lørdag 27. mai 2017

Norgeshus Seilmakeren DH 2017 litt video



Nokre videoklipp tatt rett etter start i Hauglandsosen. Me seglar her frå Follese til Vatlestraumen, pluss eit lite klipp vest i havet utom Møkster.

Nytt rod forstag og rullesystem

Tirsdag 23.mai var eg til Lillebergen og fekk montert nytt rod-forstag og Profurl C290 (Below the deck) rullesystem.
Har også kjøpt nytt rullesegl: Elvstrøm Furling Jib - FatFurl - i Radial laminat.





onsdag 24. mai 2017

Norgeshus Seilmakeren doublehanded 2017

Fredag 19.mai 2017 var det igjen klart for Norgeshus Seilmakeren doublehanded. Regattaen vert arrangert for 13.gong. Dette er Torkjell si 7.deltaking og mi 11.deltaking. Me har fullført alle gonger tidlegare. Værmeldinga gjekk ut på fin bris frå NV og denne skulle halda seg ut på kvelden. Eg innbilte med at me skulle vera i Haugesund i 9 10 tida om kvelden.
Her tok eg grundig feil.
Spinnakeren kom opp med det same starten gjekk, og me kom godt ut.
Ved Sotrabrua låg me mellom Vito 4 og Ventus, og me var nr. 2 i klassen på trackinga.


Me valde å gå Vatlestraumen. Dette valet vart tatt på sparket. Båtane delte seg mellom Vatlestraumen og Kobbeleia. Vatlestraumen viste seg å vera eit godt val.
Ved Raunane var me likt som Zephyr som hadde gått Kobbeleia. Me leda no klassen i trackinga.
Me lurte ein gong på om me skulle følgja Winocean gjennom Bukken. Det hadde kanskje vore lurt.
No forsvann vinden og me vart liggjande å reka. Vito4 som gjekk på Austsida av Raunane hadde vinden litt lenger enn oss og drog frå.
Ved Lerøy fekk Vito4 ein liten vind inn med land og kom seg avgarde på kryss. Etterkvart fekk også me andre denne vinden og kryssa mot Korsfjorden.
Me hadde tidleg bestemt oss for å prøva Bakkasundet. Me stod bra utover Korsfjorden, men måtte ta eit lite slag. Me kom inn i Bakkasundet likt som FS2.
No var det å koma seg ut i havet og me sløra i god fart utover. På dette tidspunktet var me igjen nr. 1 i trackinga. Denne plassen hadde me til Vito4 var i Stolmasundet.


FS2 med same fart som oss på slør.

Vest for Møkster kunne me falla av og segla sørover.

FS2
Etter at med sette kursen sørover fall me stadig på resultatlista. Me hadde for liten skjæring og det var ein del sjø.
Me skar inn med kurs sør for Espevær. No minka det på vinden.


Når me kom inn mot Espevær var me nr. 4 på rankinga. Farten låg no på 2 til 3 knop. Seinare enno mindre. Torkjell tok seg ein lur og skipparen styrte i nattemørket.
Ved Ramnsholmane midt på Sletta kom det ein liten bris på NØ og me fekk god fart mot Haugesund. FS2 hadde vald å segla ute i havet lenger, og kom no skjærande inn mot Haugesund. Det tente han godt på.
Når båtane kom til Sørhaugøy lykt ved innløpet til Haugesund forsvann vinden omtrent heilt.
Me kom med god fart og innhenta mange båtar som låg her. No var det å reka inn over målstreken for pitstop. Me var i mål i Haugesund kl. 05.45.35, og restart vart då 09.45.35.

Etter eit måltid lapskaus var det å koma seg til køys og prøva å få seg litt søvn.

Når det nærma seg restart var me ute i startområdet og sjekka forholda. Ventus og FS2 hadde då starta. Dei hadde vald vestre løp og me bestemte oss for å gjera det same. Rett før me skulle starta såg me at FS2 kom rekande sørover, og me valde no å starta i austre løp. Me rak utover i ca. 25 minutt for det kom ein liten bris og me kunne segla. Me hadde no tatt igjen forspranget som Ventus og FS2 hadde på oss, og var no oppe på 2.plass i trackinga etter Vito 4. Etter ei lita stund kunne me setja spinnaker og me var rask oppe med den. Me segla no i samla flokk med kurs vest for Espevær. Deretter langs Bømlolandet og mot Slåtterøy.

