søndag 29. mai 2011

Seier i Seilmakeren doublehanded 2011






Det vart seier i LYS-klasse 1,19 - 1,24 i Seilmakeren doublehanded 2011. Mannskap var Torkjell Tolo og skipparen. Torkjell var også med i fjor på SD, og då fekk me 2.plass i klassen. 60 båtar var påmeldt i år, 57 båtar starta. 24 i vår klasse. Starten gjekk kl. 18.00 torsdag 26.mai ved Ramsøy på Askøy. Det var ein fin NV bris, men litt regn, og me kryssa oss nordover Hjeltefjorden. Ved Fedje låg me godt framme i feltet. No vart det fleire alternative vegar å ta vidare. Me gjekk Straumsfjorden og det var eit godt val. Her var medstraum og me fekk gode krysslegg norover. Vidare segla me nordom Gåsvær og sette kursen mot Alden. No hadde det vorte lyst igjen. Det var god vind heile natta. NØ for Alden vart det lite vind, men me greidde å halda litt fart i båten og tapte ikkje så mykje tid. Når vinden no kom igjen auka den fort i stryrke, og me skifta frå Genoa 1 til Genoa 3. Planen var no å segla aust for Askrova, men me fant ut at der var det fare for lite vind. Me kryssa oss derfor opp vest for Askrova i frisk bris. Over Rekstafjorden kunne me ha stikk i skjøtet. Me var framme i Florø kl. 10.36.48 som andre båt. No var det 4 timars pitstop og tid for varm mat og litt søvn. I Florø var me nr. 2 i klassen etter båten Silje, ein 40 fots Sun Odysse frå Stord. Kl. 14.36.48 starta me igjen på vegen sørover. No hadde den varsla NV kulingen kome. Etter å ha segla over Rekstafjorden, sette me spinnaker og segla over Stavfjorden i opp i 16 m/s. Farten var på det meste oppe i 13 knop. Me segla kortaste veg, aust for Alden, aust for Inste Geita, gjennom Skomakaren og over Lågøyfjorden og gjennom Ytre Steinsund. Me hadde no kun ein båt framfor oss. Storm som hadde gått Straumsfjorden hadde tapt på det. Seglasen gjekk vidare innom Sogneoksen, gjennom Brosmeosen, over Fensfjorden og så sørover Hjeltefjorden. Det minka med vinden sørover Hjeltefjorden, og den dreia over på vest. Tvers for Jona måtte me derfor ta ned spinnakeren og heisa genoa igjen. Målgang var i Hauglandsosen, så siste stykket mot mål vart det igjen spinnakerseglas. Det var no svært lie vind. Me gjekk over mål kl. 00.58 natt til lørdag. Var litt spent på Silje si tid. Silje har lågare lys-tal enn X-faktor, men me tok 1.plassen med god margin. Dette hadde vore ein fantastisk tur. Etter varm suppe på Askøy seilsportsenter fekk me oss ei god natts søvn. Laurdag var det premieutdeling, intervju med Seilmagasinet og mykje styr. Stor takk til Torkejll for kjempeinnsats. Her er ein videosnutt som Seilmagasinet filma rett før pit stop i Florø. 
Her er  fotoalbum frå turen:

mandag 23. mai 2011

Seilmakeren doublehanded 2011

Det nærmar seg start for Seilmakeren doublehanded. Starten går torsdag 26.mai kl. 18.00 ved Ramsøy på Askøy. Deretter fritt løp til Florø der det vert 4 timars pitstop. Deretter retur til Askøy. På turen sørover må me austom Mefjordboen i Hjeltefjorden, elles er det fritt løp. Satsar på å vera tilbake til Askøy laurdags føremiddag.
Følg med på denne sida. 60 båtar er påmeldt, og alle vil verta tracka slik at du kan følgja regattaen frå godstolen.

søndag 15. mai 2011

2. plass i Jomfruturen



Det vart 2. plass i Jomfruturen 15.mai. 5 båtar stillte opp i første klubbregattaen til Nordhordland seilforening. Fint vær med 5-8 m/s frå NV og sol. Sjølv om me var først i mål slo Expressen Julianne oss på korrigert tid med 2 minutt.

fredag 13. mai 2011

Jomfruturen 15.mai


Søndag 15.mai er det tid for årets første klubbregatta i Nordhordland seilforening.
X-faktor har nettopp fått nytt bunnstoff og er klar. Mannskap vert Torkjell og eg. Me tar dette som trening til Seilmakeren doublehanded som startar 26.mai. Det er meldt fint vær og fin seglevind på søndag.

torsdag 5. mai 2011

Vårpuss

X-faktor er på land for vårpuss. Her er polering og voksing gjort. Kun bunnsmøring med 2 strøk VC17 gjenstår. Sjøsetjing mandag 9.mai.