mandag 28. mai 2012

Bilder frå Seilmakeren doublehanded 2012


SDH 2012
https://photos.app.goo.gl/bgsGHi65tYuLwSe99

Her er fotoalbumet frå Seilmakeren doublehanded 2012. Det vart ein seglas i lite vind, og i lange periodar ingen vind. Det er første gang me har ankra opp for ikkje å reka tilbake. Me brukte 18,5 timar frå Askøy til Florø. Der var det 6 timars pitstop. Deretter brukte me 19,5 timar på turen tilbake. Det vart til slutt 6.plass i klassen der det var totalt 18 båtar. Dermed vart det premiering også i år. Dessutan fekkTorkjell raud vimpel for 3 fullførte SMDH (alle med X-faktor). Eg fekk som einaste deltakar blå vimpel for 6 fullførste SMDH. Me stiller nok opp igjen neste år også!

lørdag 26. mai 2012

Seilmakeren doublehanded 2012


Mykje vindstilla under Seilmakeren doublehanded 2012. Her er Torkjell til rors rett etter restart frå Florø. Han ser litt trøytt ut!! Me vart til slutt nr. 6 i klassen og vart premierte. Eg kjem tilbake med meir stoff og bilder frå turen.

lørdag 19. mai 2012

Seilmakeren doublehanded 2012 nærmar seg


Søndagssegling i Hjeltefjorden 20.mai.
 Torsdag 24.mai kl. 18.00 går starten på Seilmakeren doublehanded. Her er heimesida til regattaen. Her finn du deltakarliste og meir info. Nytt i år er at det er 6 timar pit-stop i Florø. Her vil det også koma link til tracking slik at du kan følgja med på regattaen. Det er 56 båtar påmeldt. Mannskap i år vert som dei 2 føregåande år Torkjell og eg. Værmeldingane er fine: Sol og rolege vindforhold. Dette vert utruleg spennande! Her er artikkel som stod i Seilmagasinet.no i dag.

søndag 13. mai 2012

Jomfruturen 12.mai 2012

Laurdag 12.mai var det klart for første klubbregatta i Nordhordland seilforening. Torkjell og eg tok dette som første trening til Seilmakeren doublehanded som startar 24.mai. 4 båtar stillte til start og det vart som vanleg kniving mellom Julianne og X-faktor. Det var bygevær og vinden varierte mellom 4 og 11 m/s frå NV. Me var litt rustne begge to, og gløymde oss litt bort i starten. Var nesten eit halvt minutt for seine over startstreken. Julianne runda første merke litt framfor oss. Så fekk me no etterkvart opp spinnakeren og segla mot Isdalstø. Me runda i Isdalstø rett framfor Julianne. På kryssen opp igjen til Hilland hadde me fint driv og god fart i båten. Segla med 3'ar og fullt storsegl. På spinnakerlegget tilbake til Isdalstø og mål blas det godt og me såg 9 talet på loggen. Me var ca. 8 minutt før Julianne i mål, men på korrigert tid vart me slått med 42 sekund. Det vart ikkje noko fotografering, men eg tok eit bilde av nyebåten til Alf, Steam, på veg heim igjen.

onsdag 9. mai 2012

Sjøsetjing 9.mai 2012

Kl. 8 i dag tidleg var det sjøsetjing. Til helga seglar Torkjell og eg NHS sin første regatta i år, Jomfruturen. Dette tar me som trening før Seilmakeren doublehanded.  



lørdag 5. mai 2012

Snart klar for sjøsetjing

 
Posted by PicasaX-faktor er polert og voksa. Først Jotun gelcoat cleaner og deretter Jotun Hardvox. Fått på 2 strøk med VC17 bunnstoff. Har skifta girolje og tærezink på drevet. No gjenstår spraying av drevet og polering av propellen + tærezink på propellen. Satsar på sjøsetjing mandag 7.mai slik at me er klare for NHS sin Jomfrutur laurdag 12.mai.