tirsdag 21. september 2021

Vedlikehald på motoren

 Tirsdag 14.september 2021 hadde eg avtale hos Bildøy Båt og motor på Bildøy. Det var litt sot rundt dysene. Det hadde også kome litt rust i sveisen på eksosbendet som eg skifta i 2019. Ville også at dei tok ein sjekk på varmevekslaren.

Eg fekk faktisk nytt eksosbend + pakning på garantien. Eksosbendet skal sjekkast kvart andre år, og skal skiftast etter 4 år. Dette var 2 år gamalt, og Yanmar Norge innvilga nytt eksosbend til meg. Det var bra.

Dysene vart tatt ut. Det vart gjort reint, dysene testa og det vart skifta koparpakningar og flammepakningar.  


Varmevekslaren var fin. Skifta pakningar i kvar ende.


Dette vart bra. Motoren går veldig fint, og det vart no mindre lukt i motorrommet.



søndag 19. september 2021

Høststormseilasen 2021

Nordhordland seilforening arrangerte Høststormseilasen 18. og 19.september 2021.

Heile 32 båtar var påmeldt.

X-faktor segla i doublehandedklassen der det deltok 9 båtar. Takk til Eivind som var mannskap.

Me hadde ein god start på laurdag. Det vart spinnakersegling til etter runding Mikkelsbåen. Deretter vart det 3'ar innover til Hillesøyflua og vidare til mål i Moldøyosen på Fedje. Me hadde god fart i båten heile dagen. Jaja, hadde ein dårleg jibb rundt Kyrkjeflua der spinnakeren snurra seg rundt forstaget. Tapte eit par minuttar på det. 

Søndag var det start i Moldøyosen med ei startline som klart favoriserte styrbord merke. Me hadde ein plan, men var for seint ute. Det vart tett med båtar og me måtte slakka segla for å ikkje segla inn i Shiraz rett før start. Det vart tett med båtar også etter starten , og me skulle absolutt ha slått oss inn mot Fedje-landet så snart som mogeleg. Det gjorde me ikkje, og vart liggjande i dårleg vind mot Kyrkjeflua. Frå Svartskjeret og over til Rubbeganståna var vinden oppe i 10 m/s og det vart krappe bølgjer. Eg greidde ikkje å halda god nok fart heile tida på dette legget. Når me kom til Rubbeganståna slo me oss sørover land Øygards-ladet til me nærma oss Sture-terminalen. Hadde gode kryssvinklar her.. No skulle me segla aust for Mefjordbåen. Det minka på vinden og det var sterk straum imot, men me kom oss i mål ved Herdla-brua.

Her er resultatlista  . X-faktor vart nr. 2 på laurdag ( etter Shiraz) og nr. 3 på sundag (etter Levens og FS2). Totalt vart dette 2.plass etter Levens som vann DH-klassen.

Vind opp i 10 m/s på sundag.   Link til video : https://youtu.be/TEVworEPb3k






Spor laurdag frå Marinetraffic

Spor søndag del 1

Spor søndag del 2

mandag 13. september 2021

Høcom Bergen singlehanded 2021 - Overall-siger !

 


Høcom Bergen singlehanded vart arrangert laurdag 11.september 2021. 45 båtar var påmeldt. 32 av båtane var påmeldt i klasse med spinnaker. Her var også X-faktor påmeldt. Når startlista kom var denne klassen inndelt i 3 klassar: Rating opp til 0,920, rating 0,921 til 1,000 og rating 1,001 og over. X-faktor  har 0,945 i rating og var i mellomste klassen, der det var heile 17 båtar.

Værmeldinga varierte ein del i dagane før regattaen. Laurdag morgon vart det meldt litt mindre vind ved Marstein fyr enn kvelden før, 5 - 6 m/s frå sør. Inne i startområdet var det meldt 3 - 4 m/s frå sør. Me visste framleis ikkje kva for løp som skulle seglast, men eg måtte gå for genoa 1 som forsegl. 

