tirsdag 10. november 2020

Presenningen på



Tirsdag 10.november fekk eg på presenningen. 
Har også skifta girolja.
Putene er tatt heim i kjellarstova. Det er også segla, sprayhooden og kicken. 
Mange av taua er vaska og lagra heime.

mandag 2. november 2020

X-faktor på land for vinteren

 Laurdag 31.oktober vart X-faktor løfta på land på Litlebergen der den skal stå fram til våren 2021.

Eg kosta bunnen i veka før opptaket, så det var ikkje så mykje slim under.

Kjørte motoren i ferskvatn ca. 10 minuttar før eg flytta slangen til sjøvasspumpa over i bøtta med 50/50 frostveske og vatn. Etterpå skifta eg olje og oljefilter på motoren.

Kjøpte ei brukt OPI krybbe i vår. Kjøpte i tillegg 4 kjølstopparar.

I tillegg til krybba og stokkar under baugen og heilt akter, har eg fått låna 2 opplagsstøtter.
No er berre å få på presenningen.



tirsdag 13. oktober 2020

Tur til Nautnes 12.oktober 2020

 Flott vær i midten av oktober. Wenche og eg tok ein segltur til Nautnes i Øygarden måndag 12.oktober. Segla frå Manger, under Nordra Staumøysund bru ved Tjeldstø, vidare den tronge leia nord for Heggholmen, nordover Alvheimsundet til Nautnes. Der var me i land og såg oss rundt. Deretter segla me nordover mot Hellesøy og rundt Rubbeganståna og heimatt. 4 - 5 m/s frå N/NV i Hjeltefjorden på heimturen.

Ved flytebryggja på Nautnes


Nautnes. Bilde tatt frå brua.




Laksholmsundet



Spor frå Marinetraffic. Ikkje så god dekning vest for Øygarden.








søndag 11. oktober 2020

Flott bilde av X-faktor

Wenche og eg hadde oss ein tur i Uttoskavågen laurdag 10.oktober. Karsten Sjøstrand tok eit flott bilde av X-faktor i solnedgangen på veg inn igjen i hamna i Mangerøy. Dacronstorseglet og det gamle rulle-forseglet.



tirsdag 6. oktober 2020

Windjammer 3.oktober 2020

For andre gong var X-faktor påmeldt Windjammer på Stord. Eg segla frå Manger til Kolbeinshamn på torsdag 1.oktober, og frå Kolbeinshamn til Leirvik fradag 2.oktober. Eivind Tysse skulle vera mannskap og han kom laurdags morgon til Leirvik. 33 båtar var påmeldt. 32 båtar starta. Dei fleste i doublehandedklassen, medan nokre båtar var påmeldt i singlehandedklasse, klasse utan spinnaker, turklasse og 4 båtar i eigen klasse for sportsbåtar.

Værmeldingane vart sjekka mange gonger før regattaen. Ved startområdet, Ytstholmen, var det meldt 8-9 m/s frå aust. Ved Hille og Fluholmen var det meldt 9-10 m/s. Ved Ilholmane 5 m/s. Alt frå Aust. Med denne austlege vinden, og sterk vind i fjellet, ville det koma vindråser. Vinden var fredag meir SØ, og det var venta at den ville vera søraust også laurdag.

Starten gjekk kl. 12.00. X-faktor med eitt rev i storen og genoa 3. Me hadde ein kjempegod start, men grunna kaos på startlina og mange tjuvstartar vart det generell tilbakekalling. 

Første start

Dermed var det påan igjen. Me mista litt oversikten og konsentrasjonen, og var langt frå startlina når starten gjekk. 


Etter nokre slag ut frå start runda me Ytstholmen på veg mot Hille som båt nr. 6 (trur eg). 

X-faktor sitt Spor frå Marinetraffic

Det gjekk unna med stikk i skjøtet mot Hillekalven. Frå Hillekalven til Fluholmane auka vinden til 13-14 m/s i kasta og me sleit med å halda god nok båtfart. Gleden, Silje og Vito 4 m.fleire segla forbi oss. Etter eit par slag bar det innover mot Ilholmane med stikk i skjøtet. Mykje vind til å begynna med. I le av Fjellberg var vinden nede i 2 - 3 m/s før den tok seg opp igjen til 5m/s ved Ilholmane. No var det spinnakerseglas mot mål i Leirvik. Me rota litt når me skulle setja spinnaker. Nedhalet på spinnakerbommen var ikkje festa, og kasteblokka på barberhalet spratt opp slik at spinnakerbommen stod rett til værs. Me sleit med å få den ned når det no hadde kome skikkeleg press i spinnakeren. Fekk det etter kvart på plass. Me prøvde å stå so høgt som mogeleg for å ha noko å gå på mot mål. Vinden ville auka inn mot Leirvik. Det vart skarpt, og når me fekk vindråser opp i 9 m/s fekk me 3 broachar der me tapte noko. Båtane rundt oss broacha også so me var i godt selskap. Gleden hadde sleppt seg litt lenger ned enn X-faktor, og me greidde å segla forbi dei før mål. Det vart berre 35 sekund, og dermed for lite til å slå dei på korrigert tid. X-faktor stod med spinnaker heilt til mål og me gjekk over målstreken i 9 knop. Det var ikkje langt til land så spinnakeren måtte ned i ein fart. Fartfylt og spennande regatta. Her er resultatlista.

Gleden og X-faktor ved kai i Leirvik etter regattaen.

Sjå og Youtube-video https://youtu.be/QDbVauZ-zS8


  






torsdag 24. september 2020

Nr. 11 på Shorthandedrankinga etter endt sesong 2020.

sjå heile lista nede i denne artikkelen: https://www.seilmagasinet.no/norgesmesterskap-shorthanded-ranking-shorthanded-seiling/yngve-lonmo-er-rankingleder-etter-sesongslutt/704709 

...og nr. 25 på lista "Årets shorthandedseglar 2020" etter å ha deltatt på alle rankingregattaene i Vestland seilkrets.  3.plass i Stord shorthanded, 2.plass i Stord rundt, 2.plass i Shetland Race Corona edition, 1.plass i Askeladden og 2.plass i Bergen singlehanded.

https://www.seilmagasinet.no/files/2020/09/22/20200921%20Aarets%20Shorthanded-seiler.pdf

Eg er med det høgast ranka på begge listene i Vestland fylke,                                                                  og nr. 2 på lista for heile Vest- og  Nord-Norge etter Thomas Robberstad frå Stavanger.

Frå Askeladden laurdag på veg mot Våge, Tsnes


mandag 7. september 2020

Bergen singlehanded 5.september 2020

Bergen singlehanded er årets høgdepunkt, og eg var ein av 5 som hadde deltatt på alle 9 regattaene. I lag med 37 andre var eg derfor påmeldt til regattaen i år også. 10-årsjubileum!
Fredag 4/9 segla eg sørover Hjeltefjorden og heilt til Bergens seilforening. Det tok 5 timar, og vinden var oppe i SV 12 m/s ved Ramsøy.
Framme i BS vert me tatt godt imot, og gjengen var etterkvart samla.
Været og løpsval var det store spørsmålet. 
Laurdag morgon var eg tidleg oppe og sjekka værmeldingane. Det skulle verta 10 m/s ved Marstein fyr frå vest. 5 m/s i startområdet. Då vart det genoa 3 og fullt storsegl frå start. 
X-faktor var første båt i startområdet kl. 10. Det var veldig stillt. Ein liten trekk frå NV. Etterkvart fekk vi oppgitt løp "Austevoll rundt". Løpet går frå start ved i Bjelkarøyosen til runding Marstein fyr, deretter gjennom Austevoll (Terneskjeret, Pirholmen, Krosshamnsundet) og til mål Bjelkarøyosen. 28 nm. 
Starten gjekk kl. 11.00 for klasse uten spinnaker og No-rating. Kl. 11.05 gjekk starten for oss andre.
Eg sette spinnakeren like før startskotet og kom greit avgårde ved babord merke.
Gleden og X-faktor var vel dei einaste båtane som segla sør for fiskeoppdrettet. Det gjekk bra. Båtane nord for fiskeoppdrettet fekk vindstilla ei lita stund. Eg kunne sjå at vinden låg lenger ute i Korsfjorden der sjøen gjekk kvit. Eg fekk ned spinnakreren ned i grevens tid, og la avgårde i 7 m/s på full kryss. Båtane som segla nærare Kleppholmen hadde nok betre straumforhold, men eg kunne ikkje slå meg inn der synes eg. Eg kjørte på til eg måtte slå ved Austevollslandet. Etter å ha slått møtte eg Vandal for styrbord halser. Trudde eg kunne gå framfor, men skjønte etterkvart at eg måtte vika. Tok eitt lite planlagt slag, men slo raskt tilbake. Ikkje bra. No segla eg for langt  før eg slo igjen. Siste slaget før eg runda Marsteinen tok eg tidleg. Eg ville ikkje overstå. Det såg eg at mange andre båtar gjorde. Fekk god høgde og runda med stikk i skjøtet. Tok innersvingen på mange båtar. Kelso og Vandal, som hadde lagt framfor meg ei stund, var no bak X-faktor. 

X-faktor sitt spor frå RaceQs
X-faktor sitt spor frå RaceQs

Mykje sjø ute ved Marsteinen. Det kjem sånn nokonlunde fram på videoen.
Etter runding bar det innover mot Terneskjeret. Rom slør, store bølgjer og vind opp i 10 m/s. I ein surf viste loggen 10,9 knop.

X-faktor fotografert frå Kelso etter runding Marsteinen.

Når eg kom til Terneskjeret var planen å setja spinnakeren på styrbord hals ( slik den vart tatt ned i luka), og deretter jibba og segla mot Pirholmen. Som tenkt sette eg spinnakeren, vinden var nede i 6 - 7 m/s. Når eg hadde fått sett den kom det ei vindråse på 9 - 10 m/s. Eg vågde ikkje å jibba spinnakeren, og tok den ned. Etter jibben måtte eg ta meg litt inn igjen og åt nista mi. 
Eg tredde om spinnakerfall, skjøte og bras og var klar til å setja for babord halser.
Lenger framme kunne eg sjå at Levens og Tigergutt hadde utfordringar med å segla spinnaker og valde å segla med genoa og ikkje rota dette til. Eg ser i ettertid at eg kunne sett spinnaker i nokre periodar.
Eg segla nært Pirholmen og låg meg så langt aust som mogeleg vidare for å få best mogeleg vind. Frå Austevollsbrua til Krosshamnsundet var det flotte forhold og farten var oppe i 8 knop. Vandal nærma seg bakfrå med ein liten gennaker, men eg greidde å halda han bak meg til mål.
I Krosshamnsundet var det omtrent vindstille, men eg kom meg gjennom heilt inne ved land på austsida. No auka vinden på igjen, og når me kom ut på Korsfjorden var vinden oppe i 11-12 m/s og det gjekk unna i stor fart.

X-faktor og Vandal på veg mot mål. Fotografert frå Krabbelure av Henrik Wigers Larsen


Her er Youtube-video frå regattaen:



Her er resultatlista
Det vart 2.plass i klasse med spinnaker, rating opp til 0,960. Shiraz, ein Albin Cumulus, var 32 minuttar etter X-faktor i mål, men med låg rating vann den på korrigert tid med ca. 6 minuttar.

Det er første gongen at "Austevollsløpet" vert segla i denne regattaen.  Eitt flott og spennande løp. 








 

tirsdag 1. september 2020

Askeladden - Os seilforening - 29. og 30.august 2020

For første gong meldte eg X-faktor på til regattaen Askeladden som vert arrangert av Os seilforening. Korkje Eivind eller Torkjell hadde høve til å vera med, så eg meldte på i klasse singlehanded. Det kunne vera grei trening til Bergen singlehanded 5/9. Eg vart einaste båt i denne klassen. I doublehandedklassen var det påmeldt 13 båtar og i turklassen 3 båtar. Starten laurdag gjekk ved Blia kl. 11. Det var meldt lite vind ca. 2 m/s frå NV som skulle auka litt utover dagen. Løpet som skulle seglast vart: Frå start til runding merke ved Bleikjo, runding merke i Strøneosen og mål utanfor Våge på Tysnes. Som einaste singlehandedbåt ville eg unngå trengselen ved styrbord startmerke. Satsa på start nærare babord merke. Var litt for langt frå startlina når starten gjekk og fleire store båtar rundt meg tok vinden frå meg. Når eg endeleg fekk fri vind held eg meg litt lenger aust enn dei andre. Det fungerte fint og eg segla mot Trollsøya i Austevoll med fin skjæring. Her ein liten video frå starten laurdag:

   
 Etter runding av merket ved Bleikjo skulle me segla mot merke i Strøneosen. Dette gjekk på babord hals heile vegen. Mange segla for høgt og måtte falla av på slutten. Eg hadde god fart med Genoa1 på dette legget. Hadde stikk i skjøytet siste delen før runding. Ved runding i Strøneosen sette eg spinnaker frå posen i nedgangsluka og jibba deretter. No var det mot mål utanfor Våge. Segla først mot Rekstern og jibba ein gong mot mål. Kunne nok segla litt lenger før eg jibba, men hadde fin fart mot mål i 5 m/s vind. Var i mål som 5.båt, og det viste seg å halda til ein 2.plass overall. 
Her på veg mot mål:
Her er sporet på laurdag til X-faktor frå Marinetraffic:
I hamn på Våge utanfor Mandelhuset:
Søndag gjekk starten frå Våge kl. 11. X-faktor var første båt i startområdet. Værmeldinga gjekk ut på 4 m/s frå N/NV aukande til opp i 10 m/s borte ved Austevoll etter eit par timar. Løpet som skulle seglast i dag var Start, deretter merke i Strøneosen, merke ved Bleikjo og mål i Strøneosen. Vinden i starten var berre 3 m/s. Eg ville unngå seglskift undervegs, så det vart 3'ar frå starten. Andre båtar starta med 1'ar og skifta til 3'ar ved Røttingtangen. Andre segla med 1'ar heile vegen. Fekk ein bra start. Ville ikkje segla for høgt. Det var litt bølgjer og eg ville koma meg vestover der vinden skulle vera sterkare. Venta nok litt for lenge før eg slo første gongen. Hadde god fart heile vegen til første rundingsmerke i Strøneosen, men hadde mange båtar framfor meg. Etter runding var vindvinkelen ca. 120 grader og vindstyrken hadde kome opp i 8 m/s. Spinnaker var ikkje aktuelt. So vidt eg kunne sjå var det ein båt som sette gennaker.
Det gjekk fort ned til Bleikjo, rundt 8 knop heile vegen, og eg runda samtidig som First 40.7 Susanne. Eg meiner at eg hadde hatt rett til å runda innerst, men 40.7'en med Bernt Svendsen til rors ville det annarleis. Eg ropte at han ikkje hadde overlapp, men eg måtte trekkja meg unna. Etter runding ville eg ta eitt rev i storseglet. Når eg skulle sleppa ned storseglet oppdaga eg at strømpen på storseglfallet hadde slitna og eg sleit litt med å få slakka ned. Etter litt plunder gjekk det greit. På dette siste legget var det igjen mange som segla for høgt og måtte falla mykje av på slutten. No var vinden oppe i 9 - 10 m/s og ganske mykje bølgjer. Eg sleit litt med farten, men når eg kunne stikka litt vart det betre. Skarven, Sun Fast 37, med omtrent lik rating som X-faktor, segla forbi meg på slutten med full seglføring. Det var litt surt. 
Her er sporet til Tussi og X-faktor på søndag frå RaceQs. Tussi går høgare og fortare heile vegen.
Alt i alt ein flott seglas. Spesielt laurdag synes eg at det var flotte forhold for singlehandedsegling. Mange la merke til spinnakerjibbane mine. Spinnakeren stod gjennom alle jibbane. GoPro kameraet svikta meg denne helga så det vart lite filming. Eg brukte 7 timar for motor frå Strøneosen til Manger i frisk bris frå nord. Her er resultatlista (litt innvikla !)

mandag 24. august 2020

NHS Sommerregatta 22. og 23.august 2020

Sommerregatta laurdag 22.august og søndag 23.august vart segla doublehanded av Ivar Øvretvedt og skipparen. Værmeldingane for laurdag gjekk i veka før ut på vind opp i 11 - 12 m/s frå sør. Laurdag morgon var meldingane endra til 7 - 9 m/s frå sør. Starten gjekk ved Nordhordlandsbrua kl. 14 og me skulle segla sør til rundingsbøye ved Bakarvågen og tilbake til Nordhordlandsbrua. 6 båtar stilte til start, men 2 båtar gav seg etter kort tid. Me kom bra ut i starten midt på linja. Vinden var i starten oppe i 10 m/s på det meste. Me segla med 3'ar og eitt rev i storseglet. 

X-faktor og Calluna etter starten. Foto: Madeleine Bratshaug

Det var grei seglføring. Me fant ikkje heilt ut av straumforholda og hadde nokre dårlege kryssingsvinklar. 

X-faktor sitt spor laurdag
 

Spesielt ved Morvik og mot Tertnes. Sjå bilde. Plutseleg var Anchrissi godt framfor oss. Me hadde greidd å få litt avstand til Mathilda, men no tok både dei og Calluna kraftig inn på oss. Rett før Strømnesholmane tok me ut revet og segla med fullt storsegl. Me runda ca 5 minuttar etter Anchrissi som båt nr. 2.  

Eg var litt defansiv og hadde ikkje laga godt nok klar til å setja spinnaker etter runding. Fekk etterkvart opp spinnakeren og segla på same hals heilt til mål. Vinden hadde roa seg litt på returen, men ved Frekhaug kom vinden opp igjen i 8 - 9 m/s og me kom opp i 9 knops fart. Når me nærma oss Salhus segla me forbi Anchrissi som ikkje sette gennakeren. 

Hadde fin spinnakerseglas heile vegen til mål. Var først i mål, men Mathilda slo oss på korrigert tid.


Video: Stian Flataker.

Resultatliste lørdag ligg her.

Søndag gjekk starten kl. 11. Nordvestleg vind som skulle koma opp i 3 - 4 m/s ved Sæbøfluna. Denne dagen stilte heile 9 båtar opp til start ved Tjuvholmen. Det var ein liten bris ved start, men vinden minka til under 1 m/s etter ei stund. Nordover mot rundingsmerket Sæbøfluna var det vanskeleg forhold med lite vind, skiftande både i styrke og retning - og motstraum. Etter å ha leda ut frå start segla Mathilda etterkvart forbi oss. Dei andre båtane vart langt etter. Vinden kom etter at me hadde passert Vetås. Opp i 6 m/s. Me fekk god høgde mot Sæbøfluna og det såg ei stund ut til at me kunne stå heilt opp og dermed segla forbi Mathilda. Det greidde me ikkje og måtte ta eit lite slag før runding. Mathilda og X-faktor runda samtidig med Mathilda nærast merket. Etter ein jibb fekk me raskt opp spinnakeren og segla mot mål. Det vart 4 - 5 spinnakerjibbar som gjekk fint.Hadde bra vind og god fart heile vegen. X-faktor var igjen først i mål, men Mathilda var berre 2 1/2 minutt bak og vann på korrigert tid.

Resultatlista søndag ligg her.

Ingen bilder frå søndag.Takk til Ivar som har vore DH makker på mange tirsdagstreningar, Holsnøy rundt og Sommerregttaene.

mandag 29. juni 2020

Shetland Race Corona Edition 2020

Torsdag 25.juni kl. 10 gjekk starten på årets Shetland Race. Det var ein kort Korona-versjon med start på Raunefjorden og målgang ved Glesvær på Sotra. Totalt 13 nautiske mil.
Det var meldt lite vind, og starten gjekk i ca. 1 m/s frå SV.
Her ein liten video lagt ut av Shetland Race frå starten:

Me kom bra ut over startlina og segla mot Raunane. Levens, Elan 37, greidde å siga ifrå oss. Me kom betre ut enn dei som segla litt lenger nord mot Lerøyosen. I Lerøyosen var dei greie forhold for dei 3 fremste båtane: X-fram, Winocen og Levens. Dei hadde vind og kom seg greit vidare. For resten av båtane vart det ein tolmodighetsprøve, men X-faktor kom seg vidare som tredje båt. Når me kom på Korsfjorden kom det etterkvart fin vind frå SV dreiande til V opp i 5 m/s.

Kelso og X-faktor på Korsfjorden. Foto Anne-Lise Myklebust

Kelso og X-faktor følgde kvarande frå Lerøyosen heilt til mål. Vinden minka utover Korsfjorden og når me skulle dreie nordover Toftøyosen vart det vindstille. Det gjekk veldig seint nordover, men eit stykke frå mål vart det ein liten trekk slik at me segla over mål med spinnaker i 4 knop. Målgang var kl. 17.58.

Kelso og X-faktor rett før målpassering. Foto: Anne-Lise Myklebust

Spor frå Marinetraffic


Det held til 2. plass i DH-klassen etter Levens som hadde gått i mål fleire timar før oss. Takk til Eivind som var mannskap. Resultatliste https://sailracesystem.no/regatta?regatta=3301&resultat=1r.

X-faktor i Glesvær med alle Shetland Race- flagga.






tirsdag 23. juni 2020

mandag 25. mai 2020

Litt video frå Stord shorthanded 23.mai 2020 ombord i X-332 X-faktor

Stord shorthanded 23.mai 2020

Fredag 22.mai starta eg frå Manger kl. 08.45 for å "segla" til Leirvik på Stord. Det var meldt vind imot heile dagen, mest om ettermiddagen. Det gjekk greit til eg kom forbi Korsneset og  over Bjørnafjorden. Når regnværet kom var vinden oppe i 19 m/s ei lita stund. Elles låg det på 12 - 14 m/s. Gjekk ikkje fort på fram. Etter 12 timar for motor var eg framme i Leirvik kl. 20.45.
Det var dårleg påmelding til regattaen. 5 båtar i singlehandedklassen og 1 båt i doublehandedklassen. Singlehandedklassen tel med i Seilmagasinet si shorthandedranking, men det føreset minst 6 deltakarar i klassen. 
Værmeldinga for laurdag gjekk ut på vind frå sør. Ved Bømlabrua var vinden meldt til opp i 11 m/s. Windy viste 9 m/s, men med sterke vindkast.
I startområdet var det lite vind og me kom oss greit avgårde kl. 12. X-faktor plasserte seg godt og fekk ein god start. Utover auka vinden og vindkasta på. Etter eit slag bar det utover Bømlafjorden. Etter 11 slag runda eg Hestholmsflua framfor Silje og Levens. Begge var på eit tidspunkt godt framfor meg.
No var det lens nordover Nyleia. Sterke vindkast. Eg skulle etter ei stund ha meg litt mat. Med det same et tok første bitet av brødskiva kom det ei vindkule og båten brocha. Fekk den på kurs igjen og venta litt med eting. Eg greidde å halda unna for Levens og Silje på dette strekket fram til runding Brømenholmen. Det imponerte meg. Farten låg mellom 7,5 og 9 knop. Etter runding nærma Levens seg raskt. Etter første slaget måtte eg slå tilbake for å vika for Levens. Mista farten. Silje segla etterkvart også forbi. Ved Sørstokken fekk eg eit forfordeleg dårleg slag og låg lenge sidelengs før eg fekk båten på rett kurs igjen. Det var nok her eg mista muligheten for å vinna klassen. Både Levens og Silje har høgare rating enn X-.faktor og måtte vera eit stykke framfor. Etter passering av Bømlabrua bar det mot mål ved Eldøyane. Var oppe i 10 knop rett før målpassering. Var i mål kl. 16.43. På korrigert tid var det 3 minutt etter Levens og 6 minutt etter Silje som vann. Her er resultatlista.


X-faktor sørover Stokkesundet i sterk vind. Foto: Jostein Vågenes

Etter målgang segla eg nordover Langenuen. Var framme i hamn hos Bergens seilforening kl. 21.15 etter heftig seglas nordover. Søndag bar det vidare til Manger i nesten ingen vind.

      Spor frå Marinetraffic

torsdag 14. mai 2020

Service på vinsjane

Då har eg hatt service på alle 4 vinsjane. Plukka frå kvarande, vaska i white sprit, tørka, sett inn med grease, og smurd stopphakane med vinsjolja. Vart bra.

