torsdag 31. desember 2015

X-faktor 2015


Bildeserie for året 2015. Godt nyttår !



Nytt rattrekk

Kjøpte nytt rattrekk i elgskinn frå Roberts Marinprodukter i Sverige. Fekk dette tilsendt som komplett pakke med rattskinn, nål og tråd, dobbelsidig tape og instruksjon. I tillegg var det lagt ut ein instruksjonsvideo på Youtube.
Eg valde å ikkje kjøpa skinn til eikene. Betalte totalt norske kroner 938,-for dette.
Brukte nokre timar i romjula til å sy på skinnet. Resultatet vart bra.

tirsdag 20. oktober 2015

Presenningen på

Etter ei helg med flott haustvær har eg tatt av segla og fått på presenningen.

Segling i Hjeltefjorden laurdag 17.oktober.
Tur til Herdla søndag 18.oktober
Presenningen på mandag 19.oktober

søndag 27. september 2015

Finale i trimseglasane Tur og Hav i Hordaland seilkrets

Søndag 27.september vart det arrangert finale i trimseglasane Tur og Hav i Hordaland seilkrets. Dei 3 beste i kvar klasse i Hjeltefjordtrimmen, Korsfjordtrimmen og Byfjordtrimmen vart invitert. I tillegg var 3 båtar frå Stord seilforening og 3 båtar frå Nordhordland seilforening invitert.
X-faktor fekk invitasjon frå NHS og i tillegg deltok FS2 frå NHS.
Me segla til Askøy seilsportsenter laurdag ettermiddag. Søndag morgon kom mannskapet: Eivind Tysse, Bjørn Rundhovde, Finn Espeseth og Torbjørn Storås. Me var første båt på fjorden for å få segla litt før start. Det var meldt lite vind, 2 m/s frå aust som i eittida skulle dreia til 2 m/s frå vest.
Starten gjekk ved Ramsøy litt over kl. 11. Me kom godt ut i starten og hadde kun Silius, ein Elan 37, framfor oss. Første merke var Kalsøyflu stake litt lenger nord i Hjeltefjorden.

Her er bilde som er tatt ca 30 sekund før start:


Kort tid etter starten:


Me sleit oss etterkvart forbi Silius og låg dermed fremst i feltet. Vinden var mellom 0,5 og 2 m/s frå aust/Nordaust. Me prøvde spinnakeren eit par gonger, men det vart for skarpt. Det var full konsentrasjon og fintrimming nordover. Me nærma oss no Kalsøyflua og startbåten gav signal og heiste flagg om at løpet vart avkorta ved dette merket.

Først i mål! Ville dette halda til seier?


Det gjorde det. Det vart klasseseier og beste tid uansett klasse.
Stor takk til mannskapet for glimrande jobbing. Dette var kjekt.


Her er resultatlista.

Har lånt nokre bilder frå billedgalleriet for regattaen. Fotograf Gordon Wright.


Bergen Singlehanded 2015

Bergen singlehanded vart arrangert for 6.gang laurdag 5.september 2015. Arrangør er Bergens seilforening.
Eg har deltatt alle gangane, og i 2013 og 2014 var det svært lite vind.
I år vart det annarleis.
Værmeldingane gjekk ut på at det etterkvart skulle verta stiv kuling frå nordvest. Det vart dermed vald eit løp som gjekk frå Bjelkarøy til Våge på Tysnes og tilbake - Tysnesløpet.
Eg ville gå forsiktig ut og sette hardværsfokk og 2 rev i storen frå start.
Eg fekk ikkje med meg at startprosedyren vart sett i gang, og når 1 minutten gjekk trudde eg det var 5 minutten og når starten gjekk trudde eg det var 4 minutten. Dette vart ikkje bra. Eg var laaaangt frå startlina når starten gjekk.
På Korsfjorden var det av og til opp i 12 m/s og platt lens. Eg hadde sjølvsagt altfor lite segl opp, men med værmeldinga i bakhovudet ville eg vera forsiktig.
Etter å ha runda Røtingen og inn mot Våge tok eg etterkvart ut reva i storen. Skulle sjølvsagt sett spinnaker her, men let vera.

