tirsdag 30. august 2022

Ny sprayhood frå Seilmaker Iversen

Sprayhooden hadde sett sine beste dagar for fleire år sidan. No har Seilmaker Iversen laga ny sprayhood til X-faktor.  Den vart veldig bra.





mandag 29. august 2022

X-faktor på land på Bildøy i dag

Eg oppdaga at det hadde kome vatn i girolja på segldrevet. Fekk time i dag hos Bildøy Båt og Motor, og segla inn der i går.

I dag tidleg vart X-faktor løfta på land, og tetningsringane på propellakslingen vart skifta. Etter eit par timar var det sjøsetjing. 

Grunnen til lekkasjen kan vera at eg fekk tau i propellen i sommar.









lørdag 6. august 2022

Ny kartplottar (MFD) Raymarine Axiom 7

Raymarine MFD e7 , som eg har hatt sidan 2012, har fungert fint. Den hadde plass til 2 kartbrikker. For nokre år sidan slutta den nederste å virka. I sommar slutta også den øverste å virka, og kartplottaren oppfatta ikkje at det var sett inn kartbrikker. Spraying mm virka ikkje. Dette var visstnok eit kjent problem med desse plottarane.

Har derfor kjøpt meg ein Raymarine Axiom 7. Dennr er med ein rein touch-skjerm. Har vore litt skeptisk til det, men vil prøva. Eg har jo også trekk med plastglas til å ha over plottaren. Denne har Seilmaker Iversen laga til meg.

Eivind hjelpte meg å trekkja ledningar og kobla opp den nye plottaren. Det vart litt meir styr enn eg såg før meg med Seatalk 1 og Seatalk ng, og me flytta litt på seatalkadapter og basestasjonen til fjernkontroll for autopiloten. No snakkar instrumenta med kvarandre.

Raymarine Axiom 7

Skjermen viser Kompasskurs og COG. Vindretning og styrke (gult merke) , straum/avdrift (blått merke), spor, AIS mål m.m.

Startlinje/Startklokke

Polardiagram for X-332 ligg inne, og kryss- og lensevinklar ligg inne som strekar på kartskjermen. Dette bildet viser også vinkel og fart iflg. polardiagram og polarytelse i %.

Basestasjon for fjernkontroll til autopilot og diverse Seatalk utstyr er flytta fram til over kartbordet.