mandag 18. september 2017

Høststormseilasen 2017 med X faktor

Høststormseilasen vart arrangert av Nordhordland seilforening 16. og 17.september 2017.
X-faktor stillte i shorthandedklassen med Eivind Tysse og skipparen som mannskap.
I alt 24 båtar var påmeldt. Av desse 7 i shorthandedklassen.
Etter litt dårleg start på laurdag, segla me bra begge dagane. Frøken Smilla, First 40.7, vant shorthandedklassen begge dagane. Laurdag var me på 2.plass. Søndag vart det 3.plass på oss, slått med 1 sekund av Mathilda som var nr. 3 på laurdag.
Dermed vart det 3.plass på X-faktor samanlagt. Dette eine sekundet betyr også at X-faktor ikkje vinn NHS sin klubbserie 2017 ! Synd, men slik er det.
Her er resultatlista. På korrigert tid samanlagt for begge dagane er X-faktor nr. 4. Takk til Eivind som var mannskap.



For spinnaker innover Fensfjorden laurdag. Foto: Kjell Magnus Økland - Kystsogevekene
Fedje søndag morgon

Passering Kyrkjeflua søndag. Foto: Karen Drange
Målgang ved Mefjordbåen søndag. Foto: Madeleine Bratshaug

Spor frå Marinetraffic laurdag
Spor frå Marinetraffic søndag.
Me tapte nok 2.plassen ved å gå for langt ut i fjorden nord for Sture. Mykje motstraum.




mandag 11. september 2017

Bergen singlehanded 2017 med X-faktor

9.september 2017 var det klart for Bergen singlehanded for 7. gong. Eg har deltatt og fullført alle sju gongane.
45 båtar var påmeldt. Av desse var 7 Knarr. Båtar med spinnaker var delt i 2 klassar, opp til rating 0,969 og 0,970 og over. I desse klassane var det 16 båtar i kvar klasse. Med SH Rating på 0,940 var X-faktor i minste klasse med mange tøffe konkurrentar.
Værmeldingane varierte mykje, og det var spennande korleis dette vart og kva løp me skulle segla.
Det vart løp nr. 2: Start ved Bjelkarøy, ut rundt Lille Marsteinen, rundt Blia og i mål ved Bjelkarøy.
Vinden var SØ 3 - 4 m/s i starten. Denne vindretningen held seg gjennom heile løpet. Når me segla innover Korsfjorden mot Blia auka vinden til opp i 6 m/s. Frå Blia og inn til mål varierte vinden mykje.
Eg satsa på å starta ved babord merke. Var litt for seint ute, og var i fisen av nokre 40 - 45 fotarar.
Kom meg over startstreken etter nesten 2 minuttar. Kom meg fri og skar opp til babord. Vindvinkelen var skarp og eg venta litt med å setja spinnaker. Var likevel mellom dei første til å setja.  Nådde etter kort tid igjen Gleden. Gjorde tabben med å segla for nært. Eg veit jo kva Finn gjer når ein konkurrent tar han igjen! Prøvde meg i lo og i le, men det nytta ikkje. Kom meg ikkje forbi. Når me nærma oss Lille Marsteinen romma vinden litt og eg kom meg endeleg forbi Gleden. Var kanskje litt tidleg med å ta ned spinnakeren, men eg måtte ha litt tid for å tatt ned bommen. Var rett bakom Miss Helen, First 36,7, ved runding. No var det full kryss innover Korsfjorden. Hadde god fart men mykje motstraum. Nokre båtar slo seg inn mot Austevoll-landet truleg for å få mindre motstraum. Eg stod heilt inn til Blia utan å slå. Fekk tredd om spinnakerfall, skjøte og bras for å vea klar til å setja spinnaker etter runding Blia. Hadde også fått opp bommen før runding. Litt rot i setjebagen, men fekk spinnakeren ganske raskt opp og segla mot mål. Var no rett bak Levens, Elan 37, og Miss Helen. Segla forbi Rubber Duck ( Class 40) inn mot mål. Hadde etterkvart fått litt avstand bak til Gleden.
Det vart ein 4.plass i klassen. Fornøyd med det. Det var ein tøff klasse.  Resultatlista finn du her.
Eg var fornøyd med seglinga mi idag.
Her er litt video. Fekk ikkje filma runding Blia og siste strekket inn mot mål. Treng litt meir trening i GoPro-filminga.

onsdag 6. september 2017

Skifte av belg på segldrevet

Søndag 3/9-2017 segla Wenche og eg til Bildøy Båt og Motor. Hadde avtale om skifte av belg på drevet (Yanmar SD20) mandag og tirsdag.
Hadde ein fin segltur - kryss - sørover Hjeltefjorden. Brukte 6 timar på turen.
Jobben vart ferdig onsdag føremiddag.
X-faktor (X-332 bygg nr. 167) er produsert hausten 1998, og er dermed 19 år. Eg kjøpte båten hausten 2009. Har ikkje funne ut om belgen er skifta tidlegare. Den gamle belgen var like fin som ny.


Det var ikkje så lett som omtalt på X-332 Klubben si side (sjå under) å få av plata rundt drevet.
"Skift af S-drevs membran
Der sidder en plade monteret under bunden omkring S-drevet. Dette kan fjernes ved et hurtigt ryk med en umbrako nøgle eller lign., sat op i hullet ved benet. Herefter kan benet fjernes og motoren løftes ved, at afmontere de bagerste motor ophæng, hvorefter membranen kan skiftes. Pladen genmonteres med lim/silikone og der spartles i bunden så der opnås en glat overflade."

Segla heimatt onsdag kl 12. Motor til Ramsøy, deretter fin seglas i 2 - 3 m/s frå NV.
Brukte 4 timar på turen.  Her ein liten videosnutt frå turen heimatt: