tirsdag 28. mai 2013

Seilmakeren doublehanded 2013 - bilder og reportasje

2013-05 Seilmakeren

Klikk på bildet for å sjå fotoalbumet.

Fredag 24.mai 2013 kl. 11.30 gjekk starten på Seilmakeren doublehanded 2013. Mannskap dette året som dei førgåande 3 år var Torkjell Tolo. Værmeldinga gjekk ut på nordleg vind heile regattaen (sjå bilde frå værbriefinga). 54 båtar stillte til start i 3 klassar a 18 båtar. Me var i klassen for båtane med lågast rating, opp til 0,961. Med 0,958 i rating var me blandt båtane med høgast rating i vår klasse.
Me starta med Genoa 1 og trudde at me skulle kunna stå med denne ut til Fedje. Her tok me feil, og måtte skifta til Genoa 3 etter kort seglas. Det tapte me ein del på. Skulle nok ha starta med 3'ar. Det handla mykje om vegval i denne regattaen. I ettertid er det lett å sjå kva rute me skulle ha vald. Gjennom Rongevær og Brosmeosen hadde vore rette. Me kryssa oss utover mot Holmen Grå i ganske store bølgjer. Hadde eit flott legg frå Holmen Grå mot Ytre Steinsund, men her var det mykje motstraum. Gjennom Ytre Steinsund fekk me flotte krysslegg, og herfrå og til Florø segla me godt. Ruta gjekk gjennom Skomakaren, på innsida av Geita, utsida av Tvibrygge, nordover Stavfjorden. På utsida av Askrova, på innsida av Store Stårøya, gjennom Nekkøyosen og til Florø. Når me nærma oss Florø minka det på vinden og me sette igjen Genoa 1. Me kunne sjå lenger framme at det låg mange båtar i vindstilla. Klokka var no litt over 4 på morgonkvisten. Her låg mange av konkurrentane som hadde segla frå oss. Me kom inn til Florø hamn samtidig med ein liten bris som gjorde at me kom oss i mål uten å verta liggjande i vindstilla. Var i mål kl. 4.23 og restart vart då 8.23. Me hadde no eit bra utgangspunkt for returen med ein 6 -7.plass i klassen.
Tida i Florø gjekk med til å få seg litt mat og prøva å sova. Me måtte lada batteria og låg med motoren igang, dermed vart det lite søvn på skipparen! Torkjell sov som ein stein og høyrde ikkje vekkjarklokka kl. 7.15, men det gjorde ikkje noko for skipparen var forlengst oppe.
No skulle heile klyngja på 20 - 25 båtar starta. Det var omtrent vindstille. Me låg fint til og kunne sjå at brisen kom lenger ute. X-faktor sig fint avgårde i lite vind og me og Tussi, ein Bavaria Match 38, seig godt avgårde mot Stabben. Ved runding Svartskjæret ute ved Stabben var me først oppe med spinnakeren og skaut fart. Me segla også no på utsida av Askrova og satsa på å gå utom Bulandet og i havet sørover. Hadde tru på at det var mest vind her. Det gekk godt så lenge me hadde skjæring ut mot Bulandet, men etter det vart det dårleg fart. Det var for lite vind og for mykje bølgjer. Me segla sørover på utsida av Utvær. Gjekk inn ved Holmen Grå. I ettertid kan me sjå at me burde ombestemt oss og enten gått gjennom Olsundet (brua i Bulandet) eller skore inn igjen mot Straumsfjorden. Frå Fedje og sørover Hjeltefjorden auka vinden på og me jibba oss innover. Når me nærma oss Ramsøy oppnådde me dagens max fart på loggen, 11,6 knop. Me planla no nedtak av spinnakeren. Dette skulle skje i le av Ramsøy. Når me skulle heisa Genoaen snurra spinnakeren seg rundt forstaget!!. Etter litt jobbing fekk me ordna den, opp med genoaen og hadde eit kontrollert nedtak av spinnakeren. Var i mål kl. 22.45 laurdag kveld. No var me trøytte og litt leie. Dette skulle verta godt med ei natts søvn.
Det vart til slutt 12.plass i vår klasse. Det var me ikkje heilt fornøyd med, men me var i ein tøff klasse. Tida vår hadde halde til 7.plass i mellomste klasse.
Dette rista med raskt av oss. Etter 2 dagar var Torkjell og eg enige om at dersom Seilmakeren hadde starta dagen etter hadde me vore med!
Stor takk til Torkjell som igjen gjorde ein kjempeinnsats.
Båt og utstyr fungerte fint. Eg må justera litt på akterstaget for å kunna strama det litt meir.

På turen heim frå Askøy stampa eg meg nordover Hjeltefjorden for motor i frisk bris frå nord. Fekk motorstopp ved Herdla og segla til Manger og i hamn med Genoa 3. Det hadde kome luft i dieselsystemet. Gjengane på lufteskruen var sprengt, og eg har no skifta filterholdar. Dette var noko som ofte skjedde på Yanmar-motorane. Ingen kjekk oppleving då eg var nær land, og det blas friskt, når motoren stoppa.


tirsdag 21. mai 2013

Seilmakeren doublehanded 2013

Seilmakeren doublehanded startar fredag 24.mai kl. 11.30. Løpet går i år, som dei to føregåande år, frå Askøy til Florø og retur til Askøy.
54 båtar er påmeldt.
Mannskap i år, som i 2010, 2011 og 2012, er Torkjell Tolo.
Du finn meir opplysningar ved å klikka på bildet under eller  her
På denne sida vil det også koma link til tracking.
Tidlegare år har båtane med høgast lys-tal hatt eit lengre løp. I år er dette endra og alle båtane skal segla det same løpet.


fredag 10. mai 2013

Klasserseier i Sparebanken Vest Huftarøy rundt 2013

For første gong meldte eg meg på i Huftarøy rundt. I doblehanded-klassen. Denne regattaen tel med i Seilmagasinet si shorthanded-ranking, så her var det mulighetar for å sanka nokre poeng. Torkjell Tolo var mannskap. Av totalt 26 deltakande båtar var 10 med i doblehandedklassen.

Sporet Huftarøy rundt

Eg gjekk frå Manger til Hjellestad onsdag kveld. Tidleg torsdag morgon gjekk turen vidare til Strøno og Os seilforening si hamn. Her mønstra Torkjell på. Deretter gjekk turen ut igjen i Strøneosen der starten skulle gå. Me var i 2.start, og kom først over startlinja, og sette kursen mot Langenuen. Det var ein liten bris frå SØ. X-faktor går godt i lite vind så dette gjekk bra. Etter kort tid hadde me segla forbi alle båtane i 1.start og låg først i feltet. Etter kvart tok Flyfisk II, Tigergutt og Godemine, ein Comfortina 32, oss igjen, og me 4 danna ei tetgruppe. Til tider var no vinden omtrent fråværande. Når me nærma oss Tobbeholmane kom den meldte sørlege vinden. No vart det kryss mot Kalsundsbåen i 6-7 m/s. Flyfisk runda først, deretter Tigergutt, X-faktor og Godemine. SciroccoIII kunne no også skimtast bak.  Etter runding Kalsundsbåen var me raskt oppe med spinnakeren. No bar det mot Bekkjarviksundet i god fart. Me kom oss under brua uten at spinnakeren kollapsa. No sette me kursen mot Grøningen og vinden auka på til opp i 12 m/s. No gjekk det unna i nærmare 10 knop. Vidare segla me mot Pirholmen og Lindholmen. No var vinden rett bakfrå og me jibba oss nordover. Me stod med spinnaker til passering Trælsøya. Derifrå vart det genoa mot mål i Strønosen i 7 knops fart. Eit par hundre meter frå mål vart det igjen vindstille. Nei!!! Tigergutt kom seg nokonlunde greitt i mål. Me tapte verdifulle minutt her, men kom oss i mål ca. 10 minuttar etter Tigergutt. Det heldt til klasseseier og nest beste tid overall etter Comfortinaen Godemine. Her finn du resultatlista . Takk til Torkjell for ein kjempejobb. Dette var også trening til Seilmakeren doblehanded som startar 24.mai. Hos Os seilforening fekk me varm suppa før premieutdelinga. Starta på heimturen kl. 9 fredagsmorgon og var heime kl. 17.
Nordover Hjeltefjorden på veg heim fredag 10,mai

















Ser på seilmagasinet.no at eg etter denne regattaen held 11.plassen i rankinga.
Torkjell gjekk opp til ein 39.plass.




fredag 3. mai 2013

Snart klar for sjøsetjing

Det har vore mykje dårleg vær medan båten har stått på land. Regn, snø og sterk kuling. Har no fått gjort litt innimellom. Fekk på eitt strøk med VC17 torsdag kveld. Satsar på andre strøk på søndag. Måndag 6.mai er det sjøsetjing.
Torsdag 9.mai skal Torkjell og eg segla "Sparebanken Vest Huftarøy rundt" doublehanded.
Kl 21.45 torsdag kveld.