mandag 15. september 2014

Høststormseilasen 2014

13. og 14.september var det igjen klart for Høststormseilasen. 26 båtar var påmeldt og seglasen gjekk i år som i fjor til Skjerjehamn.
Det var rolige vindforhold laurdag og starten gjekk i ein SØ vind på 2 m/s. Denne vinden held seg til me kom nord til Marøy. Vinden dreia nok litt på sør. Ved Marøy vart det omtrent vindstille før det kom ein vestleg bris på 3 m/s. Me hadde ein plan om å gå nærast Øygardslandet. Denne følgde me ei stund, men var ikkje der når den vestlege vinden kom . Dette tapte me mykje på. I den vestlege vinden gjekk det fint for spinnaker ut rundt Mikkelsbåen og innover Fensfjorden. Løpet vart avkorta ved Vikingneset. Laurdag kom me på 4.plass i klassen etter FS2, Alna II og Gleden. Gleden slo oss med 8 sekund på korrigert tid.

Søndag var det meldt flott vær med sol og 5 m/s frå Nord ved Fedje. Starten gjekk i ca 3 m/s frå nord og denne vinden held seg sørover Mjømnesundet.

Når me nærma oss Vikingneset såg me at dei fremste båtane låg i vindstilla. Kva gjer me no? Det var viktig å koma seg nærast neset. No var det ned med spinnaker og opp med genoaen og me kryssa i svært lite vind mot neset. "Mad men" og "Flyfisk II" kom seg først forbi neset og kom seg utover Fensfjorden. Dei neste 3 båtane som kom seg forbi neset var Obelix, Ventus og X-faktor. Resten av feltet vart liggjande. Me rak utover Fensfjorden i 0,3-0,4 knop. Etter kvart kom det opp i 1m/s vind frå sør og me seig utover. No kunne me sjå at nordavinden kom lenger ute i fjorden. Obelix, Ventus og X-faktor fekk vinden omlag samtidig og me fossa utover mot Rongevær på full kryss, seinare med stikk i skjøtet i 5-6 m/s. Ved runding Mikkelsbåen var det opp med spinnaker og segla vidare mot Kykjeflua. Her vart løpet avkorta. Ventus var ca 2 minutt før oss i mål. Obelix 10 sekund før oss. På korrigert tid hadde me klasseseier søndag, og det held også til klasseseier totalt.
Takk til Wenche og Eivind som var mannskap.

Her er bilder:

https://plus.google.com/u/0/+HaraldMatland/posts/CWH6ZAeJD38

Resultatliste og tracking ( du må ha Google Earth) finn du her.

Henri Loyd Bergen Singlehanded


Henri Loyd Bergen Singlehanded vart arrangert 6.september. Det er 5. gangen denne regattaen vart arrangert og eg har deltatt alle 5 gongane. I år var 61 båtar påmeldt.
I år som i fjor vart regattaen prega av svært lite vind, og det vart mest reking utover Korsfjorden. Utom Marsteinen var det ein liten bris slik at me kunne segla spinnaker ut til første merke der regattaen vart avkorta. X-faktor var i mål som båt nr. 10. Det vart ein delt 11.plass i klassen. Me får prøva igjen neste år ! Takk til Bergens seilforening for godt vertsskap.
X-faktor nordvest for Marstein fyr.

Nordhordlandsbåtane X-faktor, Cermedez og FS2 er klare.

Vimpel for 5 fullførte Bergen singlehanded