Ved Slåtterøy
Når me kom til Slåtterøy måtte me jibba innover Selbjørnsfjorden. Me tok ned spinnakeren og segla genoa. No hadde vinden tatt seg opp i 10 - 11 m/s og det var full fart.
Me tok no peiling på Stolmebrua og når tida var inne sette me igjen spinnaker og segla i opp i 11,3 knop.
Her er ein videosnutt frå Selbjørnsfjorden. Takk til Kjell Hansen i Kilroy som filma.

https://www.facebook.com/100009855644075/videos/496182750720242/

Gjennom Austevoll med spinnaker.
Vinden auka no på og i bygene var den oppe i 13 m/s. Dette var utfordrande gjennom Austevoll, men me greidde oss utan ein einaste broach. Held på å få ein kinesar ved Pirholmen, men dette gjekk utruleg nok bra.

FS2 hadde hatt 2.plassen på trackinga no og me kjørde på det me kunne inn mot mål ved Klokkarvik.
Ved målgang hadde me brukt 7 timar og 59 minutt frå Haugesund. Dette held til 2.plass i klassen, noko me er svært fornøyd med.

Takk til Torkjell Tolo for godt utført jobb.
Me gjennomførste regattaen utan skadar på korkje utstyr eller mannskap.

Gratulera til Vito 4 som tok ein soleklar seier i klassen.


Resultat og meir om regattaen finn du her:

https://www.sailracesystem.no/regatta?regatta=2578

torsdag 18. mai 2017

Klar for Norgeshus Seilmakeren Doublehanded 2017

I morgon, fredag 19.mai, start Norgeshus Seilmakeren Doublehanded kl. 11.
X-faktor stiller med Torkjell og skipparen som mannskap. Totalt 32 båtar er påmeldt.
Me seglar i mellomste klasse, rating >0,930 og < 0,989. Her er det 15 båtar og dette er klassen med flest båtar. Me har rating 0,946, og dette er nest lågaste rating i klassen.
Her er link til artikkel på Seilmagasinet i dag. Her finn du også link til regattaen si heimeside der du m.a. kan finna trckinga.
https://www.seilmagasinet.no/innhold/regatta/?article_id=48656

Dette vert spennande.

mandag 15. mai 2017

Seier i NHS Vårregatta 14.mai 2017

Søndag 14.mai var det klart for NHS Vårregatta. Torkjell og eg skulle ta dette som trening til Seilmakeren DH. Wenche vart også med for turen si skuld.
Det var meldt S/SØ vind 3 m/s på Byfjorden og dermed skulle me segla løp nr. 1:
Frå Nordhordlandsbrua til Bakarågen og tilbake.
6 båtar sillte til start: Svalen, Tjorven, Shiba Juvel, FS2, Mathilda og X-faktor.
Starten gjekk kl. 15 og me kom nokonlunde greit ut og sette spinnaker rett etter start. Vind 1 - 2 m/s. Før me kom til Frekhaug kai vart dette for skarpt og me gjekk over til Genoa 1. No vart det rotavind og lite vind. Me såg at vinden låg lenger framme. Når me nådde i den som første båt gjekk det veldig bra unna ei stund og me låg langt framom dei andre båtane. Vinden kom no frå SV. Etter kvart dabba vinden av og me hadde ei stund 0 vind. No kom det ny vind frå NØ og den fekk båtane bak først. Me kunne sjå at Mathilda og FS2 nærma seg. Til slutt fekk me også vinden og kunne setja spinnakeren. Me sleit oss fram til rundingsmerket ved Bakarvågen, og her vart løpet avkorta. Mathilda låg no godt an til å ta seieren, men inne ved lagt forsvant vinden og Mathilda var 15 minutt etter oss i mål. På korrigert tid vann me med 45 sekund.

Me segla tilbake mot Litlebergen, men ved Morvik forsvant vinden heilt og me motra resten.
Her ein liten videosnutt frå  seglinga tilbake mot Litlebergen:



Me vart observert på Byfjjorden av arr. av Norgeshus Seilmakeren doublehanded:
https://www.facebook.com/SeilmakerenDoublehanded/photos/a.116770255149562.22532.116765601816694/763733357119912/?type=3&ref=notif&notif_t=mention&notif_id=1494779110425043

Her er artikkel på NHS si side:
http://www.nordhordlandseilforening.org/D/node/10810

Her er resultatlista

torsdag 11. mai 2017

Vårpuss

X-faktor vart tatt på land på Manger 2.mai. Litt forsinka var det sjøsetjing i dag tidleg, torsdag 11.mai.
Har polert og voksa (Jotun). Bunnen er vaska og vannslipt, deretter påført 2 strøk VC17.
Elles har eg skifta gearolja og tæresinkar.

På land om kvelden 2.mai. 

Ferdig ! 

Sjøsetjing torsdag 11.mai om morgonen.