Starten skulle gå kl. 11 i Bjelkarøyosen. Løpet som skulle seglast var LØP 2 "Austevoll rundt". Klassane uten spinnaker og uten målebrev svart sendt avgårde kl. 11.00. Spinnakerbåtane starta kl. 11.10. Det var mange båtar og trangt om plassen.  Å segla att og fram med genoa 1 før start krev merksemd, og eg trekte meg litt bakover. Det var regn og skodde. Det vart ein dårleg start. 

Rett etter start ved Bjelkarøy. Korsneset i bakgrunnen.

No skulle me segla utover Korsfjorden og runda Marstein fyr. Rett etter start ligg det eitt fiskeoppdrett der me skulle segla. Nokre av båtane segla på nordsida av oppdrettet. X-faktor, og dei fleste andre, segla på sørsida. Eg måtte ta eitt slag når eg nærma meg oppdrettet. Når eg skulle runda den sørlegaste bøyen på oppdrettet var det ein voldsom motgåande straum, og eg måtte ta eit par kjappe slag for å koma rundt. Uff, dårleg ! No sette eg kursen mot Kleppholmen for å segla langs Sund-landet. Det gjekk bra unna med stikk i skjøtet. Båtane som hadde gått nord for oppdrettet måtte ta eit slag når dei nærma seg Sund-landet. Ved Kleppholmen segla Gleden og X-faktor side ved side. Levens var eit godt stykke framom.  Når me nærma oss Marsteinen auka vinden og var oppe i 7 m/s. Det gjekk greit med seglføringa. Gleden hadde no falle litt bak etter å ha prøvd seg med ein liten gennaker. FS2 låg rett bak X-faktor.  Når eg slo etter å ha passert Marsteinen kryssa FS2 framfor X-faktor. No var det full kryss innover Møkstrafjorden til neste rundingsmerke - Terneskjeret.  X-faktor gjekk som ei kula innover i 6 m/s , og eg trong ikkje å slå på dette legget. Fleire av båtane måtte ta eit par slag for å stå innover. 

X-faktor sitt spor på RaceQs. Blå farge 4,0 til 4,9 knop, grøn 5,0-5,9 knop, gul 6,0 til 6,9, orange over 7 knop

Når eg nærma meg Terneskjeret gjorde eg klar for setjing av spinnaker. Me skulle då segla mot Pirholmen på sørsida av Ståløya.  Ved runding Terneskjeret var vinden ca 5,5 m/s og sann vindvinkel ca. 140 grader. Eg fekk spinnakeren opp og segla mot Pirholmen i opp mot 7,5 knop. Vidare mot Austevollsbrua og Krosshamn vart det mange spinnakerjibbar for å halda fart i båten i den minkande vinden. No hadde eg kontakt med dei større båtane, og fekk større avstand til båtane bak. Over Korsfjorden mot mål i Bjelkarøyosen hadde eg god sikt til Levens og Tigergutt som var framfor meg, men har høgare rating. Eg følgde dei mot Korsneset der me tok siste jibben før me segla mot mål.


X-faktor nærmar seg Krosshamn i Austevoll.  Foto: Morten Fotland

Siste stykket mot mål minka vinden og var vel eit par gonger nede på 2 - 3 m/s. Eg var i mål etter å ha segla i 4 timar 50 minutt og 32 sekund. Kunne dette halda til ei god plassering? Eg var lika gira etter målgang, og kunne ha segla løpet ein gong til.

Det vart klassesiger og beste tid av alle båtane. Ca. Kl 19 laurdag kveld var det premieutdeling i Bergens seilforening sine lokaler. Det vart pokal, og Wollert A Hvide sin minnepris for beste tid. I tillegg ein kjempeflott gåvepremie frå Høcom Norge. 

Dette var litt av ein dag. Dette var 11. gong eg deltok og fullførte Bergen singlehanded. I fjor hadde eg 2.plass i klassen, og toppa det med seier i år. Takk til Bergens seilforening for flott arrangement. Resultatlista finn du her.

Premieutdeling

Det kjem YouTube video når eg kjem meg heim og får redigert GoPro opptaka. Har opptak frå deler av heile regattaen.