fredag 3. desember 2010

På med presenning


Tok på presenning frå masta og akterover i dag. Det er meldt litt regn og snø framover. Kan ikkje pakka båten for mykje inn, det er kun 1 månad til Neglespretten.

søndag 21. november 2010

Eksosgjennomføring for varmeapparatet



Har montert ny gjennomføring for eksosen frå varmeapparatet. Denne er tilpassa negativ hekk, det var ikkje den forrige. Ved montering såg eg at eksosslangen også måtte skiftast. Denne er no på plass. Greit å få slikt gjort i løpet av vinteren.

Posted by Picasa

lørdag 6. november 2010

Ny Genoa 1

Ny Genoa 1 frå Elvstrøm. Seglet er eit EPEX, M/H segl, dvs. medium shape og heavy aramid fibrar. Hadde seglet oppe i dag for å merka av kvar forsterkningane skal plasserast. Dette vert spennande å prøva.

søndag 31. oktober 2010

Sesongen er slutt

















Det ser ikkje ut som om det vert meir segling på ei stund, så i dag har eg tatt av segla og fått dei i hus. Det er vel berre å finna fram presenningen.
Magne hos Seilmaker Iversen har sydd trekk til å ha over ratt og pidestall. Det såg fint ut.
Eg vurderer å vera med på Nisseseilasen 4.desember, men vil sjå an kva vær det vert.

tirsdag 28. september 2010

Høststormseilasen 2010 til Skjerjehamn


Høststormseilasen 2010 fekk ein tøff 1.etappe. Vind opp i 18 m/s frå nordvest, og 2 - 3 meter høge bølgjer laurdag. Vi segla med stormfokk og 2 rev i storseglet. Dette fungerte fint, men vi fekk ikkje god nok høgde. Innover Fensfjorden var vi oppe i 13,3 knop i ein surf. Regattaen vart avkorta ned Vikingneset. Dette fekk ikkje vi med oss og kryssa oppover Mjømnasundet. Vi enda på 4.plass i klassen laurdag. Flott i Skjerjehamn. God mat og fin stemning. Søndag hadde vinden roa seg. Det vart kryss sørover Mjømnasunder og utover Fensfjorden. Frå Fedje og sørover vart det spinnakerseglas. Vi var i mål kl. 17.00 og tok 1.plass i klassen. Samanlagt vart det 3.plass i klassen.
Bildet er tatt av Jan-Vidar Nordstrand i FS2 rett etter start søndag. X-faktor med kevlar-storsegl rett til høgre for X-99'en X-track.







Posted by Picasa

torsdag 16. september 2010

tirsdag 14. september 2010

Bergen singlehanded

Posted by PicasaDet vart 4.plass i klassen. Flotte forhold. Vindstyrke mellom 3 og 7 m/s. Først frå SV seinare dreiande V og NV. Spennande med soloseglas. Brukte genoa 3. Det vart litt for lite i store delar av løypa. Spinnakerseglinga gjekk stor sett greit. Fekk bh andre gangen eg sette den. Båt og utstyr fungerte perfekt. Mannskapet gjorde ein del dårlege val undervegs som gjorde at me ikkje nådde heilt opp mellom dei beste i klassen. Dette freistar til gjentaking. Midt på bildet ser du X-faktor (litt langt borte). Klikk på bildet for å få det større. Fotograf Jan-Vidar Nordstrand.

onsdag 8. september 2010

Bergen singlehanded søndag 12.september


På søndag er X-faktor klar for Bergen singlehanded. Heile 38 båtar har meldt seg på regattaen som er ny av året. Sjå artikkel på Seilmagasinet. Bergens seilforening, som er arrangør, har laga 6 løpsalternativ, men muligheten for løpet "Vest i havet" er truleg stor. Dette løpet er 30 nm langt. Værmeldingane er enno litt usikre, men tyder på sørvestleg lett til laber bris og litt regn ved Marstein. Båtane (forhåpentlegvis alle) vil ha trackar ombord slik at dei kan følgjast frå PC'en heime. Føl med på Bergens seilforening si heimeside. Dette vert spennande. Bildet til venstre er tatt av Edvin Lie ein laurdag i juli i år då skipparen var ute og segla singlehanded. Eg fann bildet på Origo.

torsdag 26. august 2010

YouTube video frå Askøy Rundt 2010

Bilder som vart tatt frå startbåten. Frå 2.10 ser me X-faktor NOR 9341 som rundar bøyen på Storegrunnen og set kursen mot Jona. Tett felt!!

søndag 22. august 2010

Askøy rundt 2010

 
 
 
 
