tirsdag 13. januar 2015

Neglespretten 2015 avlyst - Orkan på Manger

Siste dagane før Neglespretten meldte yr.no sterkare og sterkare vind. For laurdag ettermiddag meldte yr.no 37m/s frå vest/nordvest for Mangersneset.
Åsane seilforening avlyste Neglespretten torsdag og det var nok rett. Yr.no meldte 24 m/s på Byfjorden.
Laurdag formiddag var eg i båthamna og klargjorde for den sterkte vinden. Sprayhooden var tatt ned og sikra. Det var no for seint å ta av storseglet, så eg surra tau rundt storsegltrekket slik at det ikkje kunne blafra. Sette også på ekstra fortøyningar.
I 11.30 tida laurdag var det storm frå sørvest. Rundt kl. 13 roa det seg og vinden dreia på vest, seinare vest/nordvest. Vinden auka utover ettermiddagen og det blas orkan frå ca. kl. 16 til kl. 19.


Var nede i båthamna ca. kl. 17.30. Sjølv om hamna ligg skjerma av Toskavegen bygde det seg opp store bølgjer og vinden var ekstrem. Det var berre å kryssa fingrane og la det stå til. Det var ikkje mogeleg å gå utover bryggja.
Var nede igjen i hamna i 21-tida. Då hadde det minka til storm. Var også nede i hamna igjen søndags morgon.
Det hadde gått bra. Ein fender samt plastdekselet på eitt av instrumenta hadde båst bort.
På nabobåten, ein Princess 38, hadde styrbord fortøyning framme slitna ( 3 tau) og feste på utliggjaren hadde fått seg ein trøkk.



Her er X-faktor mandag ettermiddag. Vinden var då frå sørvest og opp i sterk kuling. Utliggjaren er sikra med stropper.


søndag 4. januar 2015

Snart klar for Neglespretten

Presenningen er tatt av og båten er vaska i sjøvatn.
Bunnen er kosta. Storseglet er på.
I tillegg til Eivind, Torkjell, Magne og eg vert også Bjørn Rundhovde og Steinar Hansen med.
Eg håpar på at været ikkje vert for gale til helga slik at eg ikkje kjem meg inn til Bergen på fredag!


Her er link til påmeldte båtar:http://aasane.no/regatta/paameldte.php?regatta=Neglespretten