tirsdag 5. desember 2017

Lithiumbatteri ?

Forbruksbatteria i X-faktor er frå april 2012. Dette er 2 stk 70Ah AGM batteri frå Biltema.
Dei fungerer greit enno, men eg har begynt å tenkja på å skifta til lithium batteri. Hadde vore greit å sleppa å stressa med landstraum på Seilmakeren doublehanded, og motorlading undervegs til Shetland. Hadde også vore greit å kunna vera nokre dagar på tur, og kunna bruka kjøleboksen, utan landstraum og motorlading.
Vurderer derfor eitt stk LiFePo4 lithium batteri på 100 Ah.
Har vore i kontakt med Makspower, og dei opplyser at eg framleis kan bruka Sterling Pro Reg D regulatoren som eg har montert og som gir god lading frå dynamoen.
Eg må derimot ha nytt skillerelé melom start og forbruksbatteri , og ny regulator på solcellepanela. Skillereléet må vera elektronisk. Solcelle-regulatoren som eg har i dag pulsladar, og LiFePo4 batteria skal ikkje pulsladast. I tillegg bør eg ha ein batterimonitor.
Dermed vert dette kostbart.




mandag 18. september 2017

Høststormseilasen 2017 med X faktor

Høststormseilasen vart arrangert av Nordhordland seilforening 16. og 17.september 2017.
X-faktor stillte i shorthandedklassen med Eivind Tysse og skipparen som mannskap.
I alt 24 båtar var påmeldt. Av desse 7 i shorthandedklassen.
Etter litt dårleg start på laurdag, segla me bra begge dagane. Frøken Smilla, First 40.7, vant shorthandedklassen begge dagane. Laurdag var me på 2.plass. Søndag vart det 3.plass på oss, slått med 1 sekund av Mathilda som var nr. 3 på laurdag.
Dermed vart det 3.plass på X-faktor samanlagt. Dette eine sekundet betyr også at X-faktor ikkje vinn NHS sin klubbserie 2017 ! Synd, men slik er det.
Her er resultatlista. På korrigert tid samanlagt for begge dagane er X-faktor nr. 4. Takk til Eivind som var mannskap.



For spinnaker innover Fensfjorden laurdag. Foto: Kjell Magnus Økland - Kystsogevekene
Fedje søndag morgon

Passering Kyrkjeflua søndag. Foto: Karen Drange
Målgang ved Mefjordbåen søndag. Foto: Madeleine Bratshaug

Spor frå Marinetraffic laurdag
Spor frå Marinetraffic søndag.
Me tapte nok 2.plassen ved å gå for langt ut i fjorden nord for Sture. Mykje motstraum.




mandag 11. september 2017

Bergen singlehanded 2017 med X-faktor

9.september 2017 var det klart for Bergen singlehanded for 7. gong. Eg har deltatt og fullført alle sju gongane.
45 båtar var påmeldt. Av desse var 7 Knarr. Båtar med spinnaker var delt i 2 klassar, opp til rating 0,969 og 0,970 og over. I desse klassane var det 16 båtar i kvar klasse. Med SH Rating på 0,940 var X-faktor i minste klasse med mange tøffe konkurrentar.
Værmeldingane varierte mykje, og det var spennande korleis dette vart og kva løp me skulle segla.
Det vart løp nr. 2: Start ved Bjelkarøy, ut rundt Lille Marsteinen, rundt Blia og i mål ved Bjelkarøy.
Vinden var SØ 3 - 4 m/s i starten. Denne vindretningen held seg gjennom heile løpet. Når me segla innover Korsfjorden mot Blia auka vinden til opp i 6 m/s. Frå Blia og inn til mål varierte vinden mykje.
Eg satsa på å starta ved babord merke. Var litt for seint ute, og var i fisen av nokre 40 - 45 fotarar.
Kom meg over startstreken etter nesten 2 minuttar. Kom meg fri og skar opp til babord. Vindvinkelen var skarp og eg venta litt med å setja spinnaker. Var likevel mellom dei første til å setja.  Nådde etter kort tid igjen Gleden. Gjorde tabben med å segla for nært. Eg veit jo kva Finn gjer når ein konkurrent tar han igjen! Prøvde meg i lo og i le, men det nytta ikkje. Kom meg ikkje forbi. Når me nærma oss Lille Marsteinen romma vinden litt og eg kom meg endeleg forbi Gleden. Var kanskje litt tidleg med å ta ned spinnakeren, men eg måtte ha litt tid for å tatt ned bommen. Var rett bakom Miss Helen, First 36,7, ved runding. No var det full kryss innover Korsfjorden. Hadde god fart men mykje motstraum. Nokre båtar slo seg inn mot Austevoll-landet truleg for å få mindre motstraum. Eg stod heilt inn til Blia utan å slå. Fekk tredd om spinnakerfall, skjøte og bras for å vea klar til å setja spinnaker etter runding Blia. Hadde også fått opp bommen før runding. Litt rot i setjebagen, men fekk spinnakeren ganske raskt opp og segla mot mål. Var no rett bak Levens, Elan 37, og Miss Helen. Segla forbi Rubber Duck ( Class 40) inn mot mål. Hadde etterkvart fått litt avstand bak til Gleden.
Det vart ein 4.plass i klassen. Fornøyd med det. Det var ein tøff klasse.  Resultatlista finn du her.
Eg var fornøyd med seglinga mi idag.
Her er litt video. Fekk ikkje filma runding Blia og siste strekket inn mot mål. Treng litt meir trening i GoPro-filminga.

onsdag 6. september 2017

Skifte av belg på segldrevet

Søndag 3/9-2017 segla Wenche og eg til Bildøy Båt og Motor. Hadde avtale om skifte av belg på drevet (Yanmar SD20) mandag og tirsdag.
Hadde ein fin segltur - kryss - sørover Hjeltefjorden. Brukte 6 timar på turen.
Jobben vart ferdig onsdag føremiddag.
X-faktor (X-332 bygg nr. 167) er produsert hausten 1998, og er dermed 19 år. Eg kjøpte båten hausten 2009. Har ikkje funne ut om belgen er skifta tidlegare. Den gamle belgen var like fin som ny.


Det var ikkje så lett som omtalt på X-332 Klubben si side (sjå under) å få av plata rundt drevet.
"Skift af S-drevs membran
Der sidder en plade monteret under bunden omkring S-drevet. Dette kan fjernes ved et hurtigt ryk med en umbrako nøgle eller lign., sat op i hullet ved benet. Herefter kan benet fjernes og motoren løftes ved, at afmontere de bagerste motor ophæng, hvorefter membranen kan skiftes. Pladen genmonteres med lim/silikone og der spartles i bunden så der opnås en glat overflade."

Segla heimatt onsdag kl 12. Motor til Ramsøy, deretter fin seglas i 2 - 3 m/s frå NV.
Brukte 4 timar på turen.  Her ein liten videosnutt frå turen heimatt:



mandag 28. august 2017

NHS Sommarregatta 26. og 27.august 2017

Laurdag 26.august var det klart for NHS sin sommarregatta. Mannskap laurdag var Magne Iversen, Wenche og skipparen. Start kl. 14. 9 båtar stillte til start.
Det var meldt ein S/SV vind på 2 - 3 m/s. og dermed vart det start ved Krossnessundbrua, runding ved Bakarvågen og retur til Krossnessundbrua. Me kom bra ut frå start. Vinden var svak: frå 0,5 m/s til 2 m/s. Me låg først i feltet og fant ut at vinden låg ved Morvik. Hadde nokre dårlege slag, og FS2 segla forbi oss. Før Strømsnesholmane kom me oss forbi FS2 igjen. Dette veksla fram til merkerunding ved Bakarvågen. Der var FS2 først og me etter. Mathilda, som hadde lagt lenge ved Frakhaug,  og Amante hadde no fått opp farten og var ikkje langt etter oss ved runding.
Me var raskt oppe med spinnakeren etter runding, men vinden kom imot oss, så dette gjekk ikkje.
Ved Morvik kunne me igjen setja spinnaker som vi segla med til mål. Me var først i mål. Ca 2 minutt før FS2. Bak oss kom no Mathilda og Amante i full fart. Amante vant overlegent på korrigert tid.

Spor frå Marinetraffic laurdag
Om kvelden var det pizza i Fjordsailing sine lokaler.
Søndag var det ny regatta. Start kl 11. I dag var det DH- segling med Wenche og eg som mannskap. 7 båtar på startstreken idag.
Start ved Krossnessundbrua, runding Hamreflu stake og retur til Krossnessundbrua.
Kom bra ut i starten, men då forsvant vinden og det vart reking sørover. Etterkvart kom det ein liten trekk frå vest og me kom oss under Nordhordlandsbrua. Der passerte me Tjorven som låg fremst i feltet. Me fekk etterkvart opp spinnakeren og vinden tok seg opp til rundt 4 m/s. Hadde ein jibb inn mot runding Hamreflu stake. Deretter var det kryss tilbake mot Nordhordlandbrua og slør til mål. Var først i mål også søndag, med FS2 og Mathilda bak.

Spor frå Marinetraffic søndag.

Her er resultatlista

Ein liten video frå regattaen søndag på veg bort til Nordhordlandsbrua.
https://youtu.be/RlMDQo_zazA

onsdag 28. juni 2017

Shetland Race 2017

1. plass i klassen på første leg frå Marstein fyr til Lerwick med Kelso på 2.plass.
På etappen Lerwick Marstein fyr vart det 2.plass, 1 minutt og 44 sek etter Kelso. Dermed vart det 2.plass totalt.
Takk til mannskapet Eivind, Torkjell og Magne for godt utført jobb.
Det vert videoreportasje denne gongen.
Pass på å få den i HD format og at avspelinga startar frå 0:00.

Meir info, bilder, tracking og resultatliste finn du her.


Rett etter start frå Marstein fyr.

Frå premieutdeling for 1.etappe i Lerwick


Frå premieutdelinga i Bergens seilforening



mandag 19. juni 2017

Klar for Shetland Race 2017

X-faktor er klar for Shetland Race 2017.
Mannskap i år vert som i 2009, 2011 og 2013: Eivind Tysse, Torkjell Tolo, Magne Iversen og skipparen.


Meir info og tracking finn du her:

https://www.sailracesystem.no/regatta?regatta=2490&type=nyheter&nid=909

lørdag 27. mai 2017

Norgeshus Seilmakeren DH 2017 litt video



Nokre videoklipp tatt rett etter start i Hauglandsosen. Me seglar her frå Follese til Vatlestraumen, pluss eit lite klipp vest i havet utom Møkster.

Nytt rod forstag og rullesystem

Tirsdag 23.mai var eg til Lillebergen og fekk montert nytt rod-forstag og Profurl C290 (Below the deck) rullesystem.
Har også kjøpt nytt rullesegl: Elvstrøm Furling Jib - FatFurl - i Radial laminat.





onsdag 24. mai 2017

Norgeshus Seilmakeren doublehanded 2017

Fredag 19.mai 2017 var det igjen klart for Norgeshus Seilmakeren doublehanded. Regattaen vert arrangert for 13.gong. Dette er Torkjell si 7.deltaking og mi 11.deltaking. Me har fullført alle gonger tidlegare. Værmeldinga gjekk ut på fin bris frå NV og denne skulle halda seg ut på kvelden. Eg innbilte med at me skulle vera i Haugesund i 9 10 tida om kvelden.
Her tok eg grundig feil.
Spinnakeren kom opp med det same starten gjekk, og me kom godt ut.
Ved Sotrabrua låg me mellom Vito 4 og Ventus, og me var nr. 2 i klassen på trackinga.


Me valde å gå Vatlestraumen. Dette valet vart tatt på sparket. Båtane delte seg mellom Vatlestraumen og Kobbeleia. Vatlestraumen viste seg å vera eit godt val.
Ved Raunane var me likt som Zephyr som hadde gått Kobbeleia. Me leda no klassen i trackinga.
Me lurte ein gong på om me skulle følgja Winocean gjennom Bukken. Det hadde kanskje vore lurt.
No forsvann vinden og me vart liggjande å reka. Vito4 som gjekk på Austsida av Raunane hadde vinden litt lenger enn oss og drog frå.
Ved Lerøy fekk Vito4 ein liten vind inn med land og kom seg avgarde på kryss. Etterkvart fekk også me andre denne vinden og kryssa mot Korsfjorden.
Me hadde tidleg bestemt oss for å prøva Bakkasundet. Me stod bra utover Korsfjorden, men måtte ta eit lite slag. Me kom inn i Bakkasundet likt som FS2.
No var det å koma seg ut i havet og me sløra i god fart utover. På dette tidspunktet var me igjen nr. 1 i trackinga. Denne plassen hadde me til Vito4 var i Stolmasundet.


FS2 med same fart som oss på slør.

Vest for Møkster kunne me falla av og segla sørover.

FS2
Etter at med sette kursen sørover fall me stadig på resultatlista. Me hadde for liten skjæring og det var ein del sjø.
Me skar inn med kurs sør for Espevær. No minka det på vinden.


Når me kom inn mot Espevær var me nr. 4 på rankinga. Farten låg no på 2 til 3 knop. Seinare enno mindre. Torkjell tok seg ein lur og skipparen styrte i nattemørket.
Ved Ramnsholmane midt på Sletta kom det ein liten bris på NØ og me fekk god fart mot Haugesund. FS2 hadde vald å segla ute i havet lenger, og kom no skjærande inn mot Haugesund. Det tente han godt på.
Når båtane kom til Sørhaugøy lykt ved innløpet til Haugesund forsvann vinden omtrent heilt.
Me kom med god fart og innhenta mange båtar som låg her. No var det å reka inn over målstreken for pitstop. Me var i mål i Haugesund kl. 05.45.35, og restart vart då 09.45.35.

Etter eit måltid lapskaus var det å koma seg til køys og prøva å få seg litt søvn.

Når det nærma seg restart var me ute i startområdet og sjekka forholda. Ventus og FS2 hadde då starta. Dei hadde vald vestre løp og me bestemte oss for å gjera det same. Rett før me skulle starta såg me at FS2 kom rekande sørover, og me valde no å starta i austre løp. Me rak utover i ca. 25 minutt for det kom ein liten bris og me kunne segla. Me hadde no tatt igjen forspranget som Ventus og FS2 hadde på oss, og var no oppe på 2.plass i trackinga etter Vito 4. Etter ei lita stund kunne me setja spinnaker og me var rask oppe med den. Me segla no i samla flokk med kurs vest for Espevær. Deretter langs Bømlolandet og mot Slåtterøy.

Ved Slåtterøy
Når me kom til Slåtterøy måtte me jibba innover Selbjørnsfjorden. Me tok ned spinnakeren og segla genoa. No hadde vinden tatt seg opp i 10 - 11 m/s og det var full fart.
Me tok no peiling på Stolmebrua og når tida var inne sette me igjen spinnaker og segla i opp i 11,3 knop.
Her er ein videosnutt frå Selbjørnsfjorden. Takk til Kjell Hansen i Kilroy som filma.

https://www.facebook.com/100009855644075/videos/496182750720242/

Gjennom Austevoll med spinnaker.
Vinden auka no på og i bygene var den oppe i 13 m/s. Dette var utfordrande gjennom Austevoll, men me greidde oss utan ein einaste broach. Held på å få ein kinesar ved Pirholmen, men dette gjekk utruleg nok bra.

