onsdag 24. desember 2014

God jul !

God jul til alle !  X-faktor har presenning på og det er tørt og varmt inne i båten. Straks over nyttår må presenningen av, og båten må gjerast klar til Neglespretten.

fredag 19. desember 2014

Påmeldt til Neglespretten 2015

Åsane seilforening arrangerer Neglespretten for 34.gong laurdag 10.januar 2015. X-faktor er allerede påmeldt med fast mannskap: Eivind Tysse, Torkjell Tolo, Magne Iversen og skipparen. Mogeleg me treng meir mannskap. Me får sjå korleis værmeldingane ser ut når det nærmar seg.
Her er link til påmeldte båtar på Åsane seilforening si side: http://aasane.no/regatta/paameldte.php?regatta=Neglespretten

Her er X-faktor og Tussi på veg sørover langs Askøy-landet under Neglespretten 2014.
 

søndag 30. november 2014

Presenningen er på

Siste seglturen i år vart ein tur bort i Ovågen i Øygarden søndag 16.november.

Fredag 28.november var Aage frå Seilmaker Iversen på Manger og målte lengden på forstaget. Eg har bestillt nytt rod-forstag inkl. ny profil og rull frå Facnor. Rullen var i ustand når eg kjøpte båten. Eg fiksa den litt provisorisk. Det har fungert, men eg har alltid måtta vera obs på at lina kunne gå nedom rullen og kila seg. Forstaget er no 16 år og er det einaste som ikkje er nytt på riggen.

Laurdag 29.november brukte eg fødselsdagen til å ta av storseglet og vaska båten på overbygg, dekk og i cocpit. Vaska også skutesidene og kosta båten under vannlinja (med microfiberklut).
Deretter var det på med presenning frå masta og bakover. Har tatt med heim mengder av tau som skal i vaskemaskina.


tirsdag 28. oktober 2014

Askøy Shorthanded 2014 er oppdatert med nye bilete.

Eg har fått ein del flotte bilete hos Trond J Hansen som han tok kort tid etter start på Askøy Shorthanded, eller Seilmakeren doublehanded som eg enno kallar regattaen.

Her er link til alle bileta:

https://plus.google.com/+HaraldMatland/posts/JBTvfVUw9gd

mandag 15. september 2014

Høststormseilasen 2014

13. og 14.september var det igjen klart for Høststormseilasen. 26 båtar var påmeldt og seglasen gjekk i år som i fjor til Skjerjehamn.
Det var rolige vindforhold laurdag og starten gjekk i ein SØ vind på 2 m/s. Denne vinden held seg til me kom nord til Marøy. Vinden dreia nok litt på sør. Ved Marøy vart det omtrent vindstille før det kom ein vestleg bris på 3 m/s. Me hadde ein plan om å gå nærast Øygardslandet. Denne følgde me ei stund, men var ikkje der når den vestlege vinden kom . Dette tapte me mykje på. I den vestlege vinden gjekk det fint for spinnaker ut rundt Mikkelsbåen og innover Fensfjorden. Løpet vart avkorta ved Vikingneset. Laurdag kom me på 4.plass i klassen etter FS2, Alna II og Gleden. Gleden slo oss med 8 sekund på korrigert tid.

Søndag var det meldt flott vær med sol og 5 m/s frå Nord ved Fedje. Starten gjekk i ca 3 m/s frå nord og denne vinden held seg sørover Mjømnesundet.

Når me nærma oss Vikingneset såg me at dei fremste båtane låg i vindstilla. Kva gjer me no? Det var viktig å koma seg nærast neset. No var det ned med spinnaker og opp med genoaen og me kryssa i svært lite vind mot neset. "Mad men" og "Flyfisk II" kom seg først forbi neset og kom seg utover Fensfjorden. Dei neste 3 båtane som kom seg forbi neset var Obelix, Ventus og X-faktor. Resten av feltet vart liggjande. Me rak utover Fensfjorden i 0,3-0,4 knop. Etter kvart kom det opp i 1m/s vind frå sør og me seig utover. No kunne me sjå at nordavinden kom lenger ute i fjorden. Obelix, Ventus og X-faktor fekk vinden omlag samtidig og me fossa utover mot Rongevær på full kryss, seinare med stikk i skjøtet i 5-6 m/s. Ved runding Mikkelsbåen var det opp med spinnaker og segla vidare mot Kykjeflua. Her vart løpet avkorta. Ventus var ca 2 minutt før oss i mål. Obelix 10 sekund før oss. På korrigert tid hadde me klasseseier søndag, og det held også til klasseseier totalt.
Takk til Wenche og Eivind som var mannskap.

Her er bilder:

https://plus.google.com/u/0/+HaraldMatland/posts/CWH6ZAeJD38

Resultatliste og tracking ( du må ha Google Earth) finn du her.

Henri Loyd Bergen Singlehanded


Henri Loyd Bergen Singlehanded vart arrangert 6.september. Det er 5. gangen denne regattaen vart arrangert og eg har deltatt alle 5 gongane. I år var 61 båtar påmeldt.
I år som i fjor vart regattaen prega av svært lite vind, og det vart mest reking utover Korsfjorden. Utom Marsteinen var det ein liten bris slik at me kunne segla spinnaker ut til første merke der regattaen vart avkorta. X-faktor var i mål som båt nr. 10. Det vart ein delt 11.plass i klassen. Me får prøva igjen neste år ! Takk til Bergens seilforening for godt vertsskap.
X-faktor nordvest for Marstein fyr.

Nordhordlandsbåtane X-faktor, Cermedez og FS2 er klare.

Vimpel for 5 fullførte Bergen singlehanded

mandag 25. august 2014

Mangersfjorden rundt 24.august 2014

Laurdag 23.august var det samlig for Nordhordland seilforening på Manger. Ikkje så mange som stillte opp: Cermedez med Morten og Steinar, Gamle svarten med Helge og Bente, Foxy med Jan-Åge og X-faktor med Wilgot, Wenche og eg.
Søndag var det klart for Mangersfjorden rundt. Då kom Mathilda med Bjørn, Helge og Arne for å vera med.
Gamle svarten er ikkje noko regattabåt, så då var me 4 båtar som starta.
Eg skulle segla singlehanded som trening til Bergen singlehanded. Det var meldt 12 m/s frå NV og dette stemte godt. Ikkje heilt ideelle forhold for singlehandedsegling, men ei lærerik trening.
Eg tok eit rev i storseglet før start og sette genoa 3. Det var grei seglføring for desse forholda.
Kom greit ut i starten som første båt.
Starten går!
Hadde eit dårleg slag og slo nok litt for tidleg fram mot første merke ved Toskavegen. Cermedez og Mathilda tok innpå meg, men eg runda som første båt. Ved runding sørspissen på Toska segla Cermedez forbi meg. Mot Kvernane var vinden oppe i 12 m/s og det var nesten full kryss. Cermedez drog frå, men avstanden bak til Mathilda auka nok litt.
Cermedez seglar forbi meg.
Jibben rundt Kvernane var litt dårleg planlagt og litt ukontrollert!
No var det full fart innover mot Bognestraumen i ganske store bølgjer. Loggen viste på det meste 9,8 knop og vinden var på meste oppe i 13 m/s. Mathilda var einaste båt som sette spinnaker. Eg segla autopilot og åt nistepakken.
Mot Bognestraumen bak Cermedez (Hurtigruta til babord)
Ved runding i Bognestraumen vart det kryssing mot mål i Mangersvågen. Vinden låg på opp mot 12 m/s.
Hadde nokre dårlege slag der båten nesten stoppa opp. Ikkje bra. Overstod også på siste legget og tapte mykje på det.
X-faktor sitt spor siste del av regattaen. Slo for sent inn mot mål i Mangersvågen.
Brukte 1 time 40 min og 51 sekund på løpet. Det held til 3.plass 50 sekund etter Cermedez og vel 4 minutt etter Mathilda.
X-faktor går i mål.
Meir bilder og resultatliste finn du her

tirsdag 1. juli 2014

2.plass i klassen på Shetland Race 2014

Etter klasseseier på etappen Bergen - Lerwick vart det til slutt 2.plass samanlagt på Shetland Race 2014.

Klasseseier på etappen Bergen - Lerwick med 40 minuttars margin til nr. 2. Mannskap: Eivind Tysse, Torkjell Tolo, Lise Iren Sandtorv og Harald Matland.

Nytt av året var at det var utlagt to rundingsbøyar etter starten i Lerwick. X-faktor hadde god start på babord merke og rundar her andre bøyen som båt nr. 3. 

Dei fremste båtane på veg mot andre bøyen. Frå venstre Gleden, Ranegutt II, Wasabi, X-faktor, Storm fighter og Tigergutt.

