søndag 16. februar 2014

Fine segleforhold på Hjeltefjorden

Når eg hadde tatt på storseglet til Snøføyka og det ikkje vart noko av,  måtte eg ha meg ein segletur søndag 16/2. Det var fine forhold på Hjeltefjorden med 4 - 8 m/s på V/NV. Litt regn i lufta til å begynna med, men etterkvart kom sola fram.


 

tirsdag 11. februar 2014

Snart klar for Snøføyka 2014

X-faktor er snart klar for Snøføyka 15.februar 2014. Det er RAN seilforening som er arrangør og starten går ved Anglevik på Sotra kl. 12.
På søndag tok eg av presenningen. I dag har eg sett på storseglet og hatt ein omgang med Rophs børsten under båten. Det vart ikkje mykje skit på mikrofiberkluten så dette ser bra ut.
Har streva litt med å få mannskap denne gongen, men idag spurde eg Bjørn Rundhovde som svara ja på ståande fot! Eivind Tysse og Morten Ådland er også med.

lørdag 1. februar 2014

Vedlikehald av vinsjane

Eine vinsjen på hyttetaken rauk under Neglespretten. Det var eit tannhjul som mista eine tanna! Har bestillt nytt tannhjul men har fått beskjed om at det er ein månads leveringstid. I mellomtida har Andre sølvlodda tannhjulet. Det held ei stund seier han.
Eg har ikkje vore so flink å reingjera vinsjane og smørja dei opp igjen, men no har eg gått over alle vinsjane. Gjort dei skikkeleg reine med white spirit og smurd dei opp igjen.

Her har eg plukka frå kvarande Lewmar 16 ST one-speed vinsjen. 
 
Her er tannhjulet reparert. Eg får sjå om eg får tak i nytt tannhjul. Dersom ikkje vil eg kjøpa ny vinsj. Vil gå opp ein størrelse og få ein vinsj med 2-speed.  

Her er genoavinsjen, Lewmar 40 ST 2-speed, reingjort og smurd opp.