Me segla Askøy rundt 21. og 22.august. Lørdag var det meldt sørvest vind frå 8 m/s på Byfjorden til 13 m/s på Herdla.
Dette slo til. Vinden var i periodar endå sterkare på Byfjorden og utanfor Herdla var vindmålaren oppe i 15 m/s. Me hadde ein dårleg start og fekk det ikkje heilt til på krysslegget inn til Nordnes. Spinnakerseglinga frå Nordnes til Askeneset gjekk bra, me låg i ca 9 knop. Fekk ein skikkeleg broach rett før Askeneset. Frå Askeneset og nordover Herdlefjorden var det genoaslør. Me fekk det ikkje heilt til denne dagen, og hadde i periodar litt for mykje segl oppe. Gjennom Det Naue var det ein del som segla spinnaker, men me valde å ikkje heisa den. Me tok eit rev i storseglet før bøyerundinga nord for Herdla. Ut mot Mefjordboen var me oppe i 10,5 knop. Etter runding der var det skarp kryss mot mål ved Herdla. No var vinden på det sterkaste og det var ein del sjø. Me var ikkje fornøyde og havna på 7. plass i klassen denne dagen.
På søndag var det meldt mindre vind, 11 m/s og litt meir vestleg. Me hadde god start og fekk det betre til. På kryssen opp mot Jona hadde me god fart og god høgde. Vidare innover fjorden var det varierande vind, men det gjekk unna. Mellom Ramsøy og Rotøyane var me raskt ute med å setja spinnaker og segla med den til mål. Søndag var me nr. 3 i klassen og faktisk nr. 5 av alle 86 båtar. Dette var bra. Førebels resultatliste har oss på 4.plass i klassen som talde 20 båtar. Takk til Eivind, Torkjell og Magne som var mannskap denne helga.
Posted by Picasa

onsdag 14. juli 2010

Nye instrument

 

Loggen og dybdemålaren "drukna" på Shetlandsturen. Fjordsailing på Litlebergen har no montert ny logg og ny vindmålar. Begge av typen Raymarine ST60.
Posted by Picasa

lørdag 26. juni 2010

2.plass i klassen på Shetland Race 2010

  Det vart 2. plass på etappen Lerwick - Bergen, slått av Gleden med 19 minuttar. Dermed vart det 2.plass totalt i klassen på Bergen Shetland Race 2010. Etter ein roleg start med vestlege vindar vart siste del av etappen til Shetland slitsom med kuling rett imot. Etter å ha lagt svært godt an, tapte me litt på slutten på grunn av skade i akterliket på storseglet. Me segla utan storsegl siste 6 timane. Me var i mål kl. 03.31 natt til fredag. Turen heimatt vart 42 timars spinnakerseglas i lite vind. Me hadde visuell kontakt med FS2, Ventus, Hanna Marie, Cermedez, Paradis, Bjørkski og Volare på store delar av etappen. Me var i mål ved Marstein Fyr kl. 06.01 tirsdags morgon. Bildet er tatt i Lerwick etter premieutdelinga der. Frå venstre: Kjetil, Harald, Trond og Torkjell. Magne var fotograf. 

torsdag 17. juni 2010

Fish and chips

høyrer med når me er på Shetland

Framme på Shetland

Siste del av turen til Shetland vart våt og tøff. Under reving av storseglet vart akterliket skada og me måtte ta ned seglet. I mål kl 3.31 natt til fredag. Etter å ha leda overall, fall vi litt nedover på lista, men vart likevel nr 3 i klassen.

søndag 13. juni 2010

Sjøassistanse Bergen-Shetland Race 2010


Onsdag 16.juni 2010 kl. 13.00 går starten på Shetland Race frå Marstein fyr. I alt 37 båtar er påmeldt. Me er i LYS-klasse 1,21 - 1,29 der det er med 12 båtar. Båtane vert spora så du kan følgja med på Pc'en på denne sida https://vestlandseilkrets.no/?k=2635 
Eg vil prøva å leggja ut litt bilder frå mobilen på turen.
Mannskap er Torkjell Tolo, Magne Iversen, Trond Matre, Kjetil Risnes og Harald Matland. Turen tilbake frå Lerwick startar søndag 20.juni.

søndag 6. juni 2010

RAN sin sumarregatta 5.juni 2010

X-faktor deltok 5.juni på RAN seilforening sin sumarregatta. Det deltok 21 båtar i Lys-klassane og 8 båtar i Expressklassen. Expressane segla pølsebane, og Lys-klassane segla trekantbane. Det vart gjennomført 2 seglasar for alle klassane. X-faktor tok 4.plass i begge seglasane, og det vart då 4.plass i klassen der det var med 10 båtar. Mannskap denne dagen var Kjetil Risnes, Gøran Espeland, Arild Monslaup og Harald Matland. Sjølv om dette var nytt mannskap for dagen segla vi bra. Hadde mellom anna nokre flotte rundingar av toppmerket der spinnakeren var raskt oppe. I første seglasen var vi stort sett først i feltet og var første båt i mål. I andre seglasen var vi også fremst i feltet vart forbisegla av Rolf Hermansen sin Hanna Marie på siste krysslegget. For resultatliste og bilder sjå RAN seilforening si heimeside.

X-faktor, FS2 og Gleden ved kai i Ran seilforening

Flott vær



FS2

Premieutdeling

Prat på kaien