Var derfor langt bak i feltet ved runding Lyngøya ved Tysnes.
No vart det kryssing tilbake.
Ved Halhjem måtte eg ta 2 rev i storen igjen.
Dette gjekk bra. Eg hadde god fart og god høgde og segla meg framover i feltet. Held følgje med Cermedez.
Når me kom til Røtingen kom vinden opp i 13 m/s og var på det meste opp i 16 m/s. Denne vinden held seg til me kom i mål.
Det vart også bra store bølgjer på Korsfjorden.
Det smartaste hadde nok vore å halda seg på austsida opp til Korsneset.
Eg hadde eit legg bort til Austevoll og slo ved Litle Laugarøy, og tapte nok litt på det.
I bølgjene på Korsfjorden greidde eg ikkje lenger å halda følgje med Cermedez.
Seglinga gjekk bra. Slaga var verst. Det var vanskeleg å halda farten i slaga og det vart mykje krenging.
Etter 5 timar og 50 minutt gjekk eg i mål med stil.
Alt utstyr og skippar var like heile.
Dette held til ein 6.plass i klassen og premie frå premieutdelar Wenche.
Fekk også nokre poeng på shorthandedrankinga.
Her er resultatlista.

Om kvelden var det fest i Bergens seilforening sitt flotte klubbhus:


onsdag 26. august 2015

Mangersfjorden rundt 2015

Laurdag 22.august vart det som nytt av året også arrangert laurdagsregatta på Mangersfjorden. Det var meldt sør/søraust vind på 11 m/s. Ved sørleg vind var løypa start i Mangersvågen, rundt bøye ved lykta i Bognestraumen, rundt bøye ved Trettholmen/Maggen, rundt bøyen i Bognestraumen og mål i Mangersvågen.
Eg segla singlehanded som trening til Bergen singlehanded. Starta med 3'ar og eitt rev i storseglet. Det gjekk greit inn til runding i Bognestraumen. FS2 runda først. Tok no ut revet og segla nordover. Vinden var roleg inne ved runding og eit stykke utover fjorden. Frå Mangersvågen og vidare nordover auka vinden kraftig på - med kraftige kast opp i 15 m/s.
Fekk ein broach som eg sleit med å koma meg ut av. Ved runding av merket ved Trettholmen/Maggen vikla storseglskjøtet seg inn i ein vinsj/sveiv og eg fekk ikkje skjøytt inn storseglet. Stress!! Fekk etter kvart skjøytt inn og tatt eitt rev igjen. Segla ikkje optimalt på legget mot Bognestraumen og Mathilda segla forbi meg. FS2 først i mål, deretter Mathilda og eg 18 sekund etter Mathilda. Resultatliste ligg her.

Søndag var det klart for Mangersfjorden rundt. Strålande vær og ca 3 m/s frå aust i starten. I dag var Wenche med men eg tok også dette som trening til Bergen singlehanded. Segla litt for langt vekk frå startlinja siste minuttane før start og fekk ein dårleg start. Fekk opp spinnaker ved Steinholmen og segla mot bøyen ved Trettholmen/Maggen. Det vart platt lens og liten fart. Mathilda, som kom best ut frå start, og FS2 skar vestover og jibba deretter mot merket. Mathilda runda klart først, deretter FS2 og eg. Fram mot sørspissen av Toska segla eg forbi FS2. Mot Kvernane segla eg også forbi Mathilda som segla litt nært Toskalandet. Fin medstraum no. Når me nærma oss Skjelanger forvann vinden og her vart me liggjande ein halvtimes tid. Då kom vinden igjen med 1 m/s frå nord. Me sleit oss etterkvart rundt Kvernane. FS2 først og X-faktor rett bak. Anchrissi som nr. 3.

Frå Kvernane til Skjelanger (Eldsneset) segla eg forbi FS2.

Bak rundar Anchrissi, Mathilda og Kilroy Kvernane.

Her nærmar eg meg Skjelanger og eg klar til å setja spinnaker.

Var raskt oppe med spinnakeren og segla godt innover mot Bognestraumen.
Etterkvart dreia vinden og spinnakeren måtte ned. Til slutt vart det kryssing mot merket ved Bognestraumen. Overstod litt ved siste slag mot merket.

Her er sporet for heile regattaen. Me dreiv nordover når med låg i vindstilla ved Skjelanger.

