mandag 17. juni 2019

Stord Rundt 2019

X-faktor har segla regattaen Stord rundt ein gong før. Det var i 2013. Den gongen gjorde me det godt med seier i DH-klassen på sørgåande legg. Samanlagt vart det 2.plass i DH-klassen.
No var det tid for å prøva igjen. Eivind Tysse var mannskap som i 2013. Eivind kom ombord på Hjellestad kl. 17 fredag 14.juni. Starten skulle gå kl. 18.05 i Fanafjorden ved Bjelkarøy. Løpet vidare var mot Langenuen, utover Selbjørnsfjorden, sørover Nyleia og til Leirvik.
Me kom bra ut i starten i ein liten bris frå SV. Når me kom ut på Korsfjorden tok vinden seg opp litt og me gjorde god fart sørover. Dette såg bra ut. Me hadde berre 3 båtar framfor oss, mellom anna 2 X-35. Det vart bra avstand til båtane bak. Når me kom til Langenuen i halvti-tida minka det på vinden, og før me kom til Tobbholmane vart det stille. Båtane bak tok oss etterkvart igjen. Me låg for langt ute i fjorden og vart tatt av straumen. På det meste rak med nordover med ein fart på 1,1 knop. Straumen gjekk nordover enten det flødde eller fjæra.
I 7-tida om morgonen kom me oss forbi Tobbholmane.

Spor frå Marinetraffic. Slik gjekk heile natta.
Me valde å segla austom Tobbholmane. Det var ein tabbe då me hadde motstraum heile vegen , medan båtane som gjekk på innsida/vestom holmane hadde medstraum ei stund.  No vart det fin spinnakerseglast utover Selbjørnfjorden og rundt flytestaken på Sigleflua. Løpet vart avkorta eit par nautiske sør i Nyleia. Ingen god plassering. Det vart 11.plass.
Klokka nærma seg 12 på laurdag før me kom til Leirvik for motor.  Det hadde ikkje vorte noko søvn om natta, så no var det godt med eit par timars søvn.
Det vart også tidleg til køys om kvelden. Søndag morgon stod me opp kl. 7.30 og var ganske utkvilte.
Start på nordgåande løp var kl. 10.05 i Leirvik hamn. Løpet går så sørvestover forbi Eldøyane, under Bømlabrua, nordover Nyleia og målgang i Bekkjarvik.
Me kom sånn nokonlunde bra avgårde. Straumen gjekk innover Bømlafjorden, så det var lurt å segla tett ved Stord-landet.
Spor frå start i Leirvik søndag til Stokksundet.
Me var litt for langt ut i fjorden på første legget og havna langt bak i feltet. Deretter gjekk det betre og når me kom til Bømlabrua låg me godt an.
No var det spinnakerseglas resten av vegen til Bekkjarvik. Nordover Nyleia i roleg vind, 4 - 5 m/s. Noko motstraum. Me kom oss fint gjennom den tronge passasjen ved Ringholmen. Herfrå og ut mot Sigleflua tok vinden seg opp i 9 m/s på det meste, og me fekk ein broach i den skarpe vindvinkelen.
Over Selbjørnfjorden låg vinden på ca 6 m/s, og me segla spinnaker heilt til mål.
På nordgåande løp vart det ein fin 4.plass eitt sekund etter nr. 3, Båten Vår. Det vart båtane med lågast rating som gjorde det best i dag.
Me er kjempefornøyde med å ha slått Gleden, FS2, Vito4, Levens og Vilja på nordgåande løp.
Samanlagt vart det berre ein 7.plass og lite poeng å henta i Shorthanded-rankinga.
Takk til Eivind som var mannskap.
Resultatliste

fredag 31. mai 2019

Overall-seier i Huftarøy rundt

Onsdag 29.mai 2019 stampa eg meg sørover til Bergens seilforening. Torsdag 30.mai, Kristi Himmelfartsdag, skulle X-faktor segla Huftarøy rundt i doublehanded-klassen. Mannskap var Eivind Tysse. I DH-klassen var det påmeldt 8 båtar. Totalt var det påmeldt 27 båtar.
Kl. 9 torsdag morgon segla me til Strønoosen der starten skulle gå kl. 10.55. Værmeldinga gjekk ut på S-SØ svak vind i starten. Seinare skulle vinden dreia mot NV 5 - 6 m/s.
Me kom bra ut frå start og var raskt oppe med spinnakeren.

