søndag 9. september 2018

Bergen singlehanded 2018

Laurdag 8.september var det klart for Bergen singlehanded. Eg segla til Bergens seilforening fredag.
38 båtar var påmeldt i forskjellige klassar: Norrating med spinnaker, Norrating uten spinnaker og turklassen. 2 båtar frå Stavanger og Utla frå Sogn og Fjordane deltok, elles var det lokale båtar frå Hordaland.
X-faktor stilte i Norrating med spinnaker. Denne var delt inn i 2 klassar: Opp til 0,969 i rating, og 0,970 og over.
X-faktor segla med SH målebrev som betyr 0,945 i rating. Me var 13 båtar i klassen.
Værmeldinga gjekk ut på svak vind. Først frå S/SØ seinare dreiande til NV. Løpet som skulle seglast var rundt Bleikjo ved Kolbeinshamn.
I starten var det ca 5 m/s. Startområdet i Bjelkarøyosen var litt trangt når me skal segla åleine. Eg var litt defansiv. Fekk surr i storseglskjøtet rett før start og rota fælt. Vart dermed litt seint ute, men fekk raskt opp farten.
Ein del av båtane stod rett forbi Korsneset, men dei fleste måtte ta eit slag for å koma forbi.
Det såg ikkje heilt bra ut, men etter å ha sett kusen sørover etter 2 slag kom eg betre ut. Eg segla mot Austevollslandet og det lønte seg nok. Nova (Wasa 38 med rating 0,946) og X-faktor segla side om side sørover og me kunne etterkvart stikka i skjøtet.
Før Bleikjo minka vinden og me måtte ta eit slag for å koma rundt holmen. X-faktor runda rett framfor Nova.
No var det opp med spinnaker og segla nordover. Dette varte ikkje lenge. Vinden dreia og kom imot. Ned med spinnaker og kryss nordover  i svak vind. Eg synes å sjå at det var mest vind på Os-sida og segla derfor i austre del av fjorden. Det viste seg likevel at vinden var betre i styrke og retning lenger vest.
Nova som hadde kome eit stykke bak segla på vestsida og når me nærma oss Korsneset låg me likt.
Silje, Sun Odysse 40, som hadde lagt fremst i vår klasse sleit litt i den svake vinden, ca 2 m/s, og me tok stadig innpå.
Når eg passerte Korsneset var Nova litt framfor, og i eit siste forsøk på å slå den sette eg spinnaker inn mot mål. Det var skarpt, men det gjekk. Nova sette då også spinnaker. Nova hadde litt betre vinkel å segla på, og slo meg med 1 minutt og 38 sekund. Silje slo Nova med 9 sekund. Mathilda som har låg rating låg heile tida bak i varierande avstand. I mål slo Mathilda X-faktor med 9 sekund på korrigert tid..
Det vart altså 4.plass i klassen. Her er resultatlista.
Eg filma litt under seglasen. Sette på kameraet før start og gløymde heile greia. Gjekk tomt for batteri når me nærma oss Bleikjo.