fredag 19. juni 2015

Shetland Race 2015

X-faktor er snart klar for Shetland Race 2015.
I år vert det doublehanded med Eivind Tysse og eg som mannskap.
I alt er det påmeldt 30 båtar. Av desse seglar 4 båtar i doublehandedklassen.
Starten går onsdag 24.juni kl. 13.00 ved Marsteinen.
Meir opplysningar og tracking vil du finna her:
http://www.sailracesystem.no/regatta?regatta=1710

Her eit par bilder frå 2012 når Eivind og eg også segla doublehanded og vant overall på etappen Bergen-Shetland.
X-faktor forhold !

mandag 1. juni 2015

"Rormannen" singlehandedregatta

Laurdag 30.mai arrangerte Nordhordland seilforening singlehandedregattaen "Rormannen".
Idéen til denne regattaen fekk me vel etter å ha følgd med på "Silverrudder" i Danmark i fjor haust. Bjørn hadde laga forskjellige løp etter kva vindstyrke og retning som var meldt. Påmelding vart gjort via SMS og starten gjekk på klokkeslett uten bruk av startprosedyre og flagg m.m. Værmeldinga ved "Duene" var nordleg vind 7 m/s om morgonen så kl. 7 laurdagsmorfon fekk me som var påmeldt SMS om kva løp som skulle seglast. Det vart start ved Kvernane kl. 10.
5 båtar stillte til start: FS2, Mathilda, Kilroy, Steam og X-faktor.
Vilden kom akkurat i tide i startområdet og me la avgårde i 2 - 3 m/s nordleg vind. X-faktor kom best ut frå start og leda til me kom tvers av Hilland. Då gjekk Kilroy opp i ledelsen. Ved Sæbøflua minka det litt på vinden og det vart litt rotete vindforhold. Kilroy hadde lite vind ved Radøylandet medan X-faktor hadde meir vind ved Holsnøy-landet. Mathilda og FS2 tok no innpå.
Gjennom Bognestraumen gjekk det greit med eit par slag og god medstraum.
På Mangersfjorden tok vinden seg etterkvart opp. Kilroy leda an. X-faktor, FS2 og Mathilda hakk ihel.

Her er AIS-sporet til X-faktor (har ikkje laga spor frå Vetås til Bognestraumen.












Fine forhold på Mangersfjorden:



Etter eit par slag på Mangerfjorden sto eg opp forbi Skjelanger og segla retning litt nord for Stureterminalen før eg måtte slå. Dette gjekk bra.

Vinden var no oppe i 7 m/s og eg segla med tung genoa 1. Kilroy måtte no byta forsegl frå 1'ar til 3'ar. Dette tok tid og X-faktor var fremst i feltet. Når me nærma oss Marholmen nord i Øygarden vart eg forbisegla av FS2. Vinden var no oppe i 7 - 8 m/s og seglføringa var i meste laget.

X-faktor runda Marholmen rett bak FS2. Kilroy nærma seg igjen etter å ha fått opp genoa 3. Mathilda var heller ikkje langt bak og har jo lågt rating-tal!

Etter runding fann eg fram spinnakeren og sette opp spinnakerbommen. Var førstemann oppe med spinnaker og det var full fart mot Skjelangersundet. FS2 drøya litt med å setja så no var eg oppe på sida av han. Litt bygevær når me segla innover fjorden og vinden var på det meste oppe i 11 m/s og loggen viste opp mot 9 knop. Autopiloten styrte.
Mathilda og Kilroy sette ikkje spinnaker i Hjeltefjorden.
Det vart ganske platt lens så spinnakeren tvinna seg rundt forstaget nokre gonger, men eg fekk det ut igjen kvar gong.
Var litt spent når X-faktor og FS2 segla jamsides inn i Skjelangersundet.

FS2 for fulle segl inn i Skjelangersundet:

No vart det mindre sjø og lettare å kontrollera spinnakeren. Ved Ringholmen jibba eg og segla vidare mot Det Naudar.

Passering Det Naudar:

Ny jibb og vidare innover Herdlefjorden:

Eg segla nok litt for nær Øpso. Her var det lite vind. Vidare gjekk det i rykk og napp sørover i kraftige regnbyger.
No hadde også Mathilda og Kilroy fått opp spinnaker og hadde nok meir vind og tok innpå.

No fekk me melding om at det vart avkorting ved 60 grader 31 minutt. Ca. ved Holmeknappen.
FS2 passerte dette punktet eit par sekund før X-faktor. Hadde no segla i 6 timar og 12 minutt. Utsegla distanse var 34,8 nm.

Dette held til 2.plass etter Mathilda. Resultat finn du her.