FS2 hadde hatt 2.plassen på trackinga no og me kjørde på det me kunne inn mot mål ved Klokkarvik.
Ved målgang hadde me brukt 7 timar og 59 minutt frå Haugesund. Dette held til 2.plass i klassen, noko me er svært fornøyd med.

Takk til Torkjell Tolo for godt utført jobb.
Me gjennomførste regattaen utan skadar på korkje utstyr eller mannskap.

Gratulera til Vito 4 som tok ein soleklar seier i klassen.


Resultat og meir om regattaen finn du her:

https://www.sailracesystem.no/regatta?regatta=2578

torsdag 18. mai 2017

Klar for Norgeshus Seilmakeren Doublehanded 2017

I morgon, fredag 19.mai, start Norgeshus Seilmakeren Doublehanded kl. 11.
X-faktor stiller med Torkjell og skipparen som mannskap. Totalt 32 båtar er påmeldt.
Me seglar i mellomste klasse, rating >0,930 og < 0,989. Her er det 15 båtar og dette er klassen med flest båtar. Me har rating 0,946, og dette er nest lågaste rating i klassen.
Her er link til artikkel på Seilmagasinet i dag. Her finn du også link til regattaen si heimeside der du m.a. kan finna trckinga.
https://www.seilmagasinet.no/innhold/regatta/?article_id=48656

Dette vert spennande.

mandag 15. mai 2017

Seier i NHS Vårregatta 14.mai 2017

Søndag 14.mai var det klart for NHS Vårregatta. Torkjell og eg skulle ta dette som trening til Seilmakeren DH. Wenche vart også med for turen si skuld.
Det var meldt S/SØ vind 3 m/s på Byfjorden og dermed skulle me segla løp nr. 1:
Frå Nordhordlandsbrua til Bakarågen og tilbake.
6 båtar sillte til start: Svalen, Tjorven, Shiba Juvel, FS2, Mathilda og X-faktor.
Starten gjekk kl. 15 og me kom nokonlunde greit ut og sette spinnaker rett etter start. Vind 1 - 2 m/s. Før me kom til Frekhaug kai vart dette for skarpt og me gjekk over til Genoa 1. No vart det rotavind og lite vind. Me såg at vinden låg lenger framme. Når me nådde i den som første båt gjekk det veldig bra unna ei stund og me låg langt framom dei andre båtane. Vinden kom no frå SV. Etter kvart dabba vinden av og me hadde ei stund 0 vind. No kom det ny vind frå NØ og den fekk båtane bak først. Me kunne sjå at Mathilda og FS2 nærma seg. Til slutt fekk me også vinden og kunne setja spinnakeren. Me sleit oss fram til rundingsmerket ved Bakarvågen, og her vart løpet avkorta. Mathilda låg no godt an til å ta seieren, men inne ved lagt forsvant vinden og Mathilda var 15 minutt etter oss i mål. På korrigert tid vann me med 45 sekund.

Me segla tilbake mot Litlebergen, men ved Morvik forsvant vinden heilt og me motra resten.
Her ein liten videosnutt frå  seglinga tilbake mot Litlebergen:



Me vart observert på Byfjjorden av arr. av Norgeshus Seilmakeren doublehanded:
https://www.facebook.com/SeilmakerenDoublehanded/photos/a.116770255149562.22532.116765601816694/763733357119912/?type=3&ref=notif&notif_t=mention&notif_id=1494779110425043

Her er artikkel på NHS si side:
http://www.nordhordlandseilforening.org/D/node/10810

Her er resultatlista

torsdag 11. mai 2017

Vårpuss

X-faktor vart tatt på land på Manger 2.mai. Litt forsinka var det sjøsetjing i dag tidleg, torsdag 11.mai.
Har polert og voksa (Jotun). Bunnen er vaska og vannslipt, deretter påført 2 strøk VC17.
Elles har eg skifta gearolja og tæresinkar.

På land om kvelden 2.mai. 

Ferdig ! 

Sjøsetjing torsdag 11.mai om morgonen.

tirsdag 14. februar 2017

torsdag 26. januar 2017

3.plass i Nordhordland seilforening sin klubbserie i 2016

I går, 25/1-2017, var det årsmøte i Nordhordland seilforening. Her var det også premieutdeling for klubbserien 2016. Det vart 3.plass for X-faktor. Fekk ikkje med første regattaen 8.mai. Då var X-faktor på land for vårpussen.

Resultat NHS Klubbserie 2016

Gratulera til Mathilda som igjen tok 1.plassen og FS2 som tok 2.plassen.

Pokalhyllene begynner å verta fulle. Her må det litt gjenbruk til:

onsdag 25. januar 2017

Teakplata på pullpit

Har god tid no som pensjonist, og har tatt av teakplata på pullpit og pussa og olja den.
Vart bra. Har tidlegare lakka plata, men prøver no med teakolje. Har hatt på 7 - 8 strøk.


mandag 9. januar 2017

Neglespretten 7.januar 2017

Eg var tidleg oppe laurdag 7.januar og kasta loss kl. 05.55. Var framme ved Zachen kl. 08.50.
Vart litt mannefall i dag då Eivind og Magne vart forhindra i å vera med. Dermed vart det Yngve, Rolf og eg som mannskap.
Det var meldt svært lite vind.
Starten skulle gå kl 12 og då var det ein liten trekk. Me hadde god start, men pga mange tjuvstartar vart det generell tilbakekalling.
Synd. No forsvant vinden og ny start let venta på seg.
Omsider vart det ny start uten at det var noko særleg vind.
Dette vart ein tålmodghetsprøve. Når me hadde kome 50 meter frå startlinja tok straumen oss tilbake bakom startlinja.
Det kom ein liten bris og me var oppe i 3 knop. Kom oss midt i fjorden på veg til første merke nord for Strømsnesholmane. Då var det på nytt slutt på vinden og me rak sørover med opp til 1,2 knop. Det var sopass at eg måtte bruka roret som om me bakka.
Maksimaltida var 15.45, og når klokka var 15.20 var det klart at me ikkje kunne nå mål. Me var ein av dei bakerste båtane i feltet. Me braut og gjekk tilbake til Bergen.
Kun 6 av 32 båtar kom i mål. Takk til mannskapet for innsatsen.

                                Her er sporet. 1.merke, som også vart mål, ligg nord for Strømsnesholmane.                                          Straumen gjekk sørover, og når me fekk litt fart i båten gjekk me meir vestover.

Her er ein liten videosnutt. Me seglar forbi Gleden. Dette ser jo bra ut. Seinare segla Gleden forbi oss, og Gleden var mykje nærare til å koma i mål enn oss.


Har kjøpt meg GoPro Hero5 kamera. Har ikkje heilt kontroll på korkje filming eller redigering. Håper det vert betre etterkvart.
Sjå også High5Five sin video. Han kan dette:



onsdag 4. januar 2017

Påmeldt til Neglespretten 2017












X-faktor på logo-bildet til Åsane seilforening. Til høgre med gul firkant i spinnakeren.

X-faktor er påmeldt til Neglespretten som startar kl. 12 laurdag 7.januar ved Våganeset.
Regattaen går på Byfjorden med målgang ved Hegreneset.
Mannskap er Eivind Tysse, Magne Iversen, Yngve Thuen, Rolf Ingebrigtsen og skipparen.
Det er meldt opplett, 2 - 3 plussgrader og svak vind/lett bris frå N/NØ.

mandag 2. januar 2017

X-faktor 2016

Godt nyttår ! Har samla ein del bilde frå ein del av det me har vore med på i løpet av 2016