tirsdag 24. desember 2013

torsdag 19. september 2013

Høststormseilasen 2013

14.og 15.september segla me NHS sin Høststormseilas. Laurdag var det nordvest vind mellom 5 og 12 m/s og mykje regn. Søndag snudde vinden til sørleg vind opp i 14-15 m/s. Motvind begge dagar altså. Laurdag segla me med fullt storsegl og Genoa 3. Skulle nok tatt eit rev i storseglet når me nærma oss Rongevær. Sleit litt her. Søndag segla me med 2 rev i storen og hardværsfokk. Det vart 3.plass i klassen etter FS2 og Gleden begge dagar. Søndag rota me det til eit miutt før start og kom dårleg ut. Segla elles godt på søndag i den sterke vinden. Bilder er tatt av Morten Ådland.

Laurdag nordover Hjeltefjorden. Øygarden i bakgrunnen.




Søndag sørover Mjømnesundet

Søndag sørover Mjømnesunder. Frå venstre X-faktor, Gleden, Sundance og Tu can Tango

mandag 9. september 2013

Henri Lloyd Bergen singlehanded 2013

Laurdag 7.september gjekk Bergen singlehanded for 4.gong. Eg har vore med alle gongane. I år var heile 74 båtar påmeldt. Fredag 6.sept segla eg til Bergens seilforening der etterkvart 5 NHS båtar var samla; Cermedez, FS2, Calypsoen, April og X-faktor. Værmeldingane såg fine ut med ca. 5 m/s både fredag kveld og laurdag morgon. Her vart det nok "Vest i havet" i år også. I startområdet var det lite vind og starten vart utsett i ein time utan at det hadde noko stor betydning. Det var framleis lite vind. Me skulle segla løp O, dvs. Litle Laugarsøy om styrdbord og deretter i mål. Eit løp på 13 n.mil. Eg kom dårleg ut i starten, var innesperra. Segla mot Korsneset og håpa på å stå så høgt at eg kom meg forbi utan å slå. Det gjekk ikkje, og det var lite vind her. Såg at det var betre vind lenger ute i fjorden. Deretter vart det kryssing forbi Blia til midt i fjorden. Sterk motstraum gjorde at dette ikkje gjekk så bra. No forsvant vinden heilt og eg rak med opp i 0,8 knop i feil retning. Når vinden kom igjen kunne eg etter kvart setja spinnaker og segla skarp slør. Dette gjekk bra, var oppe i 2,5 knop. Vinden dreia og det vart platt lens mot mål i svært lite vind og motstraum. Løpet vart avkorta ved Litle Laugarsøy. Der var eg kl. 16.52. Dette var ein tålmodighetsprøve. Ein dårleg start og dårlege vegval gjorde at eg hamna langt ned på resultatlista denne gongen. Nr. 18 av 26 båtar i min klasse. Om laurdagskvelden var det seglarfest på Hjellestad, og det var ein sliten gjeng frå NHS som segla heimatt søndagsføremiddag. Morten Ådland med Cermedez vart nr. 2 i klassen, 4 sekund etter vinnaren, og var den av NHS seglarane som hadde det beste resultatet. Kjekt at også Tom Lennart Sætersdal som er ny seglar i NHS fekk pokal for 5.plassen i sin klasse.

                                 John Elter tok flotte bilder under regattaen.

Skipparen ser ikkje heilt fornøyd ut her.
 
 Sporet frå marinetraffic.

søndag 25. august 2013

Seier i Mangersfjorden rundt 2013

X-faktor rett før mål, ved Fugleskjeret.

Det vart seier i Mangersfjorden rundt søndag 25.august. Heile 9 båtar stillte til start. Det fleste segla shorthanded. Cermedez, Calypsoen og X-faktor singlehanded. FS2, Anchrissi, Tjorven og Funny Girl doublehanded. Mathilda og Steam med fullt mannskap. Det var meldt 7 m/s frå sør kl. 12 og 6 m/s frå sør kl. 13 og 14. Eg valde derfor å segla med 3'ar. Eg var ikkje heilt heldig med starten. God plan men var litt for sein. Var langt bak. Opptil første merke med Toskavegen var Funny Girl først, deretter Cermedez og X-faktor som nr. 3. Mathilda hadde god start, men prøvde seg med spinnaker på første legget. Det gjekk dårleg og eg segla forbi dei. No var det kryss ut mot Kvernane. På dette legget segla FS2 forbi meg, og eg runda Kvernane som nr. 4. No var det tilbake forbi Skjelanger og innover mot Bognestraumen. Det var for skarpt å segla spinnaker. Marhtilda prøvde seg men det var mykje broaching. Litt råsevind på dette legget, opp i 8 - 9 m/s. Innover mot Bognestraumen gjekk eg litt lenger frå Holsnøylandet enn dei andre. Dette gjorde eg for å få meir vind og meir medstraum. Dette var gunstig og eg segla forbi FS2 og tok kraftig inn på Cermedez og Funny Girl. Hadde fin runding i Bognestraumen og fekk god fart mot Mangersvågen og mål. Vinden hadde no dreia litt på sørvest og det vart for skarpt til å segla spinnaker her også. Var i mål som båt nr. 3 etter Cernedez og Funny Girl. På korrigert tid held det akkurat til seier framfor Funny Girl og Cermedez.

Her er sporet frå Marinetraffic. Dette er heimebane !!

søndag 4. august 2013

Søndagkveldstur

Ein rask kveldstur bort mot Tjeldstø og tilbake til Manger. Vinden låg stort sett mellom 9 og 10 m/s frå sør. Borte ved Øygarden var vinden oppe i 12 m/s. God fart heile vegen, med maks 9 knop på Gps'en. Turen tok 1 time og 30 minutt.



torsdag 1. august 2013

X-faktor på NRK1


X-faktor var ved Skjelanger då Sommeråpent-båten kom sørover torsdag 1.august. Det var litt for lite vind !

onsdag 31. juli 2013

Sommar 2013

X-faktor i sommarmodus med rullegenoa og lazy-bag. Her i Leirvik på Stord.


Avslappa segling på Selbjørnsfjorden på veg frå Leirvik på Stord til Bekkjarvik.


På kryss nordover Hjeltefjorden onsdag 24.juli 2013. Kort tid etter at dette bildet vart tatt traff me Gleden på veg sørover med spinnaker.


På Fedje laurdag 27.juli 2013.


Etter Shetlandsturen var det slark i rattet. Demontering viste at lagera var ødelagt