mandag 8. november 2021

X-faktor gjennom 2021


Klipp frå videoar og bilder frå 2021 frå sjøsetjing 17.april til opptak av båten 20.oktober.
Klipp/bilder frå:
NHS Treningsseglas 4.mai, 
NHS Vårregatta 8.mai
Stord shorthanded 15.mai
Seilmakeren Doublehanded 22. og 23.mai 2021 Hjeltefjorden shorthanded 30.mai 2021 NHS Holsnøy rundt 5.juni 2021 Stord rundt 12. og 13.juni 2021 Shetland Race Corona edition 26.juni 2021
Bilder frå sommarturar
NHS Sommerregattaer 22. og 23.august 2021 Høcom Bergen singlehanded 11.september 2021 NHS Høststormseilasen 18. og 19.september 2021

Gløymde å ta med bilde frå Huftarøy rundt 13.mai. Her er dei:
Me har passert Tobbeholmane som båt nr. 2. Løpet vart avkorta ved Kaløyflua
.



mandag 1. november 2021

X-faktor løfta på land på Litlebergen 30.oktober 2021

Då er X-faktor sett på land for vinteren.  Står godt på Litlebergen. I tillegg til krybba mi, har eg lånt 3 støtter. 

Bunnen vart skrubba + litt vannsliping på laurdag når båten vart tatt opp. Det var ingen groe, ru eller blåskjel under. Litt belegg på propellen. Motoren vart kjørt med ferskvatn, og til slutt 50/50 ferskvatn og frostveska. Har kobla til straum og har sett på avfuktaren.

Søndag vaska eg skutesidene og tok av ein del tauverk. 

Mandag tok eg av sprayhooden og tok på presenningen frå masta og bakover. Alle fall vart trekt inn i masta.

Presenningen framfor masta kom på tirsdag. Har også plan om å skifta girolja på drevet. 


Presenningen på 

Bunnen er blank


tirsdag 26. oktober 2021

Klargjering til båtopptak 30.oktober

 X-faktor vert tatt på land på Litlebergen denne vinteren også. Det var litt sutalaust å ha båten på land der inne sjølv om det er lenge, og eg får ikkje høve til å segla Neglespretten i byrjinga av januar.

Eg har tatt heim alle puter og forskjellig. I dag har eg skifta motorolja og oljefilter. Har også vaska båten innvendig. Vasstank og septiktank er gjort rein. 









Vasstanken eg gjort rein











                                                               Rein motorolja på peilepinnen.

fredag 8. oktober 2021

Nr. 11 på Shorthanded-rankinga etter 2021-sesongen.

Etter ein god sesong er no shorthanded-rankinga publisert på Seilmagasinet.

Regattaene som gav poeng i 2021 var:
3.plass i Huftarøy rundt ( DH med Eivind)
2.plass i Stord shorthanded (singlehanded)
1.plass i Seilmakeren doublehanded ( DH med Torkjell)
5.plass i Hjeltefjorden shorthanded ( DH med Eivind)
1.plass i Stord rundt (DH med Eivind)
5.plass i Shetland Race Corona Edition (DH med Eivind)
1.plass og overall-siger i Høcom Bergen singlehanded

Etter Shetland Race Corona Edition som Willy Forland vann, gjekk han forbi meg på rankinga. Willy er knappe 20 poeng framfor meg på ein 10.plass. Thomas Robberstad frå Stavanger har falle frå ein 3.plass på lista i fjor til ein 12.plass i år. Me er dei 3 høgast ranka seglarane utanom austlendingane.

 https://www.seilmagasinet.no/shorthanded-ranking-shorthanded-seiling/yngve-lonmo-overvintrer-trygt-pa-topp/736065

Eg gjekk glipp av Askeladden som Os seilforening arrangerte. Den var ikkje oppført i lista over teljande regattaer før kort tid før regattaen. Kunne ha fått nokre poeng der.

X-faktor under Høcom Bergen singlehanded 11.september 2021



tirsdag 21. september 2021

Vedlikehald på motoren

 Tirsdag 14.september 2021 hadde eg avtale hos Bildøy Båt og motor på Bildøy. Det var litt sot rundt dysene. Det hadde også kome litt rust i sveisen på eksosbendet som eg skifta i 2019. Ville også at dei tok ein sjekk på varmevekslaren.

