mandag 22. mai 2023

Hjeltefjorden shorthanded 21.mai 2023

Søndag 21.mai 2023 arrangerte Ran seilforening regattaen Hjeltefjorden shorthanded. Det er tredje gongen eg deltar på denne regattaen. Ein gong doublehanded med Eivind, og i fjor singlehanded. Eg meldte med på i singlehandedklassen i år også. Det var 2 deltakarar i denne klassen, og 9 deltakarar i doublehandedklassen. Værmeldinga gjekk ut på 3 - 4 m/s frå sørvest, dreiande vest i løpet av første timen.

Starten gjekk kl. 12.05, og eg kom godt ut i starten, men brukte litt mykje tid for å få opp spinnakeren.

Hadde gløymd å festa spinnakerbomopphalet. Helst skulle eg hatt festa spinnakerfallet og sett opp bommen før start, men eg måtte ta ein runde eitt minutt før start, så det hadde hadde vorte problemer.

No var det skarp spinnakerslør mot Rotøyane. Litt for skarpt til tider. Ved runding Rotøyane gjekk spinnakerjibben greit. No segla me innover mot Gulskjeret med spinnaker.  Tok veldig inn på dei fremste båtane på dette legget. Tok ned spinnakeren litt tidleg, men slik er det å segla åleine.

No var det kryss utover mot babordrunding av Rotøyane. Det gjekk fint i den svake vinden. Ved runding Rotøyane laga eg klart til å setja spinnaker inn mot mål i Anglevika. No låg vinden på 4 - 5 m/s, og eg såg på båtane framfor (Levens og FS 2) at det var skarpt, sjølv med gennaker. Valde derfor å segla med genoa inn til mål. Brukte 2 timar og 18 minutt på seglasen. Det vart seier i singlehandedklassen. På korrigert tid var X-faktor nr. 3 av alle båtane. Det er eg fornøyd med.



Runding Rotøyane andre gong





  



X-faktor sitt spor frå Marintraffic

X-faktor har fått opp spinnakeren rett etter start

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar