lørdag 31. mai 2014

Huftarøy rundt singlehanded

Kristi Himmelfartsdag var det klart for Alutec Huftarøy rundt 2014. I år var det også klasse for singlehanded. I alt 39 båtar var påmeldt. 5 i singlehandedklassen.
Bjørn Rundhovde med Mathilda og eg segla til Bergens seilforening onsdag kveld og overnatta der.
På Byfjorden onsdag kveld

Segla vidare mot Os i halvni-tida torsdag morgon. Korsfjorden låg blank.
Korsneset
Mot Strønosen
Starten skulle gå i 3 puljar i Strønosen: Singlehanded kl. 10.30, doublehanded kl. 10.45 og båtar med fullt mannskap kl 11.00. Rett før start som gjekk kl. 10.35 etablerte det seg ein vestleg vind på 6-7 m/s. Me skulle segla løp 1, dvs mot Hufthammar fergekai, Grøningen. Bekkjarviksundet og norover Langenuen til Strønosen.
Eg kom litt langt sør på startlinja når skuddet gjekk. Me segla full kryss mot Austevoll. Miss Helen og Mathilda gjekk litt høgare enn X-faktor. Etter 5 -6 slag kom me oss rundt Lindholmen. Miss Helen først deretter X-faktor og Mathilda. Her var vinden nede i 4 m/s og X-faktor drog frå Mathilda. Mot Austevollsbrua gjekk det unna med stikk i skjøytet, men når eg nærma meg brua minka vinden og vart skarpare. Måtte ta eit slag for å koma meg under brua. Vidare måtte eg ta eit slag før Pirholmen. Deretter segla eg mot Grøningen i 3 m/s. No nærma Scirocco III seg som var i 2.start. Etter Grøningen romma vinden og eg var først oppe med spinnakeren. Tok mykje inn på Miss Helen som drøydde med spinnakeren. No gjekk det svært bra og eg var 2 minuttar etter Miss Helen under Bekkjarvikbrua. Derfrå vart det platt lens mot Kalsundboen. Jibba eit par gonger. Såg at Miss Helen hadde litt problemer før runding Kalsundboen, så eg tok ned spinnakeren. Tapte nok litt på det. Scirocco III segla forbi meg. Ved runding staken var eg raskt oppe med spinnakeren igjen og segla bra mot Tobbeholmane. Avstanden fram til Miss Helen var berre 3 - 4 minuttar. Hadde greidd å få god avstand på Mathilda så dette såg lovande ut.

Mathilda med mørk blå spinnaker har runda Kalsundboen.

Scirocco III med raud spinnaker. Tobbholmane til babord framme.
Scirocco III og mange andre valde å gå på innsida(vestom) Tobbholmane. Eg gjekk midt i fjorden og det såg ut til å vera det rette valet. Mathilda hadde først kurs mot innsida, men ombestemte seg og segla innimellom holmane og kom seg ut i fjorden. No kom vindstilla. Miss Helen låg fremst deretter X-faktor rett bak. Me var no fremst i feltet.
Mathilda greidde utruleg nok (Bjørn sin dyktighet !!) å halda litt fart i båten og Miss Helen, X-faktor og Mathilda var no samla fremst i feltet. Inne ved land hadde ein Dehler 38 som segla DH greidd å halda fart i båten og var no fremst i feltet. Etter kvart kom vinden igjen frå V/NV og vi segla mot mål. Dehleren først deretter Mathilda, X-faktor og Miss Helen.

Vinden kom igjen.
Dehleren fremst, deretter Mathilda.
Etter kvart romma det såpass at eg kunne setja spinnaker. Det vart skarp spinnakerslør mot mål. Vinden kom opp i 7 m/s.  Då var det fint med ein god autopilot. Det var så vidt eg stod opp til målstreken. Mathilda måtte ta ned spinnakeren og eg kom meg nokre sekund før Mathilda i mål - som båt nr. 2. Var i mål kl. 15.57.


Mathilda vann singlehandedklassen og hadde også beste overall-tid. X-faktor vart nr. 2 i singlehanded-klassen og hadde 3.beste overall-tid nokre sekund etter Match som segla doublehanded.

Me gjekk inn til Os seilforening etter seglasen til mat og premieutdeling.
Kom meg ikkje avgårde heimover før kl. 19.30. No var det nordavind og det vart motor heimover. Valde å gå kortaste veg - Hjeltefjorden. Det var nok ein tabbe då vinden var oppe i 8 - 9 m/s og mykje bølgjer. GPS-farten låg mellom 4 og 5 knop og eg var ikkje i hamna på Manger før kl. 02.30. Det var hardt å gå på jobb dagen etter !!

Her er AIS sporet

tirsdag 20. mai 2014

Seilmakeren doublehanded /Askøy Shorthanded Race 2014

Då nærmar det seg Seilmakeren doublehanded eller Askøy Shorthanded Race som det heiter i år.
Starten gåt fredag 23.mai om føremiddagen ved Ramsøy. Seglasen går i år, som dei forrige 3 åra, til Florø og tilbake til Askøy.
Makker på X-faktor er i år, som dei forrige 4 åra, Torkjell Tolo.
SISTE NYTT: Torkjell er sjuk og kan ikkje vera mannskap. Eivind Tysse steppar inn på kort varsel. Eg og Eivind har segla Seilmakeren doublehanded ilag i 2007, 2008 og 2009.

Det vert tracking og instagrambilder. Føl med på  http://www.seilmagasinet.no/regatta?regatta=1470

Askøy Shorthanded Race er både ein doublehandedragatta til Florø og tilbake og ein singlehandedregatta frå Askøy og ut til Fedje-området og tilbake. Singlehandedregattaen startar laurdag 24.mai.

Det er 40 påmeldte til doublehanded og 6 båtar til singlehanded. Litt skuffande få. Personleg kunne eg tenkt meg å segla begge regattaene, men det er umogeleg når dei går samtidig.
skipparen og Torkjell
 

Eivind steppar inn for Torkjell som er sjuk. Bildet er frå Shetland Race 2012 då  Eivind og eg segla doublehanded.

mandag 12. mai 2014

Jomfruturen 2014

Første regatta i Nordhordland seilforening - Jomfruturen - gjekk av stabelen søndag 11.mai med start kl. 12 ved Tjuvholmen. Mannskap var Ole-Helge Frotjold og skipparen. Ole-Helge var med for første gang. Yr hadde varsla lite vind og meldingane stemte godt. 7 båtar stillte til start. Om formiddagen var vinden bra, men når starten gjekk var det vel ca 1 m/s frå SØ. Starten gjekk mot SØ på vestsida av Tjuvholmen og me runda deretter Tjuvholmen og sette kursen mot Sæbøflua. Me kom nokonlunde ut. Var båt nr. 2 over startlinja. Ved runding Tjuvholmen var me raskt oppe med spinnakeren og var dermed først i feltet. Tvers for Hilland tok vinden seg litegrann opp og me fekk skikkeleg fylling i spinnakeren. Me hadde no god avstand til båt nr. 2 - Mathilda.

Nordover mot Sæbøflua. 4,2 knop på loggen og 1 knops medstraum.
Skipparen kjører spinnaker og lurer på om feltet tar innpå. På tide å kasta flisjakken??
Når me nærma oss Sæbøflua forsvann vinden heilt, 0 på vindmålaren. Me fekk ned spinnakeren og rak forbi flua. Fekk baugen mot sør og det kom ein liten trekk, nok til at båten so vidt gjekk på fram. Straumen drog oss likevel nordover. No hadde Mathilda, Cermedez og Elna nesten nådd oss igjen. Litt etter litt tok vinden seg litt opp og dreia på vest og seinare NV. Etter kvart kunne me setja spinnaker og var faktisk oppe i over 7 knop fleire gongen sørover Radfjorden. Vindretningen vart skarp fleire gongen så spinnakeren var ned og opp fleire gongen. Elna var nær ved å segla forbi oss ein gong, men då var me raske opp igjen med spinnakeren og stakk frå dei.

Her er me på veg sørover - ved Hilland. Mathilda med blå spinnaker. Cermedez og Elna som nr. 3 og 4. Lenger bak Steam, Calypsoen og ein Bavaria.
Etter vel 2 og ein halv times segling var me i mål ved Tjuvholmen ca 9 minutt før Mathilda, det held til 2.plass. Mathilda slo oss med ca. 5 minutt på korrigert tid.
Resultatlista kjem etterkvart på www.nordhordlandseilforening.org