fredag 19. mai 2023

Huftarøy rundt 2023

Huftarøy rundt vart arrangert av Os seilforening 18.mai 2023 med start kl. 11 i Strøneosen. X-faktor stilte i DH-klassen der det var flest påmeldte båtar, 11 i talet. Eivind var mannskap. Eg segla til Bergens seilforening 17.mai om kvelden, og overnatta der.  Eivind kom ombord der 18.mai om morgonen. Det var opp i 7 m/s motvind når me gjekk for motor til startområdet, og me hadde ikkje så god tid før start. Løp2 skulle seglast. Dvs start mot sør. Me hadde nok ikkje sett oss godt nok inn i kvar startlina var, og me hadde ikkje kontroll på startprosedyren. Dermed vart det ein litt dårleg start.

X-faktor langt bak i starten

Vinden var i starten frå aust ca. 5-6 m/s, og me segla slør i god fart over Bjørnafjorden mot Langenuen. Når me kom inn i Langenuen dreia vinden mot sør, og det vart kryss sørover langs Austevoll-landet, innom Tobbeholmane og vidare mot rundingsmerke Kalvsundboen. Det var motstraum og ein del bølgjer, og eg synes det var litt vanskelege seglforhold. Sporet frå Marinetraffic viser likevel at me kryssa bra . God høgde og fart. Me hadde ein litt dårleg periode ved inngang til Langenuen når vinden dreia, og det var lite vind ein periode. Etter runding av Kalvsundboen kom vinden opp i 7 - 8 m/s, og me måtte venta litt med å setja spinnaker då vindvinkelen var litt for skarp. Me segla litt opp før me fall av litt og sette spinnakeren. No segla me i over 7 knop mot Bekkjarvikbrua. Litt rotete vind rett etter brua. Me jibba, men fekk snurr i spinnakeren og jibba tilbake. No segla me i 7 - 8 knop mot Grøningen. Der jibba me , og segla deretter spinnaker på same hals heilt til merke Lindholmen rett nord for Hufthamar. Derifrå og til mål i Strøneosen var det slør i god vind og med fart på 7 - 8 knop. Me var i mål kl. 15.08.02 etter å ha segla i 4 timar og 8 minutt. Det held til 4.plass i DH-klassen ca 5 minutt etter Levens som fekk 3.plassen. X-yahts på dei 2 første plassane: X-35 på 1.plass og Xp38 på 2.plass. Gratulera til Håvard Espeset og Frode Haugland med overall-seier !

Resutatliste: http://www.os-seilforening.org/index.php/huresultater?view=resultat&regaid=HU-23

Spor frå Marinetraffic





Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar