søndag 14. februar 2010
Klasseseier i Snøføyka 2010
Det vart klasseseier i Snøføyka 13/2. Flotte forhold på fjorden, solskin og opp i 4 m/s vind frå nord. Sjå biletserie her og resultatlista her. Her er bilete av X-faktor som går i mål og mannskapet som har fått seg suppe i det nye flotte klubbhuset til RAN seilforening.
Klikk på bileta for å sjå dei i større format.
fredag 12. februar 2010
Klar for Snøføyka
Då er X-faktor klar for RAN seilforening sin først regatta i 2010: Snøføyka. Presenningen er tatt av, og storseglet er på plass. Det er meldt fint vær, men lite vind. Avgang mot Anglevik vert laurdag 13/2 kl. 07.00. Heilt nytt mannskap på denne regattaen: Morten Ådland, Morten Bjorøy, Sverre Faugstad, Frode Boasson og skipparen. Dette vert spennande!
Abonner på:
Innlegg (Atom)