mandag 2. november 2026

Nr. 19 på lista over Årets shorthandedseglar 2026

Bilde frå starten på NM Shorthanded/Seilmakeren doublehanded 2026


Seilmagasinet har no lagt ut rankingliste over Årets shorthandedseglar 2026.

Det er 296 seglarar på lista. Eg er nr. 19 på lista. Av vestlendingane er eg nr. 6. 

https://www.seilmagasinet.no/shorthanded-ranking-shorthanded-seiling/marius-loken-til-topps-etter-jevnt-arsoppgjor/991899  Tilgang på artikkelen krev innlogging som abonnemt på Seilmagasinet.

Her er dei 21 øverste på lista:




onsdag 7. oktober 2026

Skifte av bomnokk

Skilleplatene mellom trinsene på bomnokken har vore ødelagte ei stund. Revelinene hadde lett for å gå om einannan og kila seg. Dette var ikkje bra. 

Den gamle bomnokken


Seilmaker Iversen har skaffa ny bomnokk frå John Mast i Danmark. Denne har gode skilleplater mellom trinsene.


I dag har eg skifta bomnokken. Dette ser bra ut.


Nye popnaglar følgde med. 

Tok av storseglet i går.


Vestland seilkrets Cup Storbåt Aktiv 2026

Då er Cup Storbåt Aktiv 2026 ferdig. 50 båtar har deltatt i Shorthanded-klassen og 45 båtar i Fullt mannskap-klassen.

Regttaene som har inngått i cupen i 2026 er:

1. Huftarøy rundt
2. Seilmakeren Doublehanded
3. Bergen Race Weekend
4. Askøy rundt
5. Askeladden
6.Høststormseilasen
7. Windjammer

X-faktor har deltatt i Huftarøy rundt, Seilmakeren DH, Bergen Race Weekend og Windjammer med gode resultat. Askeladden vart avlyst. Når Askøy rundt vart arrangert var eg med på Stavanger singlehanded og Høststormseilasen hadde eg ikkje høve til å delta på.

X-faktor vart nr. 2 i Shorthandedklassen.

Her er bilde frå premieutdelinga 20.oktober hos Seilmaker Iversen




Sjå meir her:

https://vestlandseilkrets.no/?AID=22343&ID=29844&K=2632 

Eivind og eg på Windjammer på veg mot Ilholmane




tirsdag 6. oktober 2026

Windjammer Race 2026

Windjammer Race på Stord var årets siste regatta i Vestland seilkrets sin Storbåt aktiv cup for 2026, og Eivind og eg bestemte oss for å segla doublehanded i denne regattaen. Fredag 2.oktober starta eg frå Manger kl. 09.15 i sørleg vind. Gjekk med motor til Leirvik. Mykje motstraum. Var framme i Leirvik kl. 18.45. Eivind kom til Leirvik laurdag morgon. Starten skulle gå kl. 12.00. Fint vær sjølv om det kom ei voldsom regnbyge før start. Værmeldinga gjekk ut på vestleg vind 4 m/s med vindkast på 5 m/s.  Det var lite vind i Leirvik hamn når starten gjekk. Me sette spinnaker når startskotet gjekk. Starta ved styrbord merke. Det hadde nok vore betre å starta ved babord merke, men me hadde stort sett fri vind ut frå start. Me jibba ved Ytstøy og sette kursen mot Hillekalven og Fluholmane. På dette legget sleit me veldig med at båtar tok vinden vår. Gjorde nokre taktiske feilvalg her. Ved Fluholmane tok me ned spinnakeren og sette kursen mot neste merke Ilholmane. Segla full fart med stikk i skjøtet. Trikkekjøring. Ved runding Ilholmane sette me kursen mot mål i Leirvik hamn. Trikkekjøring her også. Litt rommare kurs siste delen. Vinden låg no på rundt 6 m/s. Me var i mål kl. 14.30. Det held til 3.plass i doublehandedklassen og 4.beste tid overall.

Nærmar oss Fluholmane

Resultatliste

Segla heimatt søndag morgon i sørleg vind der vindkasta var oppe i 14 m/s nokre gonger. Segla med storsegl og farten var oppe i 11 knop nokre gonger. Tok ned seglet ved Litlebergen og gjekk med motor til Manger. Var redd det var heftig vind i Mangersfjorden. Hadde ein snittfart på 8 knop på heimturen. Takk til Eivind som var mannskap på regattaen. 




tirsdag 8. september 2026

Bergen singlehanded 5.september 2026

Fredag 4.september segla eg til Bergens seilforening. Hadde avtalt å få løfta opp X-faktor kl. 14. Dette var ein premie for tidleg påmelding til Bergen Race Weekend.

Ikkje mykje groe på båten men litt. Fekk spylt og pusssa over med 400 papir. Fekk også bytt dei 2 runde tæresinkane på propellen.

Ferdig. Klar til sjøsetjing.

Vi var spente på korleis værmeldinga ville verta og kva løp som ville verta vald. Det var meldt svært lite vind dei 2 første timane av regattaen og so aukande vind.  På skipparmøtet kl. 9.30 vart det klar at løpet Austevoll rundt skulle seglast. Starten gjekk kl. 11.00. 20 båtar var påmeldt, og 19 båtar stilte til start. X-faktor fekk ein bra start omtrent midt på lina. Det var ca 3 m/s frå NV og det gjekk bra unna mot Børnestangen. Vidare utover frå Kleppholmen var det veldig skiftande vind . Ganske svak vind. Vinden tok seg opp ein del når me nærma oss Marstein Fyr, men ikkje meir enn opp i 5 m/s. Store bølgjer der ute. 

Marstein fyr i sikte

Ved runding Marstein fyr var det voldsom rotesjø med høge bølgjer. Fekk opp spinnakeren greit og segla innover Møkstrafjorden. Det var ikkje meir enn 4 - 5 m/s vind so det vart ikkje nok trykk i spinnakeren og det var ein kamp innover. Rett før Møkster jibba eg og segla mot Terneskjeret. Det gjekk betre då bølgjene no kom bakfrå. Hadde ca 6 knop mot Terneskjeret. Framme der tok eg ned spinnakeren og segla med genoa mot Pirholmen. Vinden minka. Kom meg for so vidt greit vidare, men ved Krosshamn gjekk det seint. Det gjorde det nok for dei fleste, men Aquasense segla forbi X-faktor her. Vidare over Korsfjorden mot mål gjekk det unna. Vinden var oppe i 8 m/s. Vindvinkel 90 grader. X-faktor var i mål etter 4 timar og 34 minutt.  Kom i mål som båt nr. 7, og vart nr. 5 på korrigert tid. Det må eg vera nøgd med.

Her er resultatlista:


Her er YouTube video frå starten og nesten ut til Marstein fyr:

Her er sporing frå Marinetraffic. M.a. Stjernebris og Hegren har ikkje AIS og viser ikkje.

https://photos.app.goo.gl/EKHwMYCHufPLL81y9




Litt YouTube video frå Stavanger singlehanded 2026

Eg hadde ikkje kontroll på GoPro-kameraene mine, so det vart lite filming. Litt før start, men også fin film frå spinnakerseglinga sørover mot runding Aspøy i Høgsfjorden.