlista




søndag 20. august 2023

Resutater Askøy rundt 2023

Her er resultatlista for Askøy rundt 2023.

Laurdag vart X-faktor nr. 2 i DH-klassen etter Shiraz. X-faktor hadde nest beste korrigerte tid av alle deltakande båtar.

Søndag vart X-faktor nr. 5 i DH klassen. 6. beste korrigerte tid av alle deltakande båtar.

X-faktor vart dermed nr. 3 samanlagt i DH-klassen etter X-35 Zefyr-3 og X-35 Asterix.

Dette må me vera nøgde med. Takk til Wenche som var makker.

Resultatliste Askøy rundt 2023

Rett før målgang laurdag ved Herdla. Foto: Stein Arne Kvåle




På veg heimatt nordover Hjeltefjorden etter regattaen. 


fredag 18. august 2023

X-faktor klar for Askøy rundt 2023

49 båtar er påmeldt til Askøy rundt 2023, 19. og 20.august. 13 båtar i doublehandedklassen og 2 i singlehanded.

X-faktor stiller i doublehandedklassen med Wenche og eg som mannskap. Eg har tatt av rulleseglet, lazybag og dacronstorsegl og fått på det nyaste storseglet. Bunnen er kosta fleire gonger siste dagane.






mandag 29. mai 2023

Seilmakeren doublehanded 2023

Seilmakeren doublehanded vart arrangert 27. - 28.mai 2023 av Askøy seilforening.
X-faktor vart segla til Askøy på fredag der det var registrering og vaflar/kaffi.
Torkjell var mannskap også i år. Han kom laurdag morgon til skipparmøtet kl. 9. I år skulle me segla sørleg løp med runding Ramsholmane utanfor Ryvarden fyr. Alle var spente på været, og hadde brukt ein del timar på å studera værmeldingar i dagane før regattaen.
Starten skulle gå kl. 11.00 i Hauglandsosen. Det blas bra når me kom utpå. Me sette 2 rev i storseglet og 3'ar som forsegl. Ein del båtar segla også med #4 / hardværsfokk. Vinden var rett imot ca. 10-11 m/s, på det meste såg me 14 m/s på vindmålaren. Me hadde god posisjon rett før start ved styrbord merke, men Zorro kom bakfrå i stor fart og god høgde, og me vart pressa utanfor merket og måtte tilbake og starta på nytt.  Rett etter start slo me og segla deretter på vestsida av Skorpo og Færøyna. Det vann me på. 
No vart det kryssing sørover , under Sotrabrua, Kobbeleia, Lerøyosen, over Korsfjorden, gjennom Austevoll, Stolmasundet, over Selbjørnfjorden og vest for Slåtterøy fyr. Me var ved Trettholmen fyr ved Goddo, før me kunne segla med kurs rett sørover. Då slutta det også å regna , vinden roa seg litt og sola kom etterkvart fram. Det var godt ! Me var temmeleg slitne etter all kryssinga.  
På Raunefjorden (?) slitna strømpen på genoafallet med eit smell i avlastaren. Fallet var nytt for eit par veker sidan. Dette var ikkje bra. Genoaen seig stadig nedover sjølv om me strama fallet. Når med var ved Grøningen i Austevoll tok me ned genoaen og heiste den opp igjen med reservefallet (spinnakerbomopphalet). Det gjekk fint , og me segla med dette resten av regattaen. Innanfor Espevær bytta eg ut det ødelagte fallet med det gamle som eg hadde ombord. 
Sørover på vestsida av Bømlo gjekk det unna i god fart, me segla på innsida av Espevær og vidare til runding. Me runda Ramsholmane i halvtolv-tida om kvelden. Me hadde gjort det bra i høve til dei som segla Nyleia, og me var no på 3.plass i klassen etter dei to JPK 1030 båtane. 


Me segla strake vegen nordover og hadde bra fart i båten. Me hadde følgje av Kelso, Ventus og Vandal heile vegen. Ved Slåtterøy fyr sette me kursen mot Stolmasundet. Det har me tapt på før, men gjorde tabben igjen. I Stolmasundet var det omtrent vindstille. Hadde me vore obs kunne me ha sett dette på AIS'en til Vandal, og kunne ha segla på utsida av Stolmen. Det skulle koma ein vinddreiing no til NV, 10 m/s, men me hadde nok vore forbi Stolmen før denne kom. Me mista 3.plassen i klassen til Stormen på dette. Dei endra kurs og segla utom Stolmen.
Når nordvesten kom vart det stor fart gjennom Austevoll med litt mykje segl oppe. Kom oss greit gjennom ved Pirholmen og Krossnessundet. Målpassering var ved Klokkarvik. Me var i mål kl 07.18.22 laurdag morgon. Det held til 4.plass i klassen.
Her er resultatlista.  
Takk til Torkjell som jobba hardt. Torkjell fullførte med dette sin 13. Seilmakeren DH og eg fullførte min 16. Seilmakeren DH. Regattaen er arrangert 18 gonger.