Eg fekk faktisk nytt eksosbend + pakning på garantien. Eksosbendet skal sjekkast kvart andre år, og skal skiftast etter 4 år. Dette var 2 år gamalt, og Yanmar Norge innvilga nytt eksosbend til meg. Det var bra.

Dysene vart tatt ut. Det vart gjort reint, dysene testa og det vart skifta koparpakningar og flammepakningar.  


Varmevekslaren var fin. Skifta pakningar i kvar ende.


Dette vart bra. Motoren går veldig fint, og det vart no mindre lukt i motorrommet.



søndag 19. september 2021

Høststormseilasen 2021

Nordhordland seilforening arrangerte Høststormseilasen 18. og 19.september 2021.

Heile 32 båtar var påmeldt.

X-faktor segla i doublehandedklassen der det deltok 9 båtar. Takk til Eivind som var mannskap.

Me hadde ein god start på laurdag. Det vart spinnakersegling til etter runding Mikkelsbåen. Deretter vart det 3'ar innover til Hillesøyflua og vidare til mål i Moldøyosen på Fedje. Me hadde god fart i båten heile dagen. Jaja, hadde ein dårleg jibb rundt Kyrkjeflua der spinnakeren snurra seg rundt forstaget. Tapte eit par minuttar på det. 

Søndag var det start i Moldøyosen med ei startline som klart favoriserte styrbord merke. Me hadde ein plan, men var for seint ute. Det vart tett med båtar og me måtte slakka segla for å ikkje segla inn i Shiraz rett før start. Det vart tett med båtar også etter starten , og me skulle absolutt ha slått oss inn mot Fedje-landet så snart som mogeleg. Det gjorde me ikkje, og vart liggjande i dårleg vind mot Kyrkjeflua. Frå Svartskjeret og over til Rubbeganståna var vinden oppe i 10 m/s og det vart krappe bølgjer. Eg greidde ikkje å halda god nok fart heile tida på dette legget. Når me kom til Rubbeganståna slo me oss sørover land Øygards-ladet til me nærma oss Sture-terminalen. Hadde gode kryssvinklar her.. No skulle me segla aust for Mefjordbåen. Det minka på vinden og det var sterk straum imot, men me kom oss i mål ved Herdla-brua.

Her er resultatlista  . X-faktor vart nr. 2 på laurdag ( etter Shiraz) og nr. 3 på sundag (etter Levens og FS2). Totalt vart dette 2.plass etter Levens som vann DH-klassen.

Vind opp i 10 m/s på sundag.   Link til video : https://youtu.be/TEVworEPb3k






Spor laurdag frå Marinetraffic

Spor søndag del 1

Spor søndag del 2

mandag 13. september 2021

Høcom Bergen singlehanded 2021 - Overall-siger !

 


Høcom Bergen singlehanded vart arrangert laurdag 11.september 2021. 45 båtar var påmeldt. 32 av båtane var påmeldt i klasse med spinnaker. Her var også X-faktor påmeldt. Når startlista kom var denne klassen inndelt i 3 klassar: Rating opp til 0,920, rating 0,921 til 1,000 og rating 1,001 og over. X-faktor  har 0,945 i rating og var i mellomste klassen, der det var heile 17 båtar.

Værmeldinga varierte ein del i dagane før regattaen. Laurdag morgon vart det meldt litt mindre vind ved Marstein fyr enn kvelden før, 5 - 6 m/s frå sør. Inne i startområdet var det meldt 3 - 4 m/s frå sør. Me visste framleis ikkje kva for løp som skulle seglast, men eg måtte gå for genoa 1 som forsegl. 

Starten skulle gå kl. 11 i Bjelkarøyosen. Løpet som skulle seglast var LØP 2 "Austevoll rundt". Klassane uten spinnaker og uten målebrev svart sendt avgårde kl. 11.00. Spinnakerbåtane starta kl. 11.10. Det var mange båtar og trangt om plassen.  Å segla att og fram med genoa 1 før start krev merksemd, og eg trekte meg litt bakover. Det var regn og skodde. Det vart ein dårleg start. 

Rett etter start ved Bjelkarøy. Korsneset i bakgrunnen.

No skulle me segla utover Korsfjorden og runda Marstein fyr. Rett etter start ligg det eitt fiskeoppdrett der me skulle segla. Nokre av båtane segla på nordsida av oppdrettet. X-faktor, og dei fleste andre, segla på sørsida. Eg måtte ta eitt slag når eg nærma meg oppdrettet. Når eg skulle runda den sørlegaste bøyen på oppdrettet var det ein voldsom motgåande straum, og eg måtte ta eit par kjappe slag for å koma rundt. Uff, dårleg ! No sette eg kursen mot Kleppholmen for å segla langs Sund-landet. Det gjekk bra unna med stikk i skjøtet. Båtane som hadde gått nord for oppdrettet måtte ta eit slag når dei nærma seg Sund-landet. Ved Kleppholmen segla Gleden og X-faktor side ved side. Levens var eit godt stykke framom.  Når me nærma oss Marsteinen auka vinden og var oppe i 7 m/s. Det gjekk greit med seglføringa. Gleden hadde no falle litt bak etter å ha prøvd seg med ein liten gennaker. FS2 låg rett bak X-faktor.  Når eg slo etter å ha passert Marsteinen kryssa FS2 framfor X-faktor. No var det full kryss innover Møkstrafjorden til neste rundingsmerke - Terneskjeret.  X-faktor gjekk som ei kula innover i 6 m/s , og eg trong ikkje å slå på dette legget. Fleire av båtane måtte ta eit par slag for å stå innover. 

X-faktor sitt spor på RaceQs. Blå farge 4,0 til 4,9 knop, grøn 5,0-5,9 knop, gul 6,0 til 6,9, orange over 7 knop

Når eg nærma meg Terneskjeret gjorde eg klar for setjing av spinnaker. Me skulle då segla mot Pirholmen på sørsida av Ståløya.  Ved runding Terneskjeret var vinden ca 5,5 m/s og sann vindvinkel ca. 140 grader. Eg fekk spinnakeren opp og segla mot Pirholmen i opp mot 7,5 knop. Vidare mot Austevollsbrua og Krosshamn vart det mange spinnakerjibbar for å halda fart i båten i den minkande vinden. No hadde eg kontakt med dei større båtane, og fekk større avstand til båtane bak. Over Korsfjorden mot mål i Bjelkarøyosen hadde eg god sikt til Levens og Tigergutt som var framfor meg, men har høgare rating. Eg følgde dei mot Korsneset der me tok siste jibben før me segla mot mål.


X-faktor nærmar seg Krosshamn i Austevoll.  Foto: Morten Fotland

Siste stykket mot mål minka vinden og var vel eit par gonger nede på 2 - 3 m/s. Eg var i mål etter å ha segla i 4 timar 50 minutt og 32 sekund. Kunne dette halda til ei god plassering? Eg var lika gira etter målgang, og kunne ha segla løpet ein gong til.

Det vart klassesiger og beste tid av alle båtane. Ca. Kl 19 laurdag kveld var det premieutdeling i Bergens seilforening sine lokaler. Det vart pokal, og Wollert A Hvide sin minnepris for beste tid. I tillegg ein kjempeflott gåvepremie frå Høcom Norge. 

Dette var litt av ein dag. Dette var 11. gong eg deltok og fullførte Bergen singlehanded. I fjor hadde eg 2.plass i klassen, og toppa det med seier i år. Takk til Bergens seilforening for flott arrangement. Resultatlista finn du her.

Premieutdeling

Det kjem YouTube video når eg kjem meg heim og får redigert GoPro opptaka. Har opptak frå deler av heile regattaen.




fredag 2. juli 2021

Shetland Race Corona Edition 26.juni 2021

 26.juni 2021 segla Eivind og eg Shetland Race Corona Edition.

Starten gjekk ved Flatevossen utanfor Hjellestad kl. 10. 31 båtar var med. 14 i doublehandedklassen.

Me hadde ein god start og segla mot Raunane. Vidare skulle me sørover Lerøyosen og runda Blia. Det var meldt 1 m/s ved start, men det var 3 m/s frå sør. Me oppdaga rett etter start at genoaen ikkje var i sporet på forstaget den nederste 50 - 60 cm. Dette måtte me ordna. I første slaget nær Klokkarviklandet senka me ned genoaen og fekk den inn i sporet . Var raske å få den opp igjen og tapte ikkje så mykje på dette. No slo me oss sørover langs Lerøy . Segla bra her.


Når me kom ut på Korsfjorden dreia vinden, og me kunne etterkvart setja spinnaker og segla mot Blia. Me var veldig tidleg oppe med spinnakeren og segla forbi nokre båtar her. Me runda Blia rett før Tigergutt.

