torsdag 30. juli 2015

Nokre bilder frå sommartur til Stavanger juli 2015

Kaldt når me gjekk frå Bergen til Bekkjarvik søndag 19.juli
Passering Slåtterøy fyr på veg tl Haugesund mandag 20.juli.
I Skudesneshavn onsdag 22.juli.
Over Boknafjorden på veg til Stavanger torsdag 23.juli
I Stavanger fekk me liggja i hamna til Seilforeningen 1928.
Selfie på Bømlafjorden på veg frå Haugesund til Lervik laurdag 25.juli.
Spor nordover Nyleia mandag 27.juli. Me segla i lag med Serenity.
Askøy seilsportsenter om kvelden tirsdag 28.juli.
Onsdag 29.juli var me heime på Manger igjen.

søndag 5. juli 2015

Shetland Race 2015 - rapport og bilder


I år var X-faktor påmeldt i doublehandedklassen med Eivind Tysse og eg som mannskap. I alt var det i år påmeldt 30 båtar og av desse stillte 4 i DH-klassen. Desse var Astragale, ein Class40 frå Austlandet, Amelia, Kelso og X-faktor.
Det var god nordavind når eg segla frå Bergen Hamn etter skipparmøtet og til Bergens seilforening der eg skulle liggja til onsdag. Eivind kom tirsdag kveld. Onsdag kl. 10.15 tøffa me utover mot Marsteinen. Det var meldt 9 - 10 m/s NV vind. Denne vindstyrken skulle halda seg omlag halve vegen og dreia på vest.
Vinden var ikkje meir enn ca 8 m/s når starten gjekk kl. 13. Me sette fullt storsegl og 3'ar. Me tok ein runde inn mot Sund-landet når me skulle setja genoaen og måtte segla full fart mot startlinja for å nå starten. Me segla så langt nordover som mogeleg med stikk i skjøtet og full fart. Me var vel mellom dei båtane som segla lengt nord.
Etter ca. 1/4 av distansen til Shetland hadde vinden dreia såpass mot vest at me kryssa layline og kom sørom linja. Ein del båtar
slo etterkvart og segla seg nordover. Dette ville me unngå då mange fekk dårleg kryssvinkel. Me venta på vinddreiing og segla dermed ganske lang sørover. Her er trackinga rett etter at me slo.

Vinden minka no og det vart etterkvart svært lite, og ei stund ingen vind.
Me kunne ikkje sjå andre båtar og lurte no på om me hadde gått for langt sørover. Kanskje dei andre båtane var lenger nord og hadde god vind?
Det hadde dei nok ikkje. Me gjekk mot ei ny natt på veg til Shetland. Værmeldinga gjekk ut på at vinden skulle koma igjen frå SØ. Dette hadde me tatt med i berekninga. Etter ei god stund med vindstilla kom den meldte vinden. I eitt-tida natt til fredag kom vinden opp i 2 m/s og me kunne setja spinnaker. Vinden auka heile tida. Me segla no rett vestover med kurs mot Sumburgh head. Me segla denne kursen til me kunne jibba og ha kurs mot Bard head. Etter at me jibba kom vinden opp i ca. 8 m/s og me segla i opp mot 10 knop mot Lerwick.

Me gjekk i mål kl. 05.53 etter ca. 41 timars seglas. Det skulle visa seg å halda til 1.plass på 1.etappe. Me hadde 22 minutt tilgode på Astragale på korrigert tid. Stor stas! Dette er 4. året på rad at me har klassesier på etappen Bergen - Shetland.



Fredag gjekk stort sett med til å kvila ut etter seglasen. Det hadde gått fint på turen over og alt virka som det skulle og ingenting gjekk i stykker. Det einaste var at VHF'en ikkje virka når me skulle rapportera på 0-graden. Då måtte me bruka den handholdte VHF'en og melda frå til Kilroy om at dei måtte rapportera til Shetland coastguard for oss. Det viste seg at tale-knappen på VHF'en hadde losna. Det var berre å finna fram loddebolten og lodda den fast igjen så virka den fint.

Fredag ettermiddag var det tid for premieutdelingg. I år i Town Hall. Det var stiligt.

Laurdag sov me også lenge, men kom oss etterkvart på New Harbour Cafe og fekk oss frokost. Deretter vart det litt shopping og gåtur til Coop'en for å proviantera for heimturen.

Etter lunch var det igjen tid for litt avslapping i båten. Då fekk me hyggeleg besøk av Tommy Allan. Han inviterte oss på frukost søndag før returen.

Laurdag kveld var 4 av Nordhordland-båtane samla til middag på Hay's Dock Cafe Restaurant.


Etter ein god frukost heime hos Tommy og Noelle var me klar for å starta på returen.
I starten var det meldt Sør/søraust vind opp i 10 m/s og etterkvart skulle det verta mykje regn.

Her har me kome utpå.
Fekk etterkvart opp segl. Satsa på 3'ar og eitt rev i storen.

Tommy og Noelle var utpå med gummibåt og kom bort til oss med niste som dei hadde laga til oss !!

Strategien vår var å starta heilt borte ved fergekaien på Brassay og at me då kunne stå rett sørover sundet for babord halsar. God plan, men det var mange som starta for styrbord halsar og me måtte vika heile tida. Stress med berre 2 ombord.


Me fekk etterkvart fart i båten.
Her er ein del flotte bilder som vart tatt av oss rett etter start:

Her er sporet vårt på returen.

Den sør/søraustlege vinden i starten skulle etter kvart dreia. Me starta derfor med å segla litt nordover. Seinare vart me tvinga over til ein meir sørleg kurs. Før denne dreiinga måtte me endra kurs p.g.a. eit seismikkskip. Me fekk beskjed om å endra til kurs 65 grader inntil me fekk ny beskjed. Me kunne sjå seismikkskipet på AIS'en. Etter å ha segla kurs 65 grader ei god stund kalla me opp seismikkskipet. Jaudå me kunne gå tilbake til opprinneleg kurs. Dei hadde gløymd å gi beskjed.
Når me nærma oss Norskerenna minka det på vinden. Me rekna med å verta tatt nordover med straumen. Dette stemte og me fekk ein fin bue og stod opp mot Marsteinen. Me berekna å vera i mål kl. 20.30 mandag kveld. Vinden minka mykje og det vart omtrent stillt. Me sleit oss over målstreken kl. 21.53 med ein fart på 0,5 knop i sjøen og 1,7 knop over grunn.
Dette var ein tålmodighetsprøve.
Returen tok ca. 34 timar.
Astragale hadde gunstige forhold på heimturen og var desidert raskast av alle båtane.
Det var dermed 2.plass i DH-klassen både på returen og samanlagt.
Det skal me vera svært nøgde med.
Takk til co-skippar Eivind for igjen å ha gjort ein kjempejobb.