søndag 29. november 2009

VHF-antenne i mastetoppen på plass.



X-faktor er påmeldt til Shetland Race 2010 og det er ein del utstyr som må på plass for å segla i sikkerhetskategori 2. Eivind tok turen i mastetoppen, drog kabel og monterte VHF-antenne. Samtidig dekk vi kobla til tricolorlanterna med led-pære i mastetoppen. Har også montert innvendig manuell lensepumpe. Nødpeilesendaren er omprogrammert til X-faktor og montert.
Ebersprächer varmeapparatet har også vore til service og fått ny glødeplugg og glødesil.
Det som står for tur no er koniske trepluggar ved skroggjennomføringane, gassalarm og få festa batteria.



søndag 15. november 2009

"Ny" båt






X-faktor er ein X-332 1998 modell. Båten er bygg nr. 167 av båttypen. Det er bygd i alt 430 X-332 i perioden 1994 til 2005 hos X-yachts i Danmark. Båten kjem frå Tønsberg og heitte tidlegare Fri Vind. Før det heitte båten Christine.
Båten vart henta i Kristiansand 27.sept. 2009. Turen til Manger tok 4 dagar så vi var framme 1.okt.2009. Mannskap på turen var Torkjell og skipparen.
Øverst ser vi den nye båten ved sida av Karisma som samtidig vart levert. Karisma har fått ny heimehamn i Drøbak og har skifta namn til Liseth. Vidare nokre bilder frå turen til Manger.