søndag 12. mars 2023

Regatta ISBJØRNEN laurdag 11.mars 2023

X-faktor vart påmeldt Bergens seilforening sin regatta ISBJØRNEN. Eivind kunne vera mannskap, og eg meldte på i Doublehandedklassen.

Fredag 10.mars segla eg frå Manger til Bergens seilforening. Eivind kom laurdag morgon. Etter registrering kl. 9, var det eit kort rormannsmøte kl. 9.30. Etter det laga me klart for å segla ut.

Eg måka snø av båten kl. 7.30, men det kom stadig nye snøbyger, så det vart ytterlegare 2 rundar med snømåking.

Det var påmeldt ialt 16 båtar, men det vart stort fråfall, og berre 8 båtar kom til start. I DH-klassen var det Kelso og X-faktor. 

Starten skulle gå på Raunefjorden kl. 11, men vart av ein eller anna grunn utsett til kl. 11.30.  No skulle me  segla rundt Raunane, sørover Lerøyosen, rundt Kyrholmen, og rundt Blia og i mål i Bjelkarøyosen.

X-faktor hadde beste starten og var ført over linja. Dei fleste båtane segla med Genoa 1. X-faktor segla med Genoa 3. Det vart meldt vind frå NV med kraftige vindkast i bygene. Værmeldinga stemte ikkje i starten og første del av regattaen. Det vart bidevindsseglas heilt til Kyrholmen. Først i feltet låg Amaryllis og Sheep Dip. Kelso låg som nr. 3 og X-faktor som nr. 4. Kelso drog litt ifrå på vegen mot Kyrholmen, og dei kom seg greit rundt holmen. X-faktor fekk omtrent vindstille rett før Kyrholmen, og deretter svak vind frå NV. Me fekk opp spinnaker og kom oss rundt Kyrholmen. Me skulle tatt ned spinnakeren før me kom rundt holmen, for der auka vinden kratig på. Me måtte falla av, og få ned spinnakeren. Det gjekk fint, og no segla me med 3'ar og fullt storsegl mot Blia. Det gjekk i opp mot 7 knop i ca. 6-8 m/s vind.

X-faktor på veg mot Blia. Foto: Ulv Hjellestad ombord i FS2

Når me hadde runda Blia, kunne me stå høgare med retning mot Korsneset. No auka vinden på til 10 - 11 m/s. Plutseleg såg eg at  det rauk og fauk ved Korsen, og vinden kom opp i 16 m/s ei lita stund. Storseglet rivna. Nei og nei (det var det gamle storseglet). Me vart litt stressa og tok ned genoaen. Det roa seg litt etter kvart og me fekk ei kraftig snøbyge på oss. Sikten var under 100 m. Me prøvde etterkvart å få opp igjen 3'aren, men det blas såpass mykje at me hadde problemer å få den inn i sporet. Me gav opp, og segla i mål med rivna storsegl. Kelso vann sjølvsagt DH-klassen, og hadde beste tid av alle båtane. Gratulera!     

Her er eit foto frå målgangen til X-faktor.





X-faktor sitt spor på Marinetraffic



Søndag morgon i Bergens seilforening. Meir snømåking.


Mot Manger i Heltefjorden

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar