søndag 6. november 2016

Presenningen på

I dag var det fine forhold for å få på presenningen.
Har tatt på den som er frå masta og akterover.


søndag 30. oktober 2016

Solcellepanel

Har montert 2 solcellepanel framfor sprayhooden. Sunbeam Tough Flush. Solcellepanela er på 18W kvar, og skal gje 1,8 A.
Ikkje all verden, men det vert spennande å sjå korleis dette vil fungera.
Kjøpte solcellepanela hos Benns Mast og Båttilbehør i Sverige.
Ledningane kjem ut på baksida og er derfor ikkje synlege.


Regulatoren har eg plassert synleg ved kartbordet.

torsdag 22. september 2016

Høststormseilasen 2016

17. og 18. september var det igjen klart for Høststormseilasen til Nordhordland seilforening.
Mannskap var Eivind, Torkjell, Wenche og eg.
Me segla frå Manger kl. 9.20 og sette kursen mot Herdla. Dette er den regattaen som me har kortast veg til og frå!
Det var lite (ingen)vind ved Herdla, og for so vidt i heile Hjeltefjorden.
Starten vart utsett i vel ein time, men kl. 12.10 la me avgårde i 1 - 2 m/s frå sør. Fekk raskt opp spinnakeren og me kom bra ut frå start og var etter 10 - 15 minuttar fremst i feltet.


No var det om å gjera å finna vinden og medstraumen. Me valde å gå mot Toska og segla på austsida nordover.
Ventus hadde same planen. Det viste seg etter ei stund at båtane som låg nærare Øygarden fekk betre vind og me kom på etterskot.
Vinden tok seg etterkvart opp i det som var meldt ved Fedje, 4 - 5 m/s, og me segla bra nordover.
Me greidde likevel aldi å ta igjen det tapte.
Ved Mikkelboen (Rongevær) vart løpet avkorta til stor skuffelse for oss. Slik er det likevel når feltet er spreidd over heile fjorden.
Me hadde segla i 3 og ein halv time. Sun Express slo oss med 16 minuttar på korrigert tid.
Slo oss gjorde også: Mathilda, FS2, Kilroy og Fønix.
Etter målgang segla me vidare til Vikingneset i god fart. Vidare med motor til Skjerjehamn.
I Skjerjehamn vart det etterkvart god sjømat og mykje prat.

Søndag var me tidleg oppe og gjorde oss klare.
Denne dagen skulle vinden koma opp mot 10m/s frå SV ved Fedje.
Starten vart flytta til Vikingneset. Der vart det 4 - 5 m/s. Det vart mykje diskusjon om kva forsegl me skulle bruka.
Valet vart til slutt at me skulle segla med tung Genoa 1.
Kom godt ut i starten ved babord merke, og fossa utover Fensfjorden i 7 - 8 knop.
Ved runding Mikkelboen hadde me Amaryllis, Sheep Dip, Bavaria 46 og Ventus framfor oss.
Etter runding var det opp på full kryss. Vinden var no oppe i ca 7 m/s.
Etter eit par slag var me forbi Ventus ei stund. Dette var bra.

Me er framfor Ventus

Vidare innover mot Kykjeflua sleit me med for mykje segl. Spesielt når me måtte falla av før runding.
Ventus var no forbi oss.

Rett før runding Kyrkjeflua.


Vidare kryss innover Hjeltefjorden var prega av for mykje seglføring og sterk motstraum. Vinden var mellom 7 og 9 m/s.
Me tok etter kvart eitt rev i storseglet. FS2, Kilroy og Carolina av Alvøen segla forbi oss.
Planen var opprinneleg at me etter Svartskjeret skulle gå over på Øygardssida. Dette var det ingen andre som gjorde og me valde også å vera på Radøy-sida.

Skipparen i full konsetrasjon

Resultatmessing kom me litt betre ut på søndag, men var bak dei fleste båtane.

I ettertid har eg lurt mykje på korleis dette ville gått med Genoa 3 frå start til mål på søndag. Konklusjonen oppe i hovudet mitt er at det hadde vore mykje betre.

I Nordhordland seilforening sin klubbserie tel Høststormseilasen med kvar dag for seg. Dette betyr ein 5.plass av NHS båtane på laurdag og ein 3.plass på søndag. Totalt for 2016 vart det då 3.plass etter Mathilda og FS2.

NHS Klubbserie 2016

Spor søndag frå RaceQ Bruk speed x64



mandag 12. september 2016

NM Shorthanded 2016

NM Shorthanded 2016 vart lagt til Bergen med Bergens seilforening som arrangør. Dato 10. og 11.september. Dette måtte Eivind og eg sjølvsagt vera med på.
32 båtar var påmeldt. Dei fleste frå Bergensområdet, men regjerande meistrar frå 2015 frå Austlandet stilte opp. Det same gjorde 2 båtar frå Stavanger.
Frå Nordhordland seilforening stilte FS2, Mathilda og X-faktor.
Eg hadde avtale med Askøy seilforening at eg skulle få løfta båten på land for vasking av bunnen på fredag 9.september, men dei greidde ikkje å skaffa kranførar. Det vart derfor nokre timar med børsting (Rophs) på torsdag kveld.
Fredag ettermiddag segla eg til Bergens seilforening. Var framme kl. 18.40 etter 5 timar i motvind.
No var det registrering, innlevering av eigenerklæring og utlevering av t-skjorter.
Gjekk tidleg til køys etter å ha tatt ein siste sjekk på værmeldinga. Det skulle vera mykje vind om morgonen, men dette skulle roa seg til starten kl. 11. Då skulle det også verta opplett og sol.
X-faktor på plass hos Bergens seilforening

Eivind kom laurdags morgon. Skipparmøte kl. 8.45 og frukost hos Bergens seilforening. Alltid like kjekt å koma til Bergens seilforening. Her er det stil og gjestfrihet.
Laurdag skulle det vera baneseglas på Raunefjorden. Dette kvidde me oss litt til. 32 båtar på opptil 47 fot på ei kort bane er skremmande. Me segla 3 regattaer a 2 rundar med eit kvarter pause mellom kvar regatta. Det tok ikkje lang tid før me måtte letta på antrekket! Sveitten elva. Heldigvis var det rolege vindforhold. Opp i 4 m/s i første regattaen og minkande til 2 m/s i siste regatta.
Det gjekk greit og det var faktisk veldig kjekt å segla på bane. Det var ei runding av bunnmerket der det vart tett med båtar, men folk tok omsyn og det gjekk fint.

Raskt oppe med spinnakeren etter runding

Baneseglasane våre vart prega av dårlege startar og at me kom i "fisen" frå andre båtar. Mangel på rutine kanskje. I tredje regattaen var me rett og slett for seine til start. Me måtte teipa litt på genoaen og rakk dermed ikkje fram til startlina i tide.

Dårlege startar

Båthandlinga med opp og ned med spinnaker, jibbing, flytting av genoaen til rett side på dekk og alt dette, det gjekk velding bra.
Me vart nr. 10, 16 og 13 på baneseglasane, og låg på 12.plass etter dag ein.

X-faktor bak Scirocco III

Spinnakeren er nede, genoaen oppe og me nærmar oss bunnmerket.

Litt for forsiktige i startane.

Nye spinnakeren står fint.

Laurdag kveld var det middag og mykje prat.

Søndag var det på nytt skipparmøte kl. 8.45. No var det tid for distanseseglas med start på Korsfjorden (Bjelkarøyosen) kl. 11.
I dag var det meldt meir vind. SV 7 - 9 m/s.
Me kom oss tidleg ut til startområdet. I dag vart det genoa 3. Løpet som skulle seglast var ut rundt Litle Marsteinen, rundt Blia og i mål i Bjelkarøyosen.
Igjen var me litt forsiktige i starten og låg ganske lagt bak i feltet. Vindet var rundt 7 m/s.
Fekk det ikkje heilt til i starten. Etter å ha segla mot Korsneset slo me og segla mot Klokkarvik. No vart det betre og me fekk fart i båten. Me slo og segla eit langt strekk mot Austevoll. Deretter slo me oss utover nærast Austevoll-landet. Det vart etterkvart mykje bølgjer rett imot, men det gjer ikkje noko for X-faktor.Me hadde god fart i båten og segla frå Miss Helen, Vito4 og Mathilda som tidlegare var framfor oss. Når me runda Litle Marsteinen var me raskt oppe med spinnakeren og segla spinnaker på styrbord hals heilt til Blia. Vinden var til tider oppe i 9-10 m/s og me var oppe i nærmare 10 knop nokre gonger. Me stod på denne halsen heilt til me tok ned spinnakeren, jibba og runda Blia. No var det slør til mål i god fart. High5 hadde vore godt framfor oss på første del av kryssen, men på lensen tok me godt inn på dei og me slo dei med 5 sek. på korrigert tid. FS2 og Match slo me også med knapp margin.

Spor for distanseseglasen

Det vart 10.plass på distanseseglasen, og totalt vart det 9.plass i NM Shorthanded. Det er me svært fornøyde med.

Her er heile resultatlista.

Her finn du meir info om tider m.m.under OM regattaen

Stor takk til Eivind som gjorde ein kjempejobb som mannskap!

tirsdag 30. august 2016

Nordhordland seilforenings sommerregatta 27. og 28. august 2016

I staden for samling på Manger med "Mangersfjorden rundt" arrangerte NHS i år sommerregatta på Litlebergen med ein regatta laurdag kl. 15 og ein regatta søndag kl. 11. Laurdag kveld var det pizza i FjordSailing sine lokaler.
Heile 11 båtar stilte opp laurdag og 9 på søndag. X-faktor mannskap desse dagane var Eivind Tysse og eg. Me tok dette som ein del av treninga til NM Shorthanded om 14 dagar.
Laurdag skulle me segla løp 1 med start ved Krossnessundet, runding bøye ved Bakarvågen og tilbake til Krossnessundet. Det var ein liten bris frå V/SV på 2-4 m/s.
Me kom greit ut i starten og hadde FS2 på vår styrbord side. Fekk raskt opp farten og seig ifrå F2. Mathilda låg litt nærare Frekhauglandet og hadde truleg mindre vind der.



Når me nærma oss Morvik prøvde me oss med spinnaker ei stund, men dette vart litt for skarpt og me måtte opp igjen med genoaen.
No hadde Kilroy, som hadde lagt bak oss på babord side, fått opp farten og segla etterkvart forbi oss.

Når me nærma oss Askøy vart vinden skarpare og me måtte gå så høgt som mogeleg for å stå opp til merket ved Bakarvågen. Kilroy hadde tydelegvis ikkje fått med seg posisjonen til rundingsmerket og rota seg for langt sør. Me var no fremst i feltet igjen. Shiba Juvel, ein Dehler 46, runda som nr. 2. Mathilda var eit godt stykke bak ved runding, men på korrigert tid var me truleg ganske likt på dette tidspunktet.

Etter runding ved Bakarvågen

No fekk me opp spinnaker og segla tilbake mot Krossnessundet. Dette var første gang me brukte den nye spinnakeren i regatta. Bra saker.


Me segla nok litt nært Straumsnesholmane og hadde litt lite vind der. Dette fekk me betalt for seinare når vinden vart ganske skarp og me likevel greidde å stå heilt opp til mål med spinnaker. Me fekk skikkeleg fart i båten på returneren og konkurrentane vart mindre og mindre bak oss. Bjørn skreiv på NHS si side: "På returen mot mål var det ikke like enkelt å finne ut av det og vi fikk en oppvisning i spinnakerseiling fra X-Faktor som seilte fra alle og vant en klokkeklar seier".

Ved Morvik/Salhus

Ved Salhus


Me tar ned spinnakeren etter målgang laurdag.

På søndag stilte me igjen opp til regatta. Når Bjørn viste løpsalternativ 3 vart me litt i stuss. Dette stod ikkje i våre seglingsbestemmelsar. Eg hadde printa ut for tidleg. Bjørn hadde lagt til alternativ 3 eit par dagar før regattaen.
Etter ein telefon fekk me orden på dette og me skulle segla frå Krossnessundet til Hamreflu stake og tilbake. I dag var det enno mindre vind, spesielt i startområdet. Det var ein liten austleg trekk og den var best nærast Nordhordlandsbrua. Me kom igjen bra ut frå start og hadde Mathilda på babord side endå nærare brua. Når me nærma oss bruopningen kom Mowi Star, ein brønnbåt, imot og me måtte segla heilt inntil Klauvaneset for å vika. Der slo me og sto greit under brua. No var Mathilda rett bak oss. No vart det skarp kryss mot Hamreflu og vinden var 2 - 3 m/s. Det mangla 20 - 30 meter på at me greidde å stå heilt opp til rundingsstaken og dette tapte me litt på. Mathilda runda eit par minutt etter oss og FS2 rett etter. No var det opp med spinnaker og me fekk bra fart. Fekk litt større avstand til Mathilda og held FS2 bak oss.

Eivind styrer spinnakeren på veg tilbake mot Nordhordlandsbrua.

Me jibba i det me segla under brua og sette kursen mot mål. Her vart det etterkvart skarpt og me skulle ha tatt ned spinnakeren og segla Genoa mot mål tidlegare enn det me gjorde. Kunne kanskje ha vunne ein minutt her.

Me venta i spenning på at Mathilda skulle gå i mål. Me måtte slå dei med ca 6 minutt. Det vart berre 4 minutt og resultatlista viste at me vart nr. 2, 2 minutt og 3 sekund etter Mathilda.

Takk til Tore Mjåtvedt for mange fine bilder frå seglasen på laurdag.

Link til NHS sin artikkel.











fredag 22. juli 2016

Sommartur til Shetland - bilete

Fredag 7.juli segla Wenche og eg til Fedje, og gjorde oss klar til Shetlandstur.
Segla frå Fedje fedag 8.juli kl. 12.
Her passerer me Oseberg-feltet kl. 20 fredag kveld.
Var ved Bard Head kl. 20 norsk tid laurdag 9.juli. Tommy og Noelle tok imot oss på kaien.
Fekk plass innerst i Peerie boat harbour.


Heime hos Gibbie. Middag med Gibbie og Alexis, Tommy og Noelle og Smitty. Tommy er skippar på Roundabout. Gibbie, Smitty og eg mannskap på årets Shetland Race.

Segla heimatt mandag 17.juli kl. 10.30 norsk tid.
Var ved Rongesundet kl. 13.30 tirsdag etter 27 timars seglas.
Mykje skodda og regn på heimturen. Sørleg vind frå 4 - 8 m/s så det gjekk unna.

tirsdag 31. mai 2016

Seilmakeren doublehanded 2016

42 båtar var påmeldt til Norgeshus Seilmakeren doublehanded i år. Løpet dette året var Askøy - Haugesund - Askøy. Dersom eg greidde å fullføra regattaen i år var dette den 10. fullførte SD. Torkjell Tolo skulle vera makker i år også. For hans del kunne dette verta den 6. fullførte SD. For min del var dette målet: Å fullføra for tiende gong, og få det Gule flagget.
Eg segla til Askøy seilsportsenter tordag ettermiddag for innregistrering. Torkjell kom seinare på kvelden.
Kl. 9 fredag morgon var det informasjonsmøte. Deretter var det å gjera seg klar og koma seg på fjorden. Starten skulle gå i Hauglandsosen kl. 11.

X-faktor ved Askøy seilsportsenter.

Det var meldt lite vind, og det var omtrent vindstille i startområdet. Starten vart derfor først flytta til Liaskjæret, deretter til Børnestangen sør for Klokkarvik.
Her gjekk starten kl. 12.45.
Me kom oss greit avgårde. Låg midt på startlina. Falt av litt til å begynna med for å få fri vind. Vinden var vel på ca 5 m/s frå SV og me gjorde god fart over Korsfjorden.
Håpte vinden ville dreia litt når me nærma oss Austevoll, og dette slo til. Me segla på same halsen inn i Austevoll mellom Eldjarnet og Kyrholmen. Vidare segla me mot Pirholmen og Møkstrafjorden mot Stolmasundet.

Møkstrafjorden. Til tider tjukk skodde i Austevoll.

På Møkstrafjorden hadde me oppe spinnaker ei stund, men dette vart for skarpt. Når me nærma oss Stolmasundet sette me igjen spinnakeren. Kom oss greit gjennom sundet.
Så langt hadde me følgd planen vår, og planen vidare var å vurdera situasjonen når me kom ut frå Stolmasundet. Me vart enige om at me segla på vestsida av Bømlo og at me ville segla nær land. Me hadde ei formeining om at vinden ville vera best her.

Passering Slåtterøy. 1,5 m/s vind.

Dette gjekk bra. Me kunne sjå både Ventus og High5five. X-35'en i største klasse var ikkje langt framfor oss.
Litt lenger sør merka me at båtane som gjekk lenger ute hadde større fart enn oss. Dette skuldast at dei hadde god medstraum. Inne ved land der me segla var det liten straum.
Men me følgde planen vår og segla innom Espevær og rett sørover mot Haugesund.

Solnedgang ved Espevær.

Me jibba oss sørover mot Haugesund. Litt skvalpesjø. I ein jibb tvinna spinnakeren seg skikkeleg rundt forstaget og Torkjell jobba lenge på fordekk for å ordna opp. Me måtte til slutt ta ned spinnakeren, få ut floka og setja på nytt. Dette tapte me noko tid på.
Me var i mål i Haugesund kl. 00.16.34. Resart vart då kl. 04.16.34.

No var det å koma seg i hamn, få seg litt mat og prøva å sova litt.
Me låg med motoren i gang for å lada batteria. Torkjell sov godt, men eg fekk ikkje sova så mykje (ikkje i det heile).
Me låg som båt nr. 5 og måtte løysa fortøyningane kl. 03.30. Då hadde me god tid. Fekk oss litt mat og kunne deretter gå ut i startområdet og sjå på forholda.
Det var sterk motgåande straum for båtane som gjekk det austre løpet ut frå Haugesund. Me bestemte oss derfor for å gå det vestre løpet.
Dette gjekk fint. Me kryssa oss nordvestover i 2 m/s frå Nord.
Me valde å segla nordvestover til me kunne slå og segla nord for Espevær. Deretter ville me følgja Bømlolandet nordover.
FS2 hengte seg på oss og følgde i sporet vår til Slåtterøy.
Nord for Espevær var det tett skodde og 2 - 3 m/s frå NV. Dette er maksføre for X-faktor og me segla godt.
Etterkvart dreia vinden litt slik at me kunne stå ganske rett nordover. Måtte ta nokre korte slag ut frå land.
No kunne me sjå på trackinga at me segla frå Ventus og High5five. Miss Helen kunne me også sjå framfor oss.
Når me nærma oss Slåtterøy kom den venta vinddreiinga til SV og me kunne igjen setja spinnaker.
Ved Slåtterøy ringte Morten Jensen frå Seilmagasinet og kunne fortelja oss at no leia me den mellomste klassen ! No begynte me å stressa. Dette måtte me få i hamn.
FS2 og Ventus valde å gå vestom Stolmen og gjennom Bakkasund. Me valde å følgja Miss Helen, og også Storm Fighter som me no kunne sjå framfor oss, gjennom Stolmesundet og følgja same ruta som me segla sørover.
I Stolmasundet var det til tider 0 vind, men me rak i rett retning i 1,2 knops medstraum. Etter Stolmasundet kom vinden igjen.
No var me spente. Storm Fighter og Miss Helen segla framfor oss og vinden tok seg etterkvart opp.
Når me kom på Korsfjorden segla me spinnaker i 7 - 8 knop. Me kunne no også sjå at FS2 hadde segla godt og kom i fint driv innover Korsfjorden. Dei ville vera ved Børnestangen før oss.
Ville dette halda?? Me var mest redd for Stormfighter, men det viste seg at FS2 var vår sterkaste konkurrent.

Når me nærma oss mål ved Liaskjæret minka det på vinden og det var sterk straum imot. Me kom oss i mål litt bak Summertime, ein First 44.7, som me hadde hatt bak oss heilt frå Haugesund.

No var me spente. Fekk pakka segla og sette kursen mot Askøy seilsportsenter.
Torkjell ringte heim, og der fekk han opplyst at me hadde vunne klassen, og at me også hadde beste tid overall til no.
Dette var svære greier.

Vel framme i Askøy seilsportsenter kom Morten Jensen frå Seilmagasinet og ville intervjua oss.

Søndag kl. 11 var det premieutdeling og utdeling av vimplar.
Mykje heder og ære !


Her er link til resultatlista.

Her er link til trackinga som kan kjørast i replay. Bruk hastighet 50x. Må opnast i Chrome eller Firefox Tracking

Artikkel i Seilmagasinet








onsdag 25. mai 2016

søndag 22. mai 2016

Rormannen 2016

Laurdag 21.mai var det igjen klart for singlehandedseglasen "Rormannen". Kun 3 påmeldte NHS-båtar sjølv om denne regattaen i år er ein kretsregatta. Skuffande at så få melder seg på. Singlehandedseglas er jo svært populært for tida. I Danmark må antal deltakarar begrensast. "Rormannen" kan heller ikkje vera ein to-timars regatta. Det vert for lite utfordrande.
Eg gjekk frå Manger kl. 08.00 og var tidleg på plass og fekk plotta startlina inn på kartplottaren. Det var meldt 7 m/s på Byfjorden så eg starta med 3'ar og fullt storsegl. Starten gjekk kl. 11.00. Vinden varierte mellom 3 og 7 m/s på Byfjorden så eg hadde kanskje kunna segla med tung Genoa 1. Når det er sagt hadde ein i vindkasta meir enn nok segl. Fekk det ikkje heilt til på kryssen sørover. Jan Vidar i FS2 segla ifrå meg, og Bjørn i Mathilda held godt følgje. Eg hadde ei formeining om at å halda nærast Askøylandet var det beste. Prøvde på det, men Jan Vidar som gjekk meir på Åsane sida segla godt.

Her er AIS-sporet eit stykke innover Byfjorden.

Siste stykke før runding ved Nordnes var det vanskeleg forhold. Me vendte på 60 grader 24 minutt.
No var det opp med spinnaker og me skulle segla mot Skjelanger.
Det gjekk fint utover Byfjorden, nesten plass lens. Jan Vidar hadde no tapt forspranget og me var likt. Bjørn heiste ikkje spinnaker før etter Askeneset ( åt nok lunch) og kom litt bak.

Foto: Bjørn Rundhovde

Ved Askeneset måtte eg jibba. Ikkje lett singlehanded. Hadde ikkje slakka nok ut på skjøytet så eg fekk ikkje bommen på masta. Måtte la spinnakerbommen henga og bak og slakka ut litt meit. No kom bommen på plass, men då hadde sjølvsagt spinnakeren snurra seg skikkeleg rundt forstaget. Prøvde å jibba tilbake, slakka på bomopphalet, fram å dra og til slutt løyste det seg. No var det for babord halsar nordover Herdlefjorden. Dette gjekk unna. I tillegg nesten 1 knop medstraum. Jan Vidar gjekk nærare Askøylandet. Eg segla midt i fjorden. Når eg nærma meg Herdla kom det ei lita byge. Vinden kom opp i 9 m/s ei lita stund og farten var på det meste i 9 knop.


Jan Vidar og Bjørn vart etterkvart langt bak.

