søndag 17. februar 2013

Snøføyka 16.02.2013

Det var 3.plass i klassen etter Hanna Marie og Gleden. No er resultatlista lagt ut. Du finn den her.
Her er Bjørn (som var mannskap på X-faktor) sin reportasje på Nordhordland seilforening si heimeside: http://www.nordhordlandseilforening.org/D/node/10442
Me fekk ikkje nokon god start. Var nok litt for forsiktige i det trange startområdet. På første legget var me innestendgt av andre båtar. Ved runding av første merke/holme var Gleden, lys 1,22, godt framfor oss. Hanna Marie, lys 1,17, var ikkje så langt bak oss. Me fekk opp spinnakeren og gjorde god fart mot nordspissen av Rotøyane. Var vel oppe i nærmare 10 knop. Me tok ned spinnakeren - litt for tidleg. No skulle me segla vidare mot Ramsøy. Gleden prøvde seg med spinnaker, men det var litt for skarpt og dei brocha fleire gongen før dei tok ned spinnakeren. Då hadde me segla forbi dei. Ved runding Ramsøy sette me igjen spinnakere og det vart omtrent platt lens mot Kalsøyflua. Me segla jamsides med Gleden, og Gleden runda Kalsøyflu stake på innsida av oss. No var vinden oppe i 11 m/s og me tok eit rev i storseglet. No gjekk løpet sørover og rundt Rotøyane. Ved runding Rotøyane var Gleden godt framfor oss igjen og Hanna Marie ikkje langt bak. Me tok ut revet og kunne etter ei stund setja spinnaker inn mot mål.
Nye riggen er nok sett litt for laust for so mykje vind. Sjølv med akterstaget strama i bunn var det for mykje "sag" i forstaget. Heile regattaen var også prega av innslag i storseglet, og me greidde ikkje å halda same høgde som Gleden på kryss. Brukte det gamle kevlarseglet i dag. Vert spennande å prøva det nye seglet.
Dette var ein flott seglas med full fart heile tida.
Turen heim igjen til Manger vart motorsegling med Genoa3 oppe. Turen gjekk unna på 2 timar og 30 min.

Morten tok eit bilde av X-faktor frå Calypsoen:

lørdag 9. februar 2013

Snøføyka 2013

X-faktor er påmeldt til Snøføyka 2013 som går 16.februar hos Askøy seilforening. Mannskap vert Eivind Tysse, Bjørn Rundhovde og Jan Landsvik + skipparen. Såg på nettet at det er is inn til Askøy seilsportsenter, men dei får vel ein isbrytar på plass.
På Manger er det isfritt i hamna. Nesten ikkje snø heller. I dag, laurdag morgon 9/2 er det 3 minusgrader ute. Inne i båten er det godt og varmt med 10 varmegrader. I dag må eg motera kicken og få segla på plass i båten.

torsdag 7. februar 2013

Nytt storsegl

Nytt Elvstrøm EPEX storsegl med aramid fibrar. Karl Otto Book frå Elvstrøm Norge overleverte seglet i kveld under Fjordsailing AS sitt arrangement på Litlebergen, der seglet vart vist til dei frammøtte. Dette vert spennande å prøva.  Seglet har innstøpt tafetta, 2 rev, ei gjennomgåande og 3 halve spiler. Trimmelina er ført over toppen og ned langs masteliket.