X-faktor til venstre i bildet. Gleden med kvit og raud spinnaker
No segla me mot Lindholmen nord for ferjekaien på Hufthamar. Ved Lindholmen tok me ned spinnakeren. No var det kryssing mot Grøningen. Gleden hadde lagt rett framfor oss sidan start. Etter Austevollsbrua var det trangt, og me greidde å koma oss forbi Gleden. Ved Grøningen var det fleire båtar som overstod før dei slo mot Bekkjarviksundet. Vinden hadde no begynt å dreia litt. Me kom godt ut av dette, og segla i god fart mot Bekkjarviksundet. Båtane framfor hadde lite vind i sundet, og me tok godt innpå. Vilja, First 36.7, som var i vår klasse tok me igjen her. No var det spinnakerføre, og me lurte på kvifor ingen heiste spinnaker. Var det noko som skjedde med vinden? Me heiste spinnaker og segla side om side med Dufour 40, Grand Soleil 40 R og First 44.7 mot Kalsundbåen.



Der jibba me, og segla vidare mot mål i Strønoosen. Før me kom til Tobbeholmane vart vinden skarpare og me tok ned spinnakeren. Fekk likevel god fart mot mål, ca 7,5 knop.
Me var i mål etter 4 timar og 14 minutts seglas. Me såg at Levens, Elan 37, som var i vår klasse var ca 10 minuttar før oss i mål. Levens har høgare rating, og me var spent på om dette ville halda til seier.
Dette skulle visa seg å halda til seier med ca 5 minuttars margin. I tillegg var det beste tid uansett klasse.
Me fekk pokal og ein vandrepokal for seier i DH-klassen, ein vandrepokal for beste klasseseier og Sparebanken Vest vandrepokal for Beste tid uansett klassen


Takk til Eivind som var mannskap. Eg var tilbake på Manger kl. 24.00.

mandag 27. mai 2019

SPZ Seilmakeren DH 2019 - Kort video

Klasseseier i SPZ Seilmakeren doublehanded 2019

SPZ Seilmakeren DH vart segla 24. og 25.mai 2019. Start i Hauglandsosen på Askøy, vidare rundt Ramsholmane ved Ryvarden fyr nord for Haugesund, og målgang ved Klokkarvik i Sund. 37 båtar var påmeldt.

Her er heimesida til regattaen der du m.a. kan finna resultatlista.

X-faktor segla i minste rating-klasse med rating opp til 0,950 der det deltok 10 båtar.  X-faktor segla med rating 0,947, og hadde høgast ratingtal i klassen. Etter ein litt dårleg start låg me fremst i feltet frå Korsfjorden og resten av løpet.
Stor takk til Torkjell Tolo som var mannskap, og som vanleg pusha meg litt ekstra.
Eg gjorde litt opptak med GoPro-kameraet, og jobbar med ein 3 - 4 minuttars video.
Kjem derfor tilbake med meir frå regattaen.

X-faktor for spinnaker sørover på vestsida av Bømlo.

tirsdag 21. mai 2019

Stord shorthanded

Søndag 19.mai deltok X-faktor i Stord shorthanded i doublehanded-klassen. Det vart 3.plass på oss. Eivind Tysse var mannskap.
Eg segla frå Manger 18.mai kl. 8 om morgonen. Det vart ca halvt om halvt med segling om motor. Var framme i Lervik kl. 18.30 om kvelden. Neste morgon kom Eivind, og me var klare til regatta.
9 båtar stilte til start. Starten skulle gå i Lervik hamn kl. 12.
Kl. 11 fekk me vita at løpet var Kortversjon av løp nr. 1.
  • Start: Moloen ved Leirvik Havn – overrettlinje mellom stake og ytterkant av Storddøra 
  • 1. Hestholmsflua (stake) om styrbord. 
  • 2. Brømenholmen (sør for Ålforo) om styrbord. 
  • 3. Brunsholmen om babord.
  • 4. Klassen om styrbord. 
  • Mål: Eldøy
Me kom bra ut frå start. Styrbord merke var soleklart favorisert, og me kneka oss saman der. X-faktor var nærast styrbord merke når starten gjekk. Det var trangt, lite vind og tett med båtar. Me kom oss ut frå hamna, og no var det kryssing mot Hestholmflua. Vinden var ca 3 - 4 m/s frå SV.
Når me runda første merke var Amaryllis (First 40.7) først, deretter Match (Bavaria Match 35) og så X-faktor. Amaryllys heiste spinnaker ved runding. Det gjekk ikkje bra, og dei stoppa opp. No minka vinden, og plutselig var X-faktor fremst i feltet. Rett før Bømlabrua var det omtrent vindstille, men no fant Amaryllis noko vind inn med land, og kom seg først under brua. No var det kryssing nordover Nyleia. Match seig litt i frå oss. Vinden var oppe i 5,5 m/s frå NV.

X-faktor nordover Nyleia med ny Elvstrøm Genoa 1 med karbonfibrar.

Ved runding Brømenholmen var Match ca. 5 minuttar framfor oss. Me var raskt oppe med spinnaker og jibba oss sørover. Hadde fin driv fram til runding Brunsholmen rett etter Bømlabrua. Match seig litt frå oss sørover, men me tok dei igjen ved brua og dei var der 5 minuttar framfor oss. Etter Bømlabrua, ved runding Nautøya, leda me ifølgje RaceQs regattaen på korrigert tid.



