søndag 24. mai 2026

Service på vinsjane


I går ettermiddag hadde eg service på vinsjane. Såg ikkje so verst ut, men årleg service er nødvendig.


lørdag 23. mai 2026

Video frå Stord Shorthanded 16.mai 2026

Etter at Eivind og eg segla "Huftarøy rundt" 14.mai, segla me tilbake til Bergens seilforening. Eivind mønstra av, og eg segla sørover til Leirvik på Stord fredag 15.mai. Laurdag 16.mai var det klart for Stord shorthanded. Starten gjekk kl. 12.00 i Leirvik hamn. Eg segla singlehanded. 4 båtar var påmeldt i singlehanded og 3 båtar i doublehanded. 
Værmeldinga var OK, men det vart mindre vind i periodar og meir vind i periodar enn meldt. Det vart meldt vindkast opp i 10m/s nordover Stokksundet, so eg sette tung Genoa 1 på rull.
Det var svært lite vind frå start. Nordavinden kom når me nærma oss Hestholmflua. Det vart ein litt slitsom kryss nordover til Brømenholmen, deretter fin spinnakerseglas sørover, under Bømlabrua og mot Eldøyane. Der minka vinden mykje og dreia til NØ vind. X-faktor gjekk i mål etter 7 timar 28 minutt og 55 sekund. Det heldt til 1.plass overall, og 25 poeng på Shorthandedrankinga.
Her er litt video:


 

torsdag 21. mai 2026

Litt bilder og videoklipp Huftarøy rundt 14.mai 2026

14.mai 2026 var det klart for Huftarøy rundt. Start i Strøneosen. Eivind og eg segla X-faktor. Det var 10 båtar i DH-klassen og 26 båtar totalt. Det var meldt mykje vind ved Grøningen i Austevoll, 10m/s med vindkast på 13 m/s, so me var litt spente på dette. Me tok eitt rev i storen før start. Hadde god start og det var slør i full fart mot Lambøyskjeret i Austevoll. Etter å ha runda Lindholmen sette me spinnaker og segla sørover mot Grøningen. Det var ganske fine forhold og vinden var vel oppe i 9-10 m/s på det meste. Jibba ved Grøningen og fortsette mot Bekkjarvikbrua og Kalvssundboen der me tok ned spinnakeren. Derifrå til mål i Strøneosen vart det kryss i opp i 8 m/s. Me var nøgde med seglinga vår, og det held til 3.plass i DH-klassen, og også 3.plass overall. 

X-faktor sitt spor frå Marinetraffic

Her er litt bilder og video


https://youtube.com/watch?v=Dxw8uXCG5vk&is=IHeSJbQLcD8ycF5J


Foto: Morten Fotland ombord i Frøken Smilla


onsdag 22. april 2026

X-faktor på land for vårpuss.

X-faktor vart tatt på land i Mangerøy mandag 13.april for vårpuss. Var ikkje mykje groe.

Her er bunnen spylt og vannslipt.


Her er skutesidene polert og voksa. 2 strøk med bunnstoff er påført.

Onsdag 15.april vart skutesidene polert med Jotun Marine polish, og deretter voksa med Jotun Hard Vax. Fredag 17.april fekk eg på 2 strøk med bunnstoff. Rundt rorstammen og rundt segldrevet har eg påført Jotun Drevspray. 

Propellen er pussa blank med Autosol kromglans og deretter påført Jotun Hard vax 5 gonger !


Eg har kjøpt Flexiteek til dei 2 bakre lukene i cocpit og til badeplattformen då teaken her var dårlig. Etter litt arbeid fekk eg bort den gamle teaken og limet. Lukene tok eg heim og limte på Flexiteeken. Etter å ha fått Flexiteeken på har eg laga fugekant rundt med  svart Tec7.

Teaken og limet er fjerna.

Teak og lim fjerna på "badeplattformen"

Flexiteek er limt på

Tec7 rundt Flexiteeken på lukene er påført.

Tec 7 rundt Flexiteeken påført.


Sjøsetjing vert fredag 24.april 2026.



lørdag 4. april 2026

Adelskalendar Seilmakeren doublehanded

Seilmakeren DH skriv:

Etter 20 gjennomførte seglasar i regattaserien Seilmakeren doublehanded, er det vel på tide å laga ein oversikt over kven som har gjort det best opp gjennom åra.

Lista er basert på topp-tre-plasseringar pr klasse, og organisert etter skipper, ikkje etter båt. Om ein berre tel førsteplassar ville lista sett litt annleis ut, men topp-tre gir gjerne eit betre bilete av kven som har halde seg i tet-skiktet. No ligg det eit dokument under menyen "For deltagerne" som nokre av dykk kan hyggja seg med i påskehelga!

https://sailracesystem.no/regattamal.php?regatta=3999&type=nyheter&nid=2106



mandag 30. mars 2026

Analyse av sporinga på Seilmakeren DH 2025

Harald Gjøseter i Askøy seilforening har laga ein analyse av sporinga frå Seilmakeren doublehanded 2025. Ein for klassen med båtane med høgast rating (dei raskaste), og ein for klassen med båtane med lågast rating. Interessant lesing

https://sailracesystem.no/regattasystem/regatta/meny/9345/AnalyseavtrackingSDH-25.pdf


X-faktor har passert Vatlestraumen på veg sørover. Foto; Jon Hardie ombord i Kelso


Deltakarstatistikk Seilmakeren doublehanded

Her er deltakarstatistikk for Seilmakeren doublehanded som er arrangert 20 gonger.

https://sailracesystem.no/regattasystem/regatta/meny/9359/Deltakarstatistikk.pdf

Eg har segla regattaen, og fullført,18 gonger. Eg deltok ikkje dei 2 første åra i 2005 og 2006.

Seilmakeren DH 2011. Alden i sikte på veg sørover frå Florø. Stiv kuling over Stavfjorden, og farten var oppe i over 13 knop.


søndag 22. mars 2026

Seier i DH-klassen i Isbjørnen 21.mars

Regattaen Isbjørnen vart arrangert av Bergens seilforening 21.mars 2026. 

X-faktor i Bergens seilforening 20.mars 2026

X-faktor stilte i doublehanded-klasssen der det kun var X-faktor og Gleden som stillte. I klassen med fullt mannskap var det 12 båtar. Torkjell Tolo var mannskap denne gongen som trening til Seilmakeren DH. Start og mål var i Raunefjorden. Løpet som var vald var frå start: rundt Spikaren, Tangeflu stake, Kyrholmen, Blia, Tangeflu stake, Spikaren og mål, ca. 19 nm. Det var meldt sørleg vind 6-7 m/s med vindkast på 9 -10 m/s. Me valde å segla med den tunge genoa 1. Skulle nok vald genoa 3. Me segla med for stort forsegl over Korsfjorden mot Kyrholmen. Der kunne med nok også hatt eitt rev i storseglet. Me hadde ein god start, men etter eit par slag følgde eg ikkje godt nok med og me måtte slå tilbake for å vika for Aquasense. Etter runding Kyrholmen var det klart for skarp spinnakerslør mot Blia. Me rota det til med når me skulle setja spinnaker, og det vart mykje stress. Hadde også ein broach. Fekk likevel tatt ein spinnakerjibb rundt Blia og held fram mot Lerøyosen med spinnaker. Det var sopass skarpt at det var so vidt me greidde dette. I Lerøyosen var det greit. Me trudde me kunne jibba ved Tangeflua og halda fram med spinnaker, men det var nok for godt til å vera sant. Me fekk ned spinnakeren i ein fart, og opp igjen med genoaen. Hadde bra fart mot Spikaren, men Gleden som no segla med gennaker tok innpå. Ved Spikaren kunne me ha segla spinnaker mot mål, men eg orka ikkje det no. Gleden kom nok uansett til å slå oss på korrigert tid. X-faktor var i mål etter å ha segla i 2 timar 44 min og 32 sek. Det viste seg å halda til seier i DH-klassen. Me slo Gleden med 32 sekund på korrigert tid! 

Spor frå Marinetraffic:



onsdag 18. mars 2026

Klar for Isbjørnen 21.mars 2026

21.mars 2026 arrangerer Bergens seilforening den tradisjonsrike regattaen ISBJØRNEN. X-faktor er påmeldt i doublehandedklassen der det er påmeldt 2 båtar: Gleden og X-faktor.

I klassen med fullt mannskap er det påmeldt 10 båtar.

Torkjell Tolo er medseglar på X-faktor.

Info m.m.

https://manage2sail.com/no/event/2c3e9854-c240-44e3-b648-582a4809ec55#!/

X-faktor er gjort klar til regatta og bunnen , kjøl og ror er kosta. I morgon ettermiddag seglar eg til Bildøy. Fredag morgon skal Bildøy Båt og Motor justera ventilane på den nye motoren. Eg skal skifta motorolja og oljefilter. Motoren har no gått 50 timar.


Solnedgang onsdag 18.mars



søndag 1. mars 2026

Liten tur for motor 28.februar 2026

Litt vår i luften denne dagen, og eg tok X-faktor på ein liten luftetur vestom Toska. Den nye motoren har no gått 41 timar, og det nærmar seg skifte av motorolje og filter samt ventiljustering.





Vidare er planen å delta på regattaen ISBJØRNEN som vert arrangert av Bergens seilforening 21.mars.
X-faktor på ISBJØRNEN 11.mars 2023


fredag 27. februar 2026

Seilmagasinet si shorthandedranking oppdatert

Seilmagasinet har no oppdatert shorthandedrankinga (den for fire siste åra) slik at den er klar for 2026 sesongen. Resultata i 2025 tel no 75%, 2024 tel 50% og 2023 tel 25%. Resultat i 2026 sesongen vil då telja 100%.

Eg har no 470,25 poeng og er på 9.plass. Er høgast ranka utanom seglarane frå austlandet. Har eit lite forsprang på Willy Forland og Thomas Robberstad som ligg på 18. og 19.plass med 397 og 384 poeng.

https://www.seilmagasinet.no/ranking