Ved Det Naue låg X-faktor iflg. Bjørn 18 minuttar før Mathilda og på dette tidspunktet var me likt på korrigert tid.

Eg tok ned spinnakeren før Det Naue for å unngå 2 jibbar. Hadde snurren frå litt tidlegre frisk i minnet. Fekk spinnakeren opp igjen etter det Naue og segla i god medstraum mot Skjelanger. Etter runding Skjelanger bytta eg til tung Genoa 1. Det skulle eg ha gjort medan eg hadde spinnakeren oppe. Tapte litt på dette seglskiftet.
Veldig varierande vindstyrke inn mot Bognestraumen. FS2 og Mathilda tok innpå mot slutten.
Bjørn hadde sendt SMS om avkorting ved Blodflua så no var eg i mål som første båt.

Flott seglas. Skulle vore mange fleire med.

Resultatlista finn du her.
Her er artikkel på NHS si side









onsdag 11. mai 2016

X-faktor på land

Frå onsdag 4.mai til onsdag 11.mai hadde eg X-faktor på land for vårpussen.


Svært fint vær i år under båtpussen.
Her er X-faktor ferdig polert og voksa samt påført 2 strøk med VC17.

søndag 13. mars 2016

Isbjørnen 12.mars 2016

Fredag 11.mars gjekk eg frå Manger kl. 13.30 og var framme hos Bergens seilforening kl. 18.15.
Laurdag morgon kom mannskapet Eivind Tysse, Bjørn Rundhovde, Yngve Thuen og Rolf Ingebrigtsen.
Yr melde sør/søraust 7 m/s på Raunefjorden og 10 m/s ved Kyrholmen i Austevoll.
Me kom oss ut på fjorden ganske tidleg. Tilsaman stillte 19 båtar opp i denne regattaen. 6 i vår klasse.
Det var sopass friskt at me valde å starta med 3'ar og eitt rev i storseglet.
Starten gjekk kl. 12.05. Me fekk ikkje noko god posisjon og sleit litt med å få opp farten i starten.
Når me hadde kryssa oss opp til første merket, Spikeren, og runda det hadde med berre eit par båtar bak oss.
No var det slør til neste merke Tangeflu NV for Lerøy. Me låg rett bak Gleden og held omlag same fart som dei.

Takk til Gry Hunstad ombord i Shiraz for fine bilder.

Ved runding Tangeflu var det full kryss sørover Lerøyosen og over Korsfjorden til Kyrholmen.
Vinden låg på 7 - 8 m/s. Me fekk etterkvart god fart og avanserte i feltet. Godt med bra vekt på ripa. I sopass vind seglar me nok med for lite mannskap. Kunne vore både 6 og 7 ombord.
Vinden minka til 6 - 7 m/s når med nærma oss Austevoll og me tok ut revet i storseglet.
Ved runding Kyrholmen låg me ikkje langt bak High5 og SiKi, og rett bak Marlin. Gleden var no eit godt stykke bak oss.
På sløren frå Kyrholmen til Blia gjekk det unna i 8 knop og me segla forbi Marlin som segla med gennaker.
Ved runding Blia jibba me og fekk etter kvart opp spinnakeren. Vinden var no oppe i 10 - 11 m/s og det gjekk unna i opp til 10 knop.
Dette såg bra ut. High5 måtte skjera litt meir enn oss og me tok innpå. Vinden var no oppe i 13 m/s i kasta.
Plutselig rivna spinnakeren frå topp til bunn og det var som om me sleppte gasspedalen.
Fekk den ned og oppigjen med fokken. Det var tøffe forhold for mange av båtane i Lerøyosen.
Me kom oss rundt Tangeflu og sløra mot Spikeren. Gjekk bra på dete legget.
På siste legget frå Spikeren til mål skulle me hatt spinnaker, men segla med spridd fokk.
Det vart 3.plass på oss. 8 sek. etter SiKi på 2.plass og 20 sek. etter High5 som igjen vant klassen.
Her er resultatlista.
Ødelagt spinnaker

Spor