Etter runding ved Bognestraumen vart det skarp slør mot Mangersvågen i 3 - 4 m/s. Gjekk i mål nesten 10 minuttar før FS 2 og 14 minuttar før Mathilda.
På korrigert tid hadde likevel Mathilda 1 minutt og 37 sek betre tid så det vart 2.plass i dag.
Her er heile resultatlista.










mandag 17. august 2015

Askøy rundt 2015

Fredag segla Wenche og eg til Askøy seilsportsenter for å vera med på Askøy rundt 2015. Laurdag kom Eivind Tysse og Torkjell Tolo ombord for å vera mannskap. Tilsaman 65 båtar var påmeldt. 13 i vår klasse.
Me var i andre start kl. 11.10. Kom bra ut frå start, men valde feil side av Herdlefjorden nordover. På eitt tidspunkt var me siste båt i feltet. Frå Beitingen og nordover starta me opphentinga og segla bra gjennom Det naue og vidare over Herdlaflaket. Når me segla mot Gjona vart det klart at alle klassar unntatt dei raskaste båtane fekk målgang her. Når me nærma oss Gjona dreia vinden og minka slik at me måtte kryssa oss mot Gjona. Utruleg nok greidde me 4.plass i klassen.

Her er nokre bilder som eg har lånt frå Askøy seilforening sitt album. Fotograf Giske Berland.

Gjennom Det naude. Det gjekk så vidt å ha oppe spinnakeren.
Målgang ved Gjona.

Wenche tok også nokre bilder:
Her seglar me forbi Rebell ( X-99) rett før Det Naue.

torsdag 30. juli 2015

Nokre bilder frå sommartur til Stavanger juli 2015

Kaldt når me gjekk frå Bergen til Bekkjarvik søndag 19.juli
Passering Slåtterøy fyr på veg tl Haugesund mandag 20.juli.
I Skudesneshavn onsdag 22.juli.
Over Boknafjorden på veg til Stavanger torsdag 23.juli
I Stavanger fekk me liggja i hamna til Seilforeningen 1928.
Selfie på Bømlafjorden på veg frå Haugesund til Lervik laurdag 25.juli.
Spor nordover Nyleia mandag 27.juli. Me segla i lag med Serenity.
Askøy seilsportsenter om kvelden tirsdag 28.juli.
Onsdag 29.juli var me heime på Manger igjen.

søndag 5. juli 2015

Shetland Race 2015 - rapport og bilder


I år var X-faktor påmeldt i doublehandedklassen med Eivind Tysse og eg som mannskap. I alt var det i år påmeldt 30 båtar og av desse stillte 4 i DH-klassen. Desse var Astragale, ein Class40 frå Austlandet, Amelia, Kelso og X-faktor.
Det var god nordavind når eg segla frå Bergen Hamn etter skipparmøtet og til Bergens seilforening der eg skulle liggja til onsdag. Eivind kom tirsdag kveld. Onsdag kl. 10.15 tøffa me utover mot Marsteinen. Det var meldt 9 - 10 m/s NV vind. Denne vindstyrken skulle halda seg omlag halve vegen og dreia på vest.
Vinden var ikkje meir enn ca 8 m/s når starten gjekk kl. 13. Me sette fullt storsegl og 3'ar. Me tok ein runde inn mot Sund-landet når me skulle setja genoaen og måtte segla full fart mot startlinja for å nå starten. Me segla så langt nordover som mogeleg med stikk i skjøtet og full fart. Me var vel mellom dei båtane som segla lengt nord.
Etter ca. 1/4 av distansen til Shetland hadde vinden dreia såpass mot vest at me kryssa layline og kom sørom linja. Ein del båtar
slo etterkvart og segla seg nordover. Dette ville me unngå då mange fekk dårleg kryssvinkel. Me venta på vinddreiing og segla dermed ganske lang sørover. Her er trackinga rett etter at me slo.

Vinden minka no og det vart etterkvart svært lite, og ei stund ingen vind.
Me kunne ikkje sjå andre båtar og lurte no på om me hadde gått for langt sørover. Kanskje dei andre båtane var lenger nord og hadde god vind?
Det hadde dei nok ikkje. Me gjekk mot ei ny natt på veg til Shetland. Værmeldinga gjekk ut på at vinden skulle koma igjen frå SØ. Dette hadde me tatt med i berekninga. Etter ei god stund med vindstilla kom den meldte vinden. I eitt-tida natt til fredag kom vinden opp i 2 m/s og me kunne setja spinnaker. Vinden auka heile tida. Me segla no rett vestover med kurs mot Sumburgh head. Me segla denne kursen til me kunne jibba og ha kurs mot Bard head. Etter at me jibba kom vinden opp i ca. 8 m/s og me segla i opp mot 10 knop mot Lerwick.

Me gjekk i mål kl. 05.53 etter ca. 41 timars seglas. Det skulle visa seg å halda til 1.plass på 1.etappe. Me hadde 22 minutt tilgode på Astragale på korrigert tid. Stor stas! Dette er 4. året på rad at me har klassesier på etappen Bergen - Shetland.



Fredag gjekk stort sett med til å kvila ut etter seglasen. Det hadde gått fint på turen over og alt virka som det skulle og ingenting gjekk i stykker. Det einaste var at VHF'en ikkje virka når me skulle rapportera på 0-graden. Då måtte me bruka den handholdte VHF'en og melda frå til Kilroy om at dei måtte rapportera til Shetland coastguard for oss. Det viste seg at tale-knappen på VHF'en hadde losna. Det var berre å finna fram loddebolten og lodda den fast igjen så virka den fint.

Fredag ettermiddag var det tid for premieutdelingg. I år i Town Hall. Det var stiligt.

Laurdag sov me også lenge, men kom oss etterkvart på New Harbour Cafe og fekk oss frokost. Deretter vart det litt shopping og gåtur til Coop'en for å proviantera for heimturen.

Etter lunch var det igjen tid for litt avslapping i båten. Då fekk me hyggeleg besøk av Tommy Allan. Han inviterte oss på frukost søndag før returen.

Laurdag kveld var 4 av Nordhordland-båtane samla til middag på Hay's Dock Cafe Restaurant.


Etter ein god frukost heime hos Tommy og Noelle var me klar for å starta på returen.
I starten var det meldt Sør/søraust vind opp i 10 m/s og etterkvart skulle det verta mykje regn.

Her har me kome utpå.
Fekk etterkvart opp segl. Satsa på 3'ar og eitt rev i storen.

Tommy og Noelle var utpå med gummibåt og kom bort til oss med niste som dei hadde laga til oss !!

Strategien vår var å starta heilt borte ved fergekaien på Brassay og at me då kunne stå rett sørover sundet for babord halsar. God plan, men det var mange som starta for styrbord halsar og me måtte vika heile tida. Stress med berre 2 ombord.


Me fekk etterkvart fart i båten.
Her er ein del flotte bilder som vart tatt av oss rett etter start:

Her er sporet vårt på returen.

Den sør/søraustlege vinden i starten skulle etter kvart dreia. Me starta derfor med å segla litt nordover. Seinare vart me tvinga over til ein meir sørleg kurs. Før denne dreiinga måtte me endra kurs p.g.a. eit seismikkskip. Me fekk beskjed om å endra til kurs 65 grader inntil me fekk ny beskjed. Me kunne sjå seismikkskipet på AIS'en. Etter å ha segla kurs 65 grader ei god stund kalla me opp seismikkskipet. Jaudå me kunne gå tilbake til opprinneleg kurs. Dei hadde gløymd å gi beskjed.
Når me nærma oss Norskerenna minka det på vinden. Me rekna med å verta tatt nordover med straumen. Dette stemte og me fekk ein fin bue og stod opp mot Marsteinen. Me berekna å vera i mål kl. 20.30 mandag kveld. Vinden minka mykje og det vart omtrent stillt. Me sleit oss over målstreken kl. 21.53 med ein fart på 0,5 knop i sjøen og 1,7 knop over grunn.
Dette var ein tålmodighetsprøve.
Returen tok ca. 34 timar.
Astragale hadde gunstige forhold på heimturen og var desidert raskast av alle båtane.
Det var dermed 2.plass i DH-klassen både på returen og samanlagt.
Det skal me vera svært nøgde med.
Takk til co-skippar Eivind for igjen å ha gjort ein kjempejobb.