Her er masse bilder:  https://photos.app.goo.gl/1yQbzRRioc8mcnut7   

Skal skriva kommentarar på bildene men har ikkje fått tid enno!!

mandag 23. juni 2014

Klar for Shetland Race 2014

X-faktor er snart klar for Shetland Race 2014.
Starten går onsdag 25.juni kl. 13.00 ved Marsteinen.
Mannskap i år er Eivind Tysse, Torkjell Tolo, Lise Iren Sandtorv og skippar Harald Matland.
Me startar i Class 3, Fullt mannskap med NOR Rating 0,931 - 1,000.
Du finn meir opplysningar, instagrambilder, deltakarliste og etterkvart tracking her.
Retur frå Lerwick på Shetland er søndag 29.juni kl. 11.00 norsk tid.

søndag 1. juni 2014

NHS Vårregatta 2014

Søndag 1.juni var det klart for NHS sin vårregatta. Mannskap  var mannskapet som skal segla Shetland Race i år: Eivind, Torkjell, Lise Iren og skipparen.
Starten skulle gå kl. 12 men då var det igen vind. 4 båtar var i startområdet: Mathilda, Calypsoen, Steam og X-faktor. Kl. 13.40 kom vinden og regattaen starta ved Tjuvholmen. No var det kryssing nordover til Sæbøflua. Vinden starta med 3 m/s og auka til 6-7 m/s ute ved Sæbøflua. Det var god medstraum utover. Ved runding Sæbøflua var me raskt oppe med spinnakeren og segla innover mot Tjuvholmen. Ved runding Sæbøflua leda me med 5,5minutt på Mathilda. Det meinte me skulle vera nok til å leda på korrigert tid. Me valde å gå inn mot Meland-landet for ikkje å få så sterkt motstraum sørover. Det var nok ein tabbe for der var det lite vind. Me kom i mål etter 1 time 39 minutt og 53 sek. Frå Sæbøflua mot mål hadde Mathilda same farten som oss og slo oss med 1 minutt og 25 sek. på korrigert tid.

Resultatlista
Sporet vårt

Torkjell, Eivind  og Lise Iren

God medstraum i Bognestraumen ved veg tilbake til Manger.

lørdag 31. mai 2014

Huftarøy rundt singlehanded

Kristi Himmelfartsdag var det klart for Alutec Huftarøy rundt 2014. I år var det også klasse for singlehanded. I alt 39 båtar var påmeldt. 5 i singlehandedklassen.
Bjørn Rundhovde med Mathilda og eg segla til Bergens seilforening onsdag kveld og overnatta der.
På Byfjorden onsdag kveld

Segla vidare mot Os i halvni-tida torsdag morgon. Korsfjorden låg blank.
Korsneset
Mot Strønosen
Starten skulle gå i 3 puljar i Strønosen: Singlehanded kl. 10.30, doublehanded kl. 10.45 og båtar med fullt mannskap kl 11.00. Rett før start som gjekk kl. 10.35 etablerte det seg ein vestleg vind på 6-7 m/s. Me skulle segla løp 1, dvs mot Hufthammar fergekai, Grøningen. Bekkjarviksundet og norover Langenuen til Strønosen.
Eg kom litt langt sør på startlinja når skuddet gjekk. Me segla full kryss mot Austevoll. Miss Helen og Mathilda gjekk litt høgare enn X-faktor. Etter 5 -6 slag kom me oss rundt Lindholmen. Miss Helen først deretter X-faktor og Mathilda. Her var vinden nede i 4 m/s og X-faktor drog frå Mathilda. Mot Austevollsbrua gjekk det unna med stikk i skjøytet, men når eg nærma meg brua minka vinden og vart skarpare. Måtte ta eit slag for å koma meg under brua. Vidare måtte eg ta eit slag før Pirholmen. Deretter segla eg mot Grøningen i 3 m/s. No nærma Scirocco III seg som var i 2.start. Etter Grøningen romma vinden og eg var først oppe med spinnakeren. Tok mykje inn på Miss Helen som drøydde med spinnakeren. No gjekk det svært bra og eg var 2 minuttar etter Miss Helen under Bekkjarvikbrua. Derfrå vart det platt lens mot Kalsundboen. Jibba eit par gonger. Såg at Miss Helen hadde litt problemer før runding Kalsundboen, så eg tok ned spinnakeren. Tapte nok litt på det. Scirocco III segla forbi meg. Ved runding staken var eg raskt oppe med spinnakeren igjen og segla bra mot Tobbeholmane. Avstanden fram til Miss Helen var berre 3 - 4 minuttar. Hadde greidd å få god avstand på Mathilda så dette såg lovande ut.

