lørdag 30. juni 2012

Shetland Race 2012 - fotoalbum

Det vart eit fantastisk Shetland Race. Overallvinnar på 1. etappe Bergen-Lerwick. Seier i doublehandedklassen etter begge etappane. På 1. etappen var det flott vær og rolege vindforhold. Hadde ikkje vatn på dekk. 2. etappe vart mykje tøffare med kuling i periodar og mykje sjø over båten. Me var slitne når me gjekk i mål ved Marsteinen mandag ettermiddag.  Takk til Eivind som sto på som co-skippar. Dette var 7. gongen Eivind og eg segla til Shetland i lag.
Laurdag ettermiddag tok Karen Jamieson oss med på guida tur til Eshaness coast. Mange bilder frå dette spesielle landskapet.

Klikk på linken under for å sjå fotoalbumet.

https://goo.gl/photos/o8sW1X8aVtGZNkbe7

Shetland race 2012

lørdag 16. juni 2012

Shetland Race 2012

Det nærmar seg Shetland Race. Starten går kl. 13.00 onsdag 20.juni. I år stiller X-faktor i doublehandedklassen med Eivind og Harald som mannskap. Det er ein tøff klasse med tilsaman 6 båtar der den raskaste er Rune Aasberg sin "Solo". Jørund Fjøsne i "Storm" er også ein habil DH-seglar. Det same kan også seiast om dei andre i klassen. Det er meldt rolege vindforhold med skiftande bris og stort sett opphaldsvær på overfarten til Shetland. Båtane vil verta tracka. Føl med på Fjordsailing Shetland Race.

søndag 3. juni 2012

Seier i NHS sin Vårregatta

Heile 7 båtar stillte opp på NHS sin Vårregatta 3.juni. Vinden var oppe i 11 m/s frå N så det var friske forhold. Både Julianne og X-faktor segla singlehanded i dag. Det var ganske jobbigt på kryssen oppover mot Sæbøflua. X-faktor var fremst i feltet frå start til mål og tok seieren med Julianne på 2.plass.
Takk til Bjørn for flott foto: