1 times YouTube video frå turen og opphaldet på Shetland 15.-21.juli 2026. Det har vore 3.600 visningar av videoen dei første 4 dagane etter av videoen vart lagt ut! Bruk 4K kvalitet (2160p) dersom det er mogeleg.
søndag 26. juli 2026
YouTube video frå Shetlandsturen 15. - 21.juli 2026
fredag 24. juli 2026
Tur til Lerwick Shetland 15. - 21.juli 2026 Singlehanded
Onsdag 15.juli 2026 kl. 20 la eg ut frå Mangerøy. Var ved Geitingen lykt kl. 21, og sette kursen mot Lerwick. Det var meldt nordleg vind heile vegen. Mest vind var meldt etter 5 - 6 timar med 8 m/s og vindkast på 10 - 11 m/s. Vinden var ikkje oppe i meir enn 9 m/s.
Første halvdelen av turen gjekk raskt unna med ein snittfart på 7 knop. Seinare minka det gradvis på vinden, og siste delen fram til Shetland vart det motor. Eg var framme ved innløpet til Lerwick frå nord kl. 23.30 norsk tid 16.juli. Opplett heile vegen og fin temperatur.
Det vart nokre fine dagar i Lerwick.
Mandag 20.juli kl. 07.50 norsk tid starta eg på heimturen.
![]() |
| Tommy Allan tok bilde og vinka farvel mandags morgon. |
Litt yr i lufta når eg starta, men været var fint på overfarten. Vinden var no frå NV, seinare dreiande vestleg og på slutten vind frå sør. Vinden på heimturen var ikkje over 7 m/s. Segla heile vegen. Var ved Geitingen lykt kl. 15.20 norsk tid, og i hamna i Mangerøy kl. 16.30.
Eg filma ein del med GoPro-kameraet mitt, og held på å redigera til ein times YouTube video i 4K oppløysing.