Her er ein dronevideo frå starten + frå premieutdelinga: 










mandag 22. mai 2023

Hjeltefjorden shorthanded 21.mai 2023

Søndag 21.mai 2023 arrangerte Ran seilforening regattaen Hjeltefjorden shorthanded. Det er tredje gongen eg deltar på denne regattaen. Ein gong doublehanded med Eivind, og i fjor singlehanded. Eg meldte med på i singlehandedklassen i år også. Det var 2 deltakarar i denne klassen, og 9 deltakarar i doublehandedklassen. Værmeldinga gjekk ut på 3 - 4 m/s frå sørvest, dreiande vest i løpet av første timen.

Starten gjekk kl. 12.05, og eg kom godt ut i starten, men brukte litt mykje tid for å få opp spinnakeren.

Hadde gløymd å festa spinnakerbomopphalet. Helst skulle eg hatt festa spinnakerfallet og sett opp bommen før start, men eg måtte ta ein runde eitt minutt før start, så det hadde hadde vorte problemer.

No var det skarp spinnakerslør mot Rotøyane. Litt for skarpt til tider. Ved runding Rotøyane gjekk spinnakerjibben greit. No segla me innover mot Gulskjeret med spinnaker.  Tok veldig inn på dei fremste båtane på dette legget. Tok ned spinnakeren litt tidleg, men slik er det å segla åleine.

No var det kryss utover mot babordrunding av Rotøyane. Det gjekk fint i den svake vinden. Ved runding Rotøyane laga eg klart til å setja spinnaker inn mot mål i Anglevika. No låg vinden på 4 - 5 m/s, og eg såg på båtane framfor (Levens og FS 2) at det var skarpt, sjølv med gennaker. Valde derfor å segla med genoa inn til mål. Brukte 2 timar og 18 minutt på seglasen. Det vart seier i singlehandedklassen. På korrigert tid var X-faktor nr. 3 av alle båtane. Det er eg fornøyd med.



Runding Rotøyane andre gong





  



X-faktor sitt spor frå Marintraffic

X-faktor har fått opp spinnakeren rett etter start

fredag 19. mai 2023

Huftarøy rundt 2023

Huftarøy rundt vart arrangert av Os seilforening 18.mai 2023 med start kl. 11 i Strøneosen. X-faktor stilte i DH-klassen der det var flest påmeldte båtar, 11 i talet. Eivind var mannskap. Eg segla til Bergens seilforening 17.mai om kvelden, og overnatta der.  Eivind kom ombord der 18.mai om morgonen. Det var opp i 7 m/s motvind når me gjekk for motor til startområdet, og me hadde ikkje så god tid før start. Løp2 skulle seglast. Dvs start mot sør. Me hadde nok ikkje sett oss godt nok inn i kvar startlina var, og me hadde ikkje kontroll på startprosedyren. Dermed vart det ein litt dårleg start.

X-faktor langt bak i starten

Vinden var i starten frå aust ca. 5-6 m/s, og me segla slør i god fart over Bjørnafjorden mot Langenuen. Når me kom inn i Langenuen dreia vinden mot sør, og det vart kryss sørover langs Austevoll-landet, innom Tobbeholmane og vidare mot rundingsmerke Kalvsundboen. Det var motstraum og ein del bølgjer, og eg synes det var litt vanskelege seglforhold. Sporet frå Marinetraffic viser likevel at me kryssa bra . God høgde og fart. Me hadde ein litt dårleg periode ved inngang til Langenuen når vinden dreia, og det var lite vind ein periode. Etter runding av Kalvsundboen kom vinden opp i 7 - 8 m/s, og me måtte venta litt med å setja spinnaker då vindvinkelen var litt for skarp. Me segla litt opp før me fall av litt og sette spinnakeren. No segla me i over 7 knop mot Bekkjarvikbrua. Litt rotete vind rett etter brua. Me jibba, men fekk snurr i spinnakeren og jibba tilbake. No segla me i 7 - 8 knop mot Grøningen. Der jibba me , og segla deretter spinnaker på same hals heilt til merke Lindholmen rett nord for Hufthamar. Derifrå og til mål i Strøneosen var det slør i god vind og med fart på 7 - 8 knop. Me var i mål kl. 15.08.02 etter å ha segla i 4 timar og 8 minutt. Det held til 4.plass i DH-klassen ca 5 minutt etter Levens som fekk 3.plassen. X-yahts på dei 2 første plassane: X-35 på 1.plass og Xp38 på 2.plass. Gratulera til Håvard Espeset og Frode Haugland med overall-seier !

Resutatliste: http://www.os-seilforening.org/index.php/huresultater?view=resultat&regaid=HU-23

Spor frå Marinetraffic





søndag 14. mai 2023

Nordhordland seilforening sin Vårregatta 13.mai 2023

 13.mai var det klart for første klubbregatta i NHS.

Start kl. 12.00 på GPS tid i Bognestraumen, deretter nordover Mangersfjorden og runding bøye ved Trettholmen, deretter vestover til runding Kvernane NV for Skjelanger. Så er det runding Blodflua i Bognestraumen og til mål i Mangersvågen.

8 båtar stilte opp. 4 har Norrating målebrev, og 4 i turklasse. X-faktor vart segla singlehanded.

Det var ingen vind når X-faktor kom inn til startområdet kl. 11.20. Når starten gjekk var det 1 - 1,5 m/s frå NV. Det var lite vind til me kom ut i Hjeltefjorden og segla mot Kvernane. Då kom vinden opp i 5 - 6 m/s frå NV. Denne vinden held seg til mål, men det var litt mindre vind inne ved Blodflua.

Eg valde å segla med Genoa 3 på grunn av at det var meldt opp i 5 - 6 m/s. Dette var for lite segl første del av regattaen, men eg synes X-faktor seglar utruleg godt med denne nye 3'aren. Shiba Juvel, Dehler 46, runda først ved Trettholmen, deretter X-faktor og Sheeba II. På legget mot Kvernane segla Shiba Juvel litt frå meg. Shiba Juvel segla uten genaker inn mot Blodflua, og X-faktor , som segla med spinnaker, tok omtrent igjen Shiba Juvel når me runda der. Sheeba II venta lenge med å få opp spinnaker, og kom litt på etterskot. På legget frå Blodflua og til mål i Mangersvågen var det flotte kryssforhold. Shiba Juvel segla litt frå meg her.

X-faktor med spinnaker mot Blodflua. Shiba Juvel kan sjåast lenger framme. Eg nådde igjen Shiba Juvel ved Blodflua.

Her er resultatlista:



X-faktor sitt spor på Mainetraffic.

X-faktor på veg mot første merket. Foto: Torleif Johnsen


YouTube video frå regattaen: 



torsdag 11. mai 2023

Ny ledeblokk på babord side

Eg skifta ledeblokka på babord side 5.mai i fjor. Kjøpte då ny frå OH Marine i Danmark, lik den som var der frå før.  No var trinsa til genoafallet heilt utsliten, og eg måtte ha ny.

https://x-faktornor9341.blogspot.com/2022/05/ny-ledeblokk.html

Denne gongen har eg kjøpt ei Selden ledeblokk hos Seilmaker Iversen. Håper den varer mykje lenger.



lørdag 6. mai 2023

X-faktor sjøsett fredag 5.mai 2023

Etter litt over ei veke på land vart X-faktor sjøsett fredag ettermiddag, 5.mai. Det var kaldt og mykje nordavind første dagane, men det vart betre etterkvart. Bunnen vart vasslipt med 400 papir. Skutesidene vaska, polert og voksa med Jotun sine produkt. Påførte 2 strøk med VC17m. Tidlegare var dette VC 17m Ekstra. Synes det var litt lettare å jobba med. Håper det er like bra som før. På roret har eg 3 strøk med Jotun Hard Racing. På drevet og rundt rorstammen Jotun drevspray. Propellen er pussa blank. Her er YouTube video frå båtpussen: 







lørdag 29. april 2023

X-faktor på land for vårpuss

 X-faktor vart tatt på land onsdag 26.april for vårpuss. Bunnen er vannslipt, og skutesidene er polert og voksa.



søndag 12. mars 2023

Regatta ISBJØRNEN laurdag 11.mars 2023

X-faktor vart påmeldt Bergens seilforening sin regatta ISBJØRNEN. Eivind kunne vera mannskap, og eg meldte på i Doublehandedklassen.