X-faktor under Bømlabrua. Alle bilder: Jostein Vågenes
Herfrå og inn til mål ved Eldøya gjekk det ikkje so bra. Me var nok for nære land. Rotete vind. Me tok ned spinnakeren ei stund, deretter opp igjen med den. Tok ned på nytt. Skulle nok hatt den opp igjen ein gong til.
Amaryllis og Match drog frå oss, og Match var 16 minuttar før oss i mot. Match vann dermed regattaen og me kom på 3.plass 6 minuttar etter Match på korrigert tid.

Spor frå Marinetraffic
Her er resultatlista:



Mandag morgon segla eg heimatt til Manger. Med mykje kryssing vart det 65 nm i distanse på heimturen som tok 12 timar.
Takk til Eivind som stilte opp som mannskap, og som kobla opp den nye Victron batterimonitoren.
Takk til Jostein Vågenes for flotte bilder.

søndag 12. mai 2019

NHS Vårregatta 12.mai

I dag vart NHS Vårregatta arrangert på Mangersfjorden. 7 båtar stillte til start.
Eg segla X-faktor singlehanded i dag. I tillegg var eg startbåt, så eg kom litt seint ut i starten.
Flotte forhold på Mangersfjorden i dag med vind på 3 - 6 m/s.

X-faktor sitt spor på Marinetraffic. God dekning på Marinetraffic då eg har stasjon heime hos meg.
Ved første merkerunding ved Toskavegen var Mathilda ca 5 minuttar før meg. Denne avstanden held seg nokonlunde gjennom heile regattaen.
Etter runding Kvernane vest for Skjelanger var det spinnakerføre. Eg drøya litt med å setja spinnaker slik at eg unngjekk spinnakerjibb. Hadde fin spinnakerseglas inn mot Bognestraumen i opp i 7 knop.
Nedtak av spinnaker gjekk fint, og etter runding av Blodflu lykt var det seglas med stikk i skjøtet mot Mål i Mangersvågen.

Her er resultatlista.

Johnny Nordskag tok eit flott bilde av X-faktor:


tirsdag 7. mai 2019

Påfyll av kjølemedie til kjøleboksen

Kompressoren har gått nesten konstant i den seinare tid. I dag fekk eg ein kjølemontør til å fylla på 60 gram kjølemedie. Det var ventil til å fylla på med.
Dette var ført gjort. Kjølemontøren hadde instrument til å kontrollera om det var lekkasje. Det var det ikkje.



søndag 5. mai 2019

Nytt startbatteri

Eg fant ut at det var på tide å skifta startbatteriet.
Det vart eit AGM Batteri frå Maritim på 60Ah.


lørdag 27. april 2019

Sjøsetjing 27.april

Etter eitt halvt år på land på Litlebergen vart X-faktor sjøsett i dag, 27.april.


onsdag 17. april 2019

Bunnstoff. Første strøk med VC 17 på 30 sekund



Har påført 2 strøk med VC 17 i dag + eitt strøk med Hempel Hard racing på roret.
No er X-faktor klar for sjøsetjing, men eg må venta til 27.april !!


lørdag 13. april 2019

Roret er på og X-faktor er nypolert.

Nypolert og voksa

Lørdag 6.april vart X-faktor løfta opp 60 centimeter slik ar roret kunne setjast på. Kvadranten til styringa og autopiloten er montert på igjen.
I går polerte eg, og i dag har eg voksa skutesidene. Brukar Jotun Marine polish og Jotun Hardwax. Den nyinnkjøpte poleringsmaskina gjorde jobben.
No er det vassliping av bunnen, og påføring av 2 strøk VC 17 som står igjen.

Roret er på.

Legg til bildetekst

onsdag 3. april 2019

Nærmar seg sjøsetjing

X-faktor skal sjøsetjast 27.april. Det vert lenge å venta.
I går tok eg av presenningen. Sette på ny tærezink på drevet. Spraya drevet med bunnstoff.
I dag har eg vaska overbygg, dekk og skutesidene. Monterte på igjen kick'en.

Eg vil prøva å få løfta båten opp 60 cm slik at eg kan montera roret på igjen før sjøsetjing.
Båten skal polerast og voksast. 2 strøk med VC 17 skal påførast.

onsdag 27. mars 2019

Ny rorstamme

Nye rorstammen som eg kjøpte hos Jefa Rudder i Danmark er montert i rorbladet og klart for montering. Sjøsetjing vert 27.april. Håper på å få løfta båten opp 60 cm slik at roret kan monterast før sjøsetjinga.



Rorbladet er påført 4 strøk Hempel Light Primer pluss eitt strøk Hempel Hard Racing.
Skal ha på eitt strøk til. I det lysegrå feltet skal eg ha på drevspray.