Mathilda med mørk blå spinnaker har runda Kalsundboen.

Scirocco III med raud spinnaker. Tobbholmane til babord framme.
Scirocco III og mange andre valde å gå på innsida(vestom) Tobbholmane. Eg gjekk midt i fjorden og det såg ut til å vera det rette valet. Mathilda hadde først kurs mot innsida, men ombestemte seg og segla innimellom holmane og kom seg ut i fjorden. No kom vindstilla. Miss Helen låg fremst deretter X-faktor rett bak. Me var no fremst i feltet.
Mathilda greidde utruleg nok (Bjørn sin dyktighet !!) å halda litt fart i båten og Miss Helen, X-faktor og Mathilda var no samla fremst i feltet. Inne ved land hadde ein Dehler 38 som segla DH greidd å halda fart i båten og var no fremst i feltet. Etter kvart kom vinden igjen frå V/NV og vi segla mot mål. Dehleren først deretter Mathilda, X-faktor og Miss Helen.

Vinden kom igjen.
Dehleren fremst, deretter Mathilda.
Etter kvart romma det såpass at eg kunne setja spinnaker. Det vart skarp spinnakerslør mot mål. Vinden kom opp i 7 m/s.  Då var det fint med ein god autopilot. Det var så vidt eg stod opp til målstreken. Mathilda måtte ta ned spinnakeren og eg kom meg nokre sekund før Mathilda i mål - som båt nr. 2. Var i mål kl. 15.57.


Mathilda vann singlehandedklassen og hadde også beste overall-tid. X-faktor vart nr. 2 i singlehanded-klassen og hadde 3.beste overall-tid nokre sekund etter Match som segla doublehanded.

Me gjekk inn til Os seilforening etter seglasen til mat og premieutdeling.
Kom meg ikkje avgårde heimover før kl. 19.30. No var det nordavind og det vart motor heimover. Valde å gå kortaste veg - Hjeltefjorden. Det var nok ein tabbe då vinden var oppe i 8 - 9 m/s og mykje bølgjer. GPS-farten låg mellom 4 og 5 knop og eg var ikkje i hamna på Manger før kl. 02.30. Det var hardt å gå på jobb dagen etter !!

Her er AIS sporet

tirsdag 20. mai 2014

Seilmakeren doublehanded /Askøy Shorthanded Race 2014

Då nærmar det seg Seilmakeren doublehanded eller Askøy Shorthanded Race som det heiter i år.
Starten gåt fredag 23.mai om føremiddagen ved Ramsøy. Seglasen går i år, som dei forrige 3 åra, til Florø og tilbake til Askøy.
Makker på X-faktor er i år, som dei forrige 4 åra, Torkjell Tolo.
SISTE NYTT: Torkjell er sjuk og kan ikkje vera mannskap. Eivind Tysse steppar inn på kort varsel. Eg og Eivind har segla Seilmakeren doublehanded ilag i 2007, 2008 og 2009.

Det vert tracking og instagrambilder. Føl med på  http://www.seilmagasinet.no/regatta?regatta=1470

Askøy Shorthanded Race er både ein doublehandedragatta til Florø og tilbake og ein singlehandedregatta frå Askøy og ut til Fedje-området og tilbake. Singlehandedregattaen startar laurdag 24.mai.

Det er 40 påmeldte til doublehanded og 6 båtar til singlehanded. Litt skuffande få. Personleg kunne eg tenkt meg å segla begge regattaene, men det er umogeleg når dei går samtidig.
skipparen og Torkjell
 

Eivind steppar inn for Torkjell som er sjuk. Bildet er frå Shetland Race 2012 då  Eivind og eg segla doublehanded.

mandag 12. mai 2014

Jomfruturen 2014

Første regatta i Nordhordland seilforening - Jomfruturen - gjekk av stabelen søndag 11.mai med start kl. 12 ved Tjuvholmen. Mannskap var Ole-Helge Frotjold og skipparen. Ole-Helge var med for første gang. Yr hadde varsla lite vind og meldingane stemte godt. 7 båtar stillte til start. Om formiddagen var vinden bra, men når starten gjekk var det vel ca 1 m/s frå SØ. Starten gjekk mot SØ på vestsida av Tjuvholmen og me runda deretter Tjuvholmen og sette kursen mot Sæbøflua. Me kom nokonlunde ut. Var båt nr. 2 over startlinja. Ved runding Tjuvholmen var me raskt oppe med spinnakeren og var dermed først i feltet. Tvers for Hilland tok vinden seg litegrann opp og me fekk skikkeleg fylling i spinnakeren. Me hadde no god avstand til båt nr. 2 - Mathilda.

Nordover mot Sæbøflua. 4,2 knop på loggen og 1 knops medstraum.
Skipparen kjører spinnaker og lurer på om feltet tar innpå. På tide å kasta flisjakken??
Når me nærma oss Sæbøflua forsvann vinden heilt, 0 på vindmålaren. Me fekk ned spinnakeren og rak forbi flua. Fekk baugen mot sør og det kom ein liten trekk, nok til at båten so vidt gjekk på fram. Straumen drog oss likevel nordover. No hadde Mathilda, Cermedez og Elna nesten nådd oss igjen. Litt etter litt tok vinden seg litt opp og dreia på vest og seinare NV. Etter kvart kunne me setja spinnaker og var faktisk oppe i over 7 knop fleire gongen sørover Radfjorden. Vindretningen vart skarp fleire gongen så spinnakeren var ned og opp fleire gongen. Elna var nær ved å segla forbi oss ein gong, men då var me raske opp igjen med spinnakeren og stakk frå dei.

Her er me på veg sørover - ved Hilland. Mathilda med blå spinnaker. Cermedez og Elna som nr. 3 og 4. Lenger bak Steam, Calypsoen og ein Bavaria.
Etter vel 2 og ein halv times segling var me i mål ved Tjuvholmen ca 9 minutt før Mathilda, det held til 2.plass. Mathilda slo oss med ca. 5 minutt på korrigert tid.
Resultatlista kjem etterkvart på www.nordhordlandseilforening.org

lørdag 26. april 2014

X-faktor på Bildøy

X-faktor er på land på Bildøy for å bytta simmering på segldrevet. Samtidig har eg tatt vårpussen. No er båten polert pluss ein omgang med Jotun Hardvoks. I dag har eg fjerna gammal bunnsmøring på drevet, prima på nytt + ny bunnsmøring på drevet. Til slutt har eg påført 2 srøk med VC 17 bunnstoff. På mandag er det sjøsetjing.
X-faktor vert løfta på land torsdag 24.april. Svært lite groe.

Drevet er skrapt reint og påført ny primar, Jotun vinyl primer spray.

Deretter Jotun Aqualine bunnstoff for drev.

Vert blank og fin med Jotun Marine polish og Jotun Hardvoks (Nano). Eg brukar maskin til poleringa.

Her er påført 2 strøk med International VC17m bunnstoff.  Det er greit at det er lite vind når pulveret skal blandast i boksen. Det går med 6 stk. 0,75 liters boksar. Eg har ein halv boks igjen slik at eg får smurd under kjølen og der støttene er plassert når båten vert løfta ut igjen.

VC17 er litt spesielt å bruka. Mykje røring og risting av boksen er viktig. Påføring skal skje oppifrå og nedover. Ikkje rulling att og fram! 

mandag 21. april 2014

Segling på Mangersfjorden 2.påskedag 2014 - fleire bilete

Fotograf: Edvin Lie
X-faktor og Calypsoen på kryss nordover Mangersfjorden 2.påskedag 2014.
X-faktor med Genoa 1 Heavy. Den er 31,7 kvm, 2,4 kvm mindre enn Genoa 1 M/H.
Vinden er 6 m/s frå nord og eg seglar singlehanded.
Fotograf på desse 3 bileta: Kjell Hansen ombord i Calypsoen

Her har eg gått litt opp mot vinden for å venta på Calypsoen!


mandag 14. april 2014

Våren nærmar seg

Litt vårarbeid no.
Kontroll av redningsvestane. Dei er tette. CO2-patronene er sjekka og vegd  og eg har bytta utløysarmekanismen. 

Polering av cocpit. Dette vert reint og blankt !
 

tirsdag 8. april 2014

X-faktor i Seilmagasinet - Isbjørnseilasen April 2014





OVER ALL: Harald Matland (til rors) og mannskapet hans i X-FAKTOR tok over all-seieren i Isbjørnseilasen. (SEILfoto: Bergens Seilforening)

Sjå heile artikkelen her:
http://www.seilmagasinet.no/id/40926  Artikkelen er forsvunnet !