Fredag 10.mars segla eg frå Manger til Bergens seilforening. Eivind kom laurdag morgon. Etter registrering kl. 9, var det eit kort rormannsmøte kl. 9.30. Etter det laga me klart for å segla ut.

Eg måka snø av båten kl. 7.30, men det kom stadig nye snøbyger, så det vart ytterlegare 2 rundar med snømåking.

Det var påmeldt ialt 16 båtar, men det vart stort fråfall, og berre 8 båtar kom til start. I DH-klassen var det Kelso og X-faktor. 

Starten skulle gå på Raunefjorden kl. 11, men vart av ein eller anna grunn utsett til kl. 11.30.  No skulle me  segla rundt Raunane, sørover Lerøyosen, rundt Kyrholmen, og rundt Blia og i mål i Bjelkarøyosen.

X-faktor hadde beste starten og var ført over linja. Dei fleste båtane segla med Genoa 1. X-faktor segla med Genoa 3. Det vart meldt vind frå NV med kraftige vindkast i bygene. Værmeldinga stemte ikkje i starten og første del av regattaen. Det vart bidevindsseglas heilt til Kyrholmen. Først i feltet låg Amaryllis og Sheep Dip. Kelso låg som nr. 3 og X-faktor som nr. 4. Kelso drog litt ifrå på vegen mot Kyrholmen, og dei kom seg greit rundt holmen. X-faktor fekk omtrent vindstille rett før Kyrholmen, og deretter svak vind frå NV. Me fekk opp spinnaker og kom oss rundt Kyrholmen. Me skulle tatt ned spinnakeren før me kom rundt holmen, for der auka vinden kratig på. Me måtte falla av, og få ned spinnakeren. Det gjekk fint, og no segla me med 3'ar og fullt storsegl mot Blia. Det gjekk i opp mot 7 knop i ca. 6-8 m/s vind.

X-faktor på veg mot Blia. Foto: Ulv Hjellestad ombord i FS2

Når me hadde runda Blia, kunne me stå høgare med retning mot Korsneset. No auka vinden på til 10 - 11 m/s. Plutseleg såg eg at  det rauk og fauk ved Korsen, og vinden kom opp i 16 m/s ei lita stund. Storseglet rivna. Nei og nei (det var det gamle storseglet). Me vart litt stressa og tok ned genoaen. Det roa seg litt etter kvart og me fekk ei kraftig snøbyge på oss. Sikten var under 100 m. Me prøvde etterkvart å få opp igjen 3'aren, men det blas såpass mykje at me hadde problemer å få den inn i sporet. Me gav opp, og segla i mål med rivna storsegl. Kelso vann sjølvsagt DH-klassen, og hadde beste tid av alle båtane. Gratulera!     

Her er eit foto frå målgangen til X-faktor.





X-faktor sitt spor på Marinetraffic



Søndag morgon i Bergens seilforening. Meir snømåking.


Mot Manger i Heltefjorden

Makspower LifePo4Lithium forbruksbatteri

X-faktor har hatt 2 stk. Biltema AGM-batteri på 70 aH kvar som forbruksbatteri. Desse sette eg inn i båten i April 2012. 

No var tida inne for å skifta til Lithium forbruksbatteri. 

Eg valde eit Makspower 100AH 12 volt LifePO4 Batteri BMS 150 ampere Mini. Størrelsen på dette batteriet er omtrent som dei gamle batteria. Dermed får eg plass til endå eitt 100 aH lithium batteri dersom det er trong for det. 

Eg måtte skifta ein del andre ting i samband med overgang til Lithium. Eg har tidlegare skifta solcelleregulatoren til ein Victron Smartsolar MPPT 75/15, og installert Victron Batterimonitor.  Skillereléet som eg hadde måtte også skiftast. Her har eg kjøpt ein Victron Argofet 100-2 2. I tillegg måtte landstraumsladaren skiftast. Her har eg kjøpt ein Victron Blue Smart IP65 12 volt ladar , 15 Ampere.

Eg er so heldig å ha Eivind som mannskap, og han har kunnskap og ferdighet til å skifta alt dette. 

No er alt på plass, og det fungerer fint. Vert spennande å sjå korleis dette fungerer i praksis.

Det nye forbruksbatteriet, og startbatteriet som er eit 60AH AGM-batteri. (Eg skal laga nytt festepunkt for stroppen)


Den nye landstraumladaren

Victron Argofet før den vart kobla til.