fredag 28. august 2026

Stavanger singlehanded 22.august 2026

Etter å ha deltatt på Stavanger singlehanded i 2025, hadde eg lyst til å delta også i 2026. Morten ville også delta med Cruella devil.  Me starta på turen sørover torsdag 20.august, og segla til Espevær første dagen. Fredag 21.august segla me frå Espevær til Stavanger der me vart tatt godt imot og fekk båtplassar på Sølyst, Grasholmen. 13 båtar var påmeldt, og 11 av desse stilte til start. Det var skipparmøte i Stavanger seilforening sine lokaler kl. 09.30. Deretter gjekk me til startområdet utanfor Seilforeningen 1928 der starten gjekk kl. 11.00. 


Løpet var frå start, nordaustover til styrbord om Horge, søraustover til runding Aspøy om babord, tilbake rundt Horge til mål ved Seilforeningen 1928. Løpet var ca 23 nm. Det var meldt mykje vind frå NV. Mest vind var meldt når me skulle runda Horge 2.gong: 10 m/s med vindkast på 14 m/s. Eg valde å starta med genoa 3 og 2 rev i storseglet. Det segla eg med heile tida. Hadde god start og me kunne stå på eitt legg til runding Horge. 

Starten har gått. X-faktor til venstre i bildet.



Etter runding Horge var eg skeptisk til å setja spinnaker. Fleire og fleire fekk etterkvart opp spinnaker, og eg bestemte meg etterkvart for å setja spinnakeren. Tapte ein god del på å venta so lenge. 

Har omsider fått opp spinnakeren

Spinnakerseglinga gjekk heilt fint, og fekk greit ned spinnakeren når eg nærma meg Aspøy. No var det kryssing utover Høgsfjorden. Skulle ha halde meg på austsida av fjorden heile tida. 

X-faktor sitt spor frå Navionics

Når me no nærma oss Horge for andre gong blas det mykje. Vinden var oppe i 13 m/s og det var godt når eg kunne runda Horge og setja kursen mot mål. 

X-faktor nærmar seg mål.
Ikkje noko toppresultat i år, men er fornøyd i tøfft vær og tøff konkurranse.

Resultatlista:


Søndag 23.august sette me kursen heimover i nordavinden. Det vart motor til Haugesund, og vidare til Manger mandag. Var i hamn kl. 21.30 mandag kveld. 

Dei flotte bildene (+ fleire frå regattaen) er tatt av Trond Atle Huth og ligg på Stavanger seilforening si FB-side. 

tirsdag 18. august 2026

Nordhordland seilforening sin Sommerregatta 15.08.2026

Laurdag 15.august 2026 arrangerte Nordhordland seilforening sin årlege regatta "Sommerregatta". X-faktor stilte til start saman med 6 andre båtar. Det var 2 m/s vestleg vind når starten gjekk kl. 14.00. Spinnakerstart. Starten var på Kvernafjorden og løpet vidare var til runding bøye ved Knarvik kai, Hamreflu stake, bøye ved Knarvik kai, bøye ved Løypetona og mål ved Krossnessundbrua. Når me nærma oss Hagelsundbrua vart det tilnærma vindstille, men kom oss vidare mot Knarvik kai. Hegren segla jamsides med X-faktor under Hagelsundbrua. Hegren låg etter det bak X-faktor med varierande avtand, men eg greidde ikkje å få nok avstand til å slå Hegren på korrigert tid. Mellom Knarvik kai og Hamreflu stake var det varierande vind og vindretning. Frå Knarvik kai, andre runding, til Løypetona stod eg på same hals. Måtte ta eit lite slag før runding. 

Eg filma ein del, so det kjem ein kort video med nokre klipp frå regattaen.


Her er resultatlista:

Nokre bilder:


Mot Nordhordlandsbrua


tirsdag 4. august 2026

Byte av segl

I sommar har eg hatt på dacron-storseglet, lazybag og rulleforsegl (Elvstrøm Furling Jib Fatfurl.

No hadde saltet regna av segla, og dei var no skikkeleg tørre. I dag har eg derfor tatt av segla og lazybaggen, pakka fint saman og tatt heim.

Dacron storseglet er eit North Sail fullspila med 5 spiler. Det er sikkert frå 1998 når båten var ny. Solid og fint tursegl kombinert med lazybag. 

Lazybaggen. Spilene pakka saman.


Elvstrøm Furling Jib Fatfurl med 2 lange spiler og 2 korte spiler i akterliket.
Det var nytt i Mai 2017. Flott segl.

Mai 2017

X-faktor klar for dei nyaste segla og haustsesongen.