No segla me mot Kyrholmen i Austevoll. Det vart vanskeleg seglforhold med mykje vindskift. Eg trur at det som hadde vore smartast var å segla heilt bort til Sund-landet og kryssa langs land utover.

Me tok nokre slag langs Sund-landet ved Forlandsvågen. Deretter begynte vinden å dreia og me kunne stå utover fjorden. Skulle nok tatt eitt slag til form å halda oss nær landet.

Her er resultatlista. Det vart 5.plass på X-faktor. Levens vann suverent. Regattaen hadde høg vekting på shorthanded-rankinga, og Willy Forland overtok som høgast ranka i Vestland fylke. Gratulera til han !

Eg filma ikkje, og det vart heller ikkje tatt bilder under regattaen. Etter premieutdelinga segla Eivind og eg tilbake til Bergens seilforening. Eivind hadde båten sin, Piano, der. På søndag segla me nordover . Eivind mot Fedje og eg heim til Manger. Fin vestleg bris nordover Hjeltefjorden.



søndag 6. juni 2021

Regatta "Holsnøy rundt" 5.juni 2021 ombord i X-332 X-faktor



10 båtar stilte til start i NHS regattaen "Holsnøy rundt". Start kl. 11.00 GPS-tid i Bognestraumen.
Deretter rundt Skjelanger/Eldsneset, sørover gjennom Det Naue og Herdlefjorden. Rundt Galteneset, sørvestspissen av Holsnøy, og til mål ved Flatøy/Nordhordlandsbrua.
X-faktor vart segla singlehanded i dag. Det var meldt svært lite vind frå NV, dreiande nordlig.
Det vart grei vind. ca 3 m/s V/NV frå start. Sørover i Herdlefjorden auka vinden til 5-6 m/s frå NV.
Frå Galteneset til mål var det vanskeleg vindforhold, og lite /varierande vind. Her gjorde eg nok ein del dårlege valg, og segla ikkje så godt. 
Eg brukte 3 timar og 52 minutt på seglasen. Dette held til seier på korrigert tid. Var fornøyd med at eg greidde å halda First 36.7'ane bak meg på spinnakerlensen. Kilroy hadde eitt mannskap på 4.

Resultatlista:
 

søndag 30. mai 2021

Hjeltefjorden shorthanded 30.mai 2021

Eivind Tysse og skipparen segla Hjeltefjorden shorthanded søndag 30. mai 2021.  Det var meldt NV vind 6 m/s ved start aukande til 8 m/s med vindkast opp i 10 m/s. 

Eg valde å bruka FatFurl rulleseglet. Alternativet var å bruka 3'ar. 1'ar var uaktuelt.

Dette fungerte fint. Vinden var for det meste ikkje oppe i meir enn 7 m/s. Viktig å halda forliket stramt. Det sleit me litt med. 

Det vart 5.plass på oss i eitt tøft felt. 

Eg er no oppe på 5.plass i Shorthandedrnkinga, og på 2.plass i Årets shorthandedseiler.

https://www.seilmagasinet.no/shorthanded-ranking-shorthanded-seiling-arets-shorthanded-forening/knivskarp-konkurranse-i-toppen/725433





Resultatliste  Trykk på Fullstendig liste og deretter R1 for å sjå tidene.

tirsdag 18. mai 2021

Stord Shorthanded 15.mai 2021

10 båtar var påmeldt til Stord shorthanded 15.mai. 5 i doublehanded-klassen, 4 i singlehanded-klassen og 1 båt i turklassen.
X-faktor stillte i singlehanded-klassen.
Her er ein 15 minuttar YouTube-video frå regattaen.


X-faktor kom dårleg ut i starten:


Kom seg når me kom ut i fjorden og segla sørvestover mot Hjartholmen som var rundingsmerke.  X-faktor runda som båt nr. 3 etter Levens og Lyra.
Gjekk bra unna med spinnaker innover mot Klasen. Derifrå og inn til mål var det mindre vind, og eg skar for lite. Sea Girl - Comfortina 36 - segla forbi X-faktor og vann klassen. X-faktor på 2.plass.
Her er X-faktor sitt spor frå Marinetraffic.

Resultatlista finn du her.

Huftarøy rundt 13.mai 2021

Etter over-all seier i Huftarøy rundt i 2019 måtte X-faktor sjølvsagt vera med å segla Huftarøy rundt i 2021 i doublehanded-klassen. Eg segla til Vedholmen onsdag 12.mai. 


X-faktor i Vedholmen.

Eivind Tysse som skulle vera mannskap kom der neste morgon. 27 båtar var påmeldt. 18 i DH-klassen.

Starten skulle gå kl. 10.50, men det var ingen vind og starten vart utsett. Starten gjekk kl. 11.15 i svært lite vind. Me segla mot Austevolls-landet. Segla spinnaker no. Båtane var ganske samla når me nærma oss Tobbeholmane. White Shadow greide som første båt å koma seg avgårde.

Når me segla på innsida av Tobbeholmane låg me fremst saman med X-35 Stjernebris. Etterkvart greide me å siga frå dei. Det kom ein liten bris Me skifta til Genoa og kom oss avgårde.  Dette gjekk veldig bra, men me segla for langt ut i fjorden før me slo, og straumen tok oss.



FS2, Levens og Stjernebis segla nærare land og segla forbi oss.

Når me kom til Kalsundbåen vart løpet avkorta og dette vart målpassering. Me var rett bak FS2, Levens og Stjernebris som alle har høgare rating enn X-faktor. White Shadow hadde gått i mål 45 minuttar tidlegare.

Shiraz som har svært låg rating var i mål 25 minutt etter oss, men vann DH-klassen. White Shadow på 2.plass og X-faktor på 3.plass. Det må me vera fornøyde med sjølv om me kunne greid ein 2.plass med litt smartare segling på slutten. Her er resultatlista.


søndag 9. mai 2021

Nordhordland seilforening sin Vårregatta 8.mai 2021 ombord i X-332 X-fak...

Vårregattaen vart segla 8.mai 2021 på Mangersfjorden.
7 båtar var med. Starten gjekk på GPS-tid i Bognestraumen kl. 12.00. Deretter gjekk løpet nordover til Trettholmen/Toskavegen, så ut rundt Kvernane NV for Skjelanger, inn igjen i Bognestraumen og til slutt målgang i Mangersvågen. X-faktor brukte 2 timar 18 minutt og 33 seund på løpet, og var først i mål. Vinden var varierande både i styrke og retning. Vindstyrken varierte frå 0 - 6 m/s. Eg var i tvil om eg skulle bruka Genoa 1, men gjorde det, og det gjekk greit. Eg skulle også heist spinnaker på startskuddet. I og med at eg var åleine ombord gjorde eg ikkje det.  Det hadde nok gått greit å ha den oppe ei stund.
Filma under heile regattaen og har klipt til ein YouTube-video på 20 minuttar. Vert litt for spesielt interesserte, men gir eitt inntrykk av regattaen for X-faktor sin del.



Her er X-faktor sitt spor frå Marinetraffic. Løpet er ca. 12 nm.






Her nærmar båtane seg første rundingsmerke ved Toskavegen. X-faktor først, tett følgd av Dehler 46 Shiba Juvel.


Wenche tok bilde av X-faktor frå Toskavegen.

onsdag 5. mai 2021

NHS treningsregatta 4.mai 2021 ombord i X-332 X-faktor

Tirsdag 4.mai var det treningsreggatta i Nordhordland seilforening.  11 båtar stilte til start. Magne Iversen var mannskap ombord i X-faktor.  Me prøvde det nye storseglet.

Her er sporet frå Marinetraffic. Me brukte 57 minuttar på seglasen.


tirsdag 4. mai 2021

Elvstrøm Storsegl Aramid Sport Grå



Sette på det nye storseglet i går kveld. Skal prøva det på NHS treningsregatta i kveld.
Ser veldig bra ut.




 

fredag 30. april 2021

Nye avlastarar og ledeblokk

Har hatt mykje slitasje i avlastarane på storsegl- og genoafalla. Har derfor kjøpt nye EasyLock Midi avlastarar på babord side. Her var det ein enkel og ein dobbel avlastar.


Den enkle gamle avlastaren har eg montert på styrbord side for å få ein avlastar til cunninghamen.


Har også kjøpt ein 2.etasje på ledeblokka:









Nytt Elvstrøm storsegl

 Henta nytt storsegl hos Seilmaker Iversen i dag. Elvstrøm Aramid Sport Grå. Vert spennande å prøva.


onsdag 7. april 2021

Ferdig polert og voksa

 Ferdig polert med Jotun Marin polish og voksa med Jotun Hard wax fredag 2.april. No gjenstår bunnsmøring. Bilde er tatt av journalist i Avisa Nordhordland som laga reportasje om 2 av oss som pussa båt på Litlebergen i påska.