
søndag 18. september 2011
Høststormseilasen søndag 18.sept. - Klasseseier samanlagt

lørdag 17. september 2011
Høststormselasen 2011 - 2.plass laurdag
Fortøydd på Fedje etter første dag på Høststormselasen til Nordhordland seilforening.
Mannskap: Eivind, Magne, Torkjell og Harald. Ollie Royal slo oss i dag, og det vart 2. plass i klassen framfor Gleden.
søndag 11. september 2011
Pelle P Bergen singlehanded 2011
Så var Bergen singlehanded unnagjort. Segla til Hjellestad fredag. Laurdag var me klare. Starten gjekk kl. 11. Då var det totalt vindstille, og vi låg og rak i ca. ein halvtime før vinden kom. Når vinden kom opp i 1 m/s fekk eg båten til å gå på fram og fekk ein kjempestart. Hadde 4-5 båtar frå største lysklasse framfor meg. Vinden frå SØ tok seg opp og det vart slør utover mot Tekslo.
FS2 til venstre, X-faktor til høgre.
Når eg nærma med Tekslo sette eg spinnaker. Det gjekk fint. Ute i havet vart det store dønningar. Måtte jibba ein gong. Nærma meg no 1. merke som skulle rundast om babord. Var nok litt seint ute med førebuinga til nedtak. I god medstarum gjekk det unna med 8 knop. Sleit med å få opp genoaen pga at vinden fekk tak og det vart press i seglet. Så tok krampen meg i fingrane og det meste skar seg. I alt kaoset passerte eg merket på feil side og måtte ta eit par rundar før eg kunna fortetja sørover.
Så langt alt vel. X-faktor med kvit spinnaker med gul firkant i.
Kaos med tau og spinnakerbom.
Tapte nok eit kvarter på dette tullet. På kryssen sørover var det vanskeleg å få fart i båten. Vinden vart oppe i 7 - 8 m/s og det hadde nok gått betre med 3'ar. Kraftig motstraum. Kom meg rundt toppmerket. Deretter var det nordover rundt Marsteinen og sløreseglas innover Korsfjorden heilt til målpassering. Var ikkje fornøyd med mannskapet i dag!! Her trengs meir trening både fysisk og segltrening. Det vart 5.plass i klassen der det var med 22 båtar.
onsdag 7. september 2011
61 båtar påmeldt til Bergen Singlehanded
Heile 61 båtar er no påmeldt til Bergen singlehanded laurdag 10.september. Følg med på heimesida.
Tracking
Vil du følge regatten "live" på nettet ?
Deltagerne vil ha en trackingboks ombord som gir deg informasjon om hvor den er til enhver tid og hvordan den ligger an i regatten i forhold til sine konkurrenter.
Lim denne adressen inn i din nettleser:
www.tractrac.com/index.php?page=clubpage&id=4
Tracking
Vil du følge regatten "live" på nettet ?
Deltagerne vil ha en trackingboks ombord som gir deg informasjon om hvor den er til enhver tid og hvordan den ligger an i regatten i forhold til sine konkurrenter.
Lim denne adressen inn i din nettleser:
www.tractrac.com/index.php?page=clubpage&id=4
søndag 4. september 2011
Trening til Bergen Singlehanded

Magne hos Seilmaker Iversen har laga spinnakerpose til å ha i nedgangsluka. Har vore på Mangersfjorden og trent i dag. Hadde spinnakeren oppe 4 ganger. Posen fungerer fint. Det var roleg vind på Mangersfjorden i ettermiddag, 4 m/s minkande til 2-3 m/s.
Det er no påmeldt 51 båtar til Bergen singlehanded laurdag 10.sept. Dette vert spennande.
Abonner på:
Innlegg (Atom)