søndag 30. mars 2014

Isbjørnen 5.april

X-faktor er påmeldt til Insbjørnen laurdag 5.april. Vi manglar mannskap. Er du interessert i å vera med, ta kontakt på tlf. 90121617.
No er mannskapet oppe i 4 mann, men det er plass til 1-2 til.
Arrangør er Bergens seilforening, så oppmøte er på Hjellestad hos BS. Starten går kl. 12.

Her er resultatlista for Vintercupen før siste seglas (3 av 4 seglasar er teljande):

http://www.hordaland-seilkrets.no/default-css.asp?AID=12655&ID=14076&K=2632

X-faktor på Isbjørnen 2013.

søndag 16. mars 2014

Snøføyka 2014

Ein månad etter planen starta Snøføyka 15.mars. Eivind og eg segla X-faktor til Anglevik. Var framme laurdagsmorgonen litt over kl. 10. Eivind måtte ein tur i mastetoppen for å festa windexen før start. Morten og Torkjell kom med bil til Anglevik, og dermed var mannskapet klart. Værmeldinga på yr gjekk ut på 9 - 11 m/s frå vest ved Ramsøy. Det var bra vind før start så vi bestemte oss for å starta med genoa 3. Starten gjekk bra. Når vi nærma oss Geitanger vart det lite vind og vi bytta til genoa 1. Etter runding av Geitanger heiste vi spinnaker og segla mot Gulskjæret. Vinden låg no på mellom 4 og 7 m/s, og det var ganske platt lens innover Hauglandsosen. Etter runding Gulskjæret vart det kryssing vestover mot Øygardslandet der det var runding av bøye nord for Ågotnes. Vi hadde eit godt legg med gode slag og god fart i båten. Etter runding vart det spinnakersegling innover Hauglandsosen til målgang nord for Skorpa. Litt kaldt i lufta men ein fin dag på fjorden. Når vi kom tilbake til Anglevik fekk vi varm suppe. Det gjorde godt. Eivind og eg segla båten tilbake til Litlebergen og var framme der kl. 19.
Resultata er no klare. Det vart 6.plass i vår klasse. Sjå her
2.start har gått. Frå venstre Tussi, X-faktor, Ventus og Storm. Bilde henta frå Ran seilforening sitt fotoalbum

Eivind til rors og Torkjell kjører spinnaker på siste legget inn mot mål. Ramsøy i bakgrunnen.

torsdag 13. mars 2014

Ny autopilot

X-faktor har lagt hos Fjordsailing på Litlebergen i to veker og dei har montert ny autopilot. Raymarine Evolution EV-200 lineær. Dette vert bra greier. Den gamle autopiloten vart for treng når eg segla. Dessutan samarbeidde den ikkje med kartplottaren og dei andre instrumenta.
X-faktor på Litlebergen
\
Nytt lettlest instrument

Drivenheten på rattet er borte.

Ny kraftig drivenhet i stuerom akter.