søndag 21. august 2011

3.plass i Askøy rundt 2011


Her er eit bilete som står på bt.no i dag. Bildet er tatt rett etter start søndag. Me er midt i bilete.
Det vart 3.plass begge dagar i klassen vår på årets Askøy rundt. Lørdag var Nikita på 1. og Sval, ein Dehler 34 med 1,16 i lys-tal på 2. Søndag vann Sval framfor Nikita med oss på 3.plass, og dermed også totalt på 3.plass. Søndag starta med roleg vind frå S/SØ. Me stod på ein hals ned til første merke. Deretter vart det spinnaker til Jona. På dette legget gjorde me det godt. Deretter dreia vinden etterkvar og det vart kryssing innover Hjeltefjorden. Vinden auka på og me måtte byta frå genoa 1 til genoa 3. Seglbytet tok litt for lang tid og her tapte med nok litt i dag. Etter seglbytet segla me med god fart og god høgde. På slutten var vinden oppe i stiv kuling og me var nesten oppe i 10 knop før målpassering. Mykje regn, så det vil ta nokre dagar å få tørka alle segl!!

tirsdag 16. august 2011

Askøy rundt 2011


X-faktor er klar for Askøy rundt 2011. Mannskap vert same gjengen som segla Shetland Race i år: Magne, Torkjell, Eivind og Harald.
Påmeldingsfristen går ut i dag 16.august, og det er berre påmeldt 52 båtar. Ikkje bra. Er det lisensen som er bremsekloss??? Værmeldinga seier fint vær men lite vind laurdag. Søndag vert det regn og frisk bris frå sør.
17.08.2011. No er påmeldte båtar oppe i 66. Kjem seg. Vår klasse, lys 1,16 - 1,24, er den største med 18 båtar.

mandag 8. august 2011

Mangersfjorden rundt 7.aug.2011

Foto: Edvin Lie.
6 båtar stillte til start i NHS-regattaen Mangersfjorden rundt søndag 7.august. Starten måtte utsetjast ein halv time p.g.a. vindstlla. Starten gjekk i 1 m/s frå SØ. Under regattaen varierte vinden mellom 1 og 4 m/s stort sett frå SØ. Julianne var først ute i starten og runda også første merke så vidt framfor X-faktor som vart segla singlehanded denne dagen. På kryssen etter første merket drog X-faktor frå og vann regattaen med ein margin på 10 minutt på korrigert tid.
Du kan sjå fleire bilete på NHS si heimeside.