tirsdag 10. oktober 2023

Windjammer 2023 på Stord 7.oktober 2023

 X-faktor har delteke på Windjammer to gongar før, det var i 2019 og 2020. I år er Windjammer sjette og siste regatta i Vestland Cup 2023 for storbåt aktiv, og eg hadde lyst til å vera med. Etter å ha vore på Bildøy onsdag, segla eg onsdag ettermiddag til Bekkjarvik i fint vær. 

X-faktor i Bekkjarvik onsdag 

Torsdag segla eg vidare gjennom Engesundet, Nyleia og til Leirvik.
Det var best å koma seg til Leirvik før fredag då det skulle verta dårleg vær med mykje regn og vind.

X-faktor og Gleden i Leirvik fredag 6.oktober

Som makker på Windjammer vart Frode Haugland med denne gongen. Stor takk til han som stilte opp på kort varsel, og gjorde ein kjempejobb.

30 båtar var påmeldt. I klasse for Doublehanded , der X-faktor var påmeldt, var det påmeldt 8 båtar. 
Det vart mykje sjekking av værmeldingane på fredag og laurdag morgon. Det var meldt fint vær med sol, og vind frå N/NV på 5 - 7 m/s og vindkast på opp i 10 m/s.
Starten gjekk kl. 12.05. Det var lagt ut fin startline med 2 store gule bøyar. Me valde å start for babord halsar ved styrbord merke. Fullt storsegl og Genoa 1. Det gjekk fint, men me var 20 - 25 sekund for seint ute. Me fekk fin skjæring mot første merke, Ystøya. Me segla nok litt nært øya, og vinden forsvann ei lita stund.
Når vinden kom igjen segla me mot Hille og Fluholmane ved Kvinnherad. Vinden var oppe i 8 m/s og me hadde litt mykje seglføring ei stund.

Bilde tatt ombord i Obelix. X-faktor NOR 9341 rett bak

Ved runding Fluholmane jibba me, og sette spinnaker. No segla me mot Søre Ilholmane.
Det var tett med båtar, så det vart litt rotete vind i periodar. Vinden var på det meste oppe i 9 m/s.

Bilde tatt frå Obelix. Framme kan me sjå Sheep Dip med rosa spinnaker og Levens med svart spinnaker

Me segla like fort som Storm, Elan 37 (med kvit og raud spinnaker), og Obelix , X37, sørover mot Ilholmane

Når me segla spinnaker, bytte me forsegl frå Genoa 1 til Genoa 3. Etter runding Søre Ilholmane vart det kryss heilt til mål i Leirvik.
Me segla mot Tittelsnes og gjorde eit par slag der. So segla med nordaustover til me meinte me skulle slå og segla i mål. Det var mykje motstraum , men me hadde god fart i båten. Vinden låg på 6 - 7 m/s.
Me stod inn mot Leirvik til me passerte Sponholmen lykt, då kom det ei vinddreiing og me måtte ta eit par små slag for å segla i mål. Me kom i mål rett bak Vito4 og Storm, men før Obelix.

X-faktor sitt spor frå Marinetraffic

Dett skulle halda til 2.plass i DH-klassen etter Dehler 29, Erlingen.
Overall vart det 4.plass. Sjå resultatlista

Eg har laga ein YouTube video frå starten og fram til Fluholmane. Hadde ikkje tid til å byta kamera eller setja inn nye batteri. Det var litt synd.







Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar