tirsdag 10. oktober 2023

Windjammer 2023 på Stord 7.oktober 2023

 X-faktor har delteke på Windjammer to gongar før, det var i 2019 og 2020. I år er Windjammer sjette og siste regatta i Vestland Cup 2023 for storbåt aktiv, og eg hadde lyst til å vera med. Etter å ha vore på Bildøy onsdag, segla eg onsdag ettermiddag til Bekkjarvik i fint vær. 

X-faktor i Bekkjarvik onsdag 

Torsdag segla eg vidare gjennom Engesundet, Nyleia og til Leirvik.
Det var best å koma seg til Leirvik før fredag då det skulle verta dårleg vær med mykje regn og vind.

X-faktor og Gleden i Leirvik fredag 6.oktober

Som makker på Windjammer vart Frode Haugland med denne gongen. Stor takk til han som stilte opp på kort varsel, og gjorde ein kjempejobb.

30 båtar var påmeldt. I klasse for Doublehanded , der X-faktor var påmeldt, var det påmeldt 8 båtar. 
Det vart mykje sjekking av værmeldingane på fredag og laurdag morgon. Det var meldt fint vær med sol, og vind frå N/NV på 5 - 7 m/s og vindkast på opp i 10 m/s.
Starten gjekk kl. 12.05. Det var lagt ut fin startline med 2 store gule bøyar. Me valde å start for babord halsar ved styrbord merke. Fullt storsegl og Genoa 1. Det gjekk fint, men me var 20 - 25 sekund for seint ute. Me fekk fin skjæring mot første merke, Ystøya. Me segla nok litt nært øya, og vinden forsvann ei lita stund.
Når vinden kom igjen segla me mot Hille og Fluholmane ved Kvinnherad. Vinden var oppe i 8 m/s og me hadde litt mykje seglføring ei stund.

Bilde tatt ombord i Obelix. X-faktor NOR 9341 rett bak

Ved runding Fluholmane jibba me, og sette spinnaker. No segla me mot Søre Ilholmane.
Det var tett med båtar, så det vart litt rotete vind i periodar. Vinden var på det meste oppe i 9 m/s.

Bilde tatt frå Obelix. Framme kan me sjå Sheep Dip med rosa spinnaker og Levens med svart spinnaker

Me segla like fort som Storm, Elan 37 (med kvit og raud spinnaker), og Obelix , X37, sørover mot Ilholmane

Når me segla spinnaker, bytte me forsegl frå Genoa 1 til Genoa 3. Etter runding Søre Ilholmane vart det kryss heilt til mål i Leirvik.
Me segla mot Tittelsnes og gjorde eit par slag der. So segla med nordaustover til me meinte me skulle slå og segla i mål. Det var mykje motstraum , men me hadde god fart i båten. Vinden låg på 6 - 7 m/s.
Me stod inn mot Leirvik til me passerte Sponholmen lykt, då kom det ei vinddreiing og me måtte ta eit par små slag for å segla i mål. Me kom i mål rett bak Vito4 og Storm, men før Obelix.

X-faktor sitt spor frå Marinetraffic

Dett skulle halda til 2.plass i DH-klassen etter Dehler 29, Erlingen.
Overall vart det 4.plass. Sjå resultatlista

Eg har laga ein YouTube video frå starten og fram til Fluholmane. Hadde ikkje tid til å byta kamera eller setja inn nye batteri. Det var litt synd.







Skifte av tetningar på segldrevet

Eg har hatt ein mistanke om vatn i girolja på SD20 segldrevet ei stund. No hadde det vorte meir tydeleg, og eg fekk avtale om å koma til Bildøy Båt og Motor onsdag  4.oktober 2023. Eg segla sørover Hjeltefjorden tysdag 3.oktober i frisk SV/V vind og var framme på Bildøy kl. 19.30.

Onsdag morgon vart X-faktor løfta på land, pakningane vart skifta og akslingen vart pussa. Jobben var gjort kl. 12, og X-faktor vart sjøsett igjen. Medan båten sto på land fekk eg gå over undervass-skroget med 400 pussepapir slik at bunnen var glatt til Windjammer som skulle seglast laurdag.





søndag 1. oktober 2023

Høststormseilasen 23. og 24.september 2023

X-faktor deltok i Høststormseilasen 23.og 24.september 2023. Nytt i år var start i Mangersfjorden, sør for Toska, laurdag. 30 båtar var påmeldt. 7 båtar i doublehandedklassen der X-faktor deltok. Torkjell var mannskap. 

Det var meldt vestleg frisk bris laurdag. Me hadde ein god start kl. 12.00 (sjå video under). Det vart litt trangt om plassen, og me måtte ta nokre slag for å få fri vind. Etterkvart kunne me segla nordover for babord halsar med stikk i skjøtet. Hadde god fart i båten. Etter runding av Kyrkjeflua vart det full kryss ei stund. Etter runding av Mikkelsbåen, Rongevær, var det store bølgjer , og me segla litt nordaustover før me kunne falla av litt og setja spinnaker. Dette gjekk fint, og me segla i stor fart inn mot Hillesøyflua. Var oppe i 10,6 knop i ein surf. Ved Hillesøyflua jibba me og segla mot mål innom Vardetangen. Etter Storestonga vart vindvinkelen skarpare, men det minka litt på vinden. Me greidde med nød og neppe å stå med spinnaker heilt til mål. Me var nøgde med seglinga, og det vart 2.plass i doublehanded-klassen etter "Ren Glede", men før Levens som kom på 3.plass.

Søndag gjekk starten kl. 11.00 ved Vardetangen. Det var meldt sørleg vind opp i 11 m/s med vindkast på 14 m/s. Me starta med hardværsfokk og fullt storsegl. I startområdet låg vinden på ca. 6 m/s. Spinnakerstart. Me hadde god kontroll på starten, og eg trur me vart første båt over startlina og med dei første som fekk opp spinnakeren. No segla me mot Hillesøyflua, og det vart ein jibb på veg dit. Ved Hillesøyflua tok me ned spinnakeren og segla slør mot Mikkelbåen. Vinden tok seg gradvis oppover når me nærma oss runding, og me tok eitt rev i storseglet. Låg bra an i feltet når me kom til Mikkelsbåen. No vart det kryss innover mot Kyrkjeflua, og deretter kryss vidare til mål ved sørspissen av Toska. Vinden varierte mellom 7 og 12 m/s og ute i Hjeltefjorden var det mykje bølgjer. Me valde å halda oss nær Austrheimlandet, Marøylandet og Toskalandet.

Spor søndag

Me sleit litt med å få fart i båten i denne vinden og med dei bølgjene. Hadde også stor avdrift. Me lurte i ettertid på om det hadde vore betre å segla med 3'ar og 2 rev i storseglet. Det vart 3.plass i Doublehandedklassen søndag etter Ren Glede og Levens. Levens var 19 minuttar før oss på korrigert tid. Dette gjorde at me vart nr. 3 i DH-klassen samanlagt.

Takk til Torkjell som var mannskap.

Flott arrangement av Nordhordland seilforening i år, og Kilstraumen brygge leverte som vanleg.

Resultatliste

                                              Video frå starten laurdag


Start laurdag ved sørspissen av Toska

I Kilstraumen

Start søndag ved Vardetangen



X-faktor nærmar seg Hillesøyflua søndag (??)

Runding Hillesøyflua søndag. FS2 og X-faktor



Start søndag. X-faktor heilt til venstre