tirsdag 20. mars 2012

Seier i Vintercupen 2011/2012 (varte i ein dag)

Etter å ha vore utropt som vinnar av Hordaland seilkrets sin Vintercup 2011/2012 viser det seg at det var ein feil i resultatlista, og X-faktor vart korrigert til 2.plass. Dette hadde noko med resultatet i Neglespretten å gjera. Vinnar vart då Calypsoen som også seglar for Nordhordland seilforening. Gratulera til Calypsoen!!
Sjå meir her.
Takk til mannskapet som i Vintercupen har vore: Torkjell Tolo, Eivind Tysse, Bjørn Rundhovde, Morten Ådland, Jan Landsvik og Roar Teige.

søndag 18. mars 2012

Isbjørnseilasen 2012

Fotograf: Jan Hjellestad


Fotograf: Kjell Magnus Økland.

Laurdag 17.mars var det klart for Isbjørnseilasen. Det var meldt rolege vindforhold, 3 - 5 m/s frå sør. Etter ein dårleg start kom me oss avgårde. I vår klasse var det Hanna Marie og Gleden som var dei største konkurrentane. Begge med lågare lystal enn oss. Hanna Marie var me så vidt framfor før Klokkarvik, men etter det segla dei frå oss. Gleden var også bak oss før Klokkarvik, men dei segla også frå oss på kryssen sørover Lerøyosen. Gleden gjekk på babord side, me og Hanna Marie gjekk på styrbord side. Hanna Marie kryssa nærare land med små slag. Det lønte seg nok i motstraumen.
Over Korsfjorden gjekk det unna. Så var det runding Kyrholmen. Me var raskt oppe med spinnaker, men jibba nok for tidleg og kom i le for holmen. Då var det spinnakerslør over Korsfjorden. Her segla me godt. Kom i mål som båt nr. 3 i klassen, og fekk også 3.plass på korrigert tid så vidt framfor Fryd. Stor takk til mannskapet i dag: Torkjell, Eivind, Bjørn og Jan. Dette var siste seglas i Hordaland seilkrets sin Vintercup 2011/2012. Vert spennande å sjå resultatlista.
Sjå fleire bilete på RAN seilforening si side. Mange flotte bilder av X-faktor. Bilder også her. Resultatlista finn du her.

søndag 4. mars 2012

Isbjørnseilasen 17.mars 2012


Laurdag 17.mars er det klart for Bergens seilforening sin Isbjørnseilas.
Bildet viser X-faktor under Isbjørnseilasen i 2011. Me får håpa at værforholda er like fine også i 2012. Mannskap vert Eivind Tysse, Torkjell Tolo, Bjørn Rundhovde, Jan Landvik og eg. Meir info om Isbjørnseilasen og deltakarliste finn du her. Isbjørnseilasen er siste regatta i Hordaland seilkrets sin Vintercup 2011/2012. Vi deltok ikkje i Nisseseilasen som var første regatta i cupen, men det er dei 3 beste resultata som tel. Er litt spent på korleis me ligg an. Åsane seilforening rota det litt til ved ikkje å bruka den vanlege klasseinndelinga i Neglespretten. Når også forholda vart svært ulike i dei forskjellige klassane er det ikkje godt å sei korleis dette har gått. I Snøføyka har me iallefall ein 1.plass.