fredag 26. april 2024

Test av GoPro med gimbal


Eg kjøpte eit brukt GoPro 7 kamera der det var med ein gimbal.
Gimbalen var ein FelyuTech G5. Dette har eg no testa.  Ser bra ut, men det vil vera litt plunder å skifta batteri i kameraet.

mandag 22. april 2024

Vedlikehald av vinsjane

I dag har eg gjort reine og smurd opp alle 4 vinsjane. Det tok 2 timar.

Eg lurer på om eg ikkje smurde dei i fjor, Mogeleg eg berre tok genoavinsjane. Eg må skjerpa meg. Dei må takast kvart år.





Singlehanded Spinnakertrening 21.04.24


Spinnakertrening i Hjeltefjorden/Mangersfjorden i roleg vær søndag
21.april 2024. 
Første treningsregatta i Nordhordland seilforening er 30.april. Denne rekk eg ikkje å vera med på.
Første Klubbregatta NHS er Vårregatta 4.mai. 

mandag 15. april 2024

X-faktor sjøsett 13.april

 X-faktor vart sjøsett laurdag 13.april. Søndag 14.april segla eg ein runde på Mangersfjorden/Hjeltefjorden.


X-faktor på plass i båthamna i Mangerøy

Segling på Mangersfjorden