mandag 11. mai 2020

NHS Vårregatta søndag 10.mai 2020

Det var meldt mykje vind og sterke vinkast i Mangersfjorden søndag 10.mai - middelvind 9 - 12 m/s frå N/NV. Det var truleg derfor det berre var 3 båtar som stilte opp: Anchrissi, Kilroy og X-faktor.
Eg segla singlehanded, Anchrissi DH og Kilroy med mannskap.
Starten gjekk kl. 14.00 i Bognestraumen, og me skulle segla løp 2. Frå start til bøye ved Trettholmen eller sørspissen av Flona, deretter inn igjen til Bognestraumen og vidare til mål i Mangersvågen.
Eg sette hardværsfokken på rull, og sette storsegl med 2 rev. Kom bra ut frå start og hadde god høgde i forhold til dei 2 andre båtane. Trudde ei stund at eg kanskje kunne stå opp til rundingsmerket, men vinden dreia litt og eg måtte ta 4 slag før eg kunne runda. Sleit i slaga i den sterke vinden. Eg må trena på å slå utan å bruka autopilot. Når eg skulle runda bøyen mista eg litt kontrollen. (sjå videosnutt lenger nede) Måtte sleppa fokken heilt ut for å få svinga rundt bøyen. Skjøtene lausna og for ut gjennom løygangen. Eg hadde ikkje sett knute i enden. Etter runding måtte eg derfor rulla inn fokken og få skjøtene på plass igjen.
Seglasen inn til Bognestraumen var grei. Var oppe i 9 knop. Etter runding i Bognestraumen var det kryss utover igjen. Slo ein gong og hadde då kursen mot Mangersvågen og mål. Vinden var oppe i 15 m/s. Anchrissi hadde 35 knop på vindmålaren på det meste. Resultatliste finn du her. Anchrissi slo X-faktor med 2 sekund på korrigert tid !

Friskt! Alle foto: Kaj Alexander Johnsen
Nordover mot Toska
X-faktor har slått innover. Var ei stund redd for at eg måtte vika for Kilroy som hadde styrbord halser.


X-faktor sitt spor frå Marinetraffic.


Anchrissi sitt spor på Marinetraffic




onsdag 6. mai 2020

Nordhordland seilforening sin treningsregatta 5.mai 2020


Kort video frå treningsseglasen 5.mai 2020 ombord i X-332 X-faktor. Singlehandedsegling. 
Starten gjekk kl. 18.30.
Vind: 3 - 4 m/s frå SV / V. Start ved Nordhordlandsbrua. 
Runding på breddegrad 60.28.00 i Byfjorden og tilbake til Nordhordlandsbrua.

torsdag 30. april 2020

Feil på forstagsfestet

Det kom for nokre dagar sidan opp på X-332 klubben si FB-side at fleire hadde oppdaga sprikke i forstagsfestet på X-332. I Danmark har det også vore mastehavari p.g.a. at beslaget har gått i stykker.
Ein X-332 eigar har vore i kontakt med X-yachts og skriv: They know about the problem but says it’s a natural response for 20 years off small sideways vibrations !
Dette måtte eg få sjekka.
For å sjekka dette må forstagsfestet ut. Det er ikkje synleg elles. Dermed var det å slakka riggen og spenna opp fall i baugen slik at forstaget kunne løysast frå.
Når me tok ut beslaget viste det seg at det var sprikke i det.



Fekk sveist beslaget og testa at sveisen var god.



Segla heimatt i god austavind og medstraum:

søndag 26. april 2020

Prøvetur etter sjøsetjing

X-faktor vart sjøsett kl. 9 laurdag 25/4. Fekk på segl om ettermiddagen og hadde ein prøvetur på fjorden.
Hadde ein flott kryss frå Bognestraumen mot Flonæ i NV 5 - 7 m/s. Sjøen fjæra, så det var bra medstraum. Segla med fullt storsegl og 3'ar.


onsdag 22. april 2020

X-faktor på land 18/4 - 25/4-2020 på Manger

X-faktor vart løfta på land på Manger lørdag 18/4. Tilsaman 4 seglbåtar vart tatt på land.
Eg skal polera og voksa skutesidene, vasslipa bunnen, bunnsmørja og byta tæresink på propell og drev.

4 seglbåtar på land på Manger

X-faktor er vaska under. Vaska skrogen før båten vart tatt opp.
 Har kjøpt ny brukt Opi Mini 3 krybbe. Trapes gjengeskruar på hjørnestøttene. Har også kjølstopparar til krybba.

Skroget er polert med Jotun Marine Polish og voksa med Jotun Hard Vax.

Undervasskroget er vasslipt med 400 papir.
X-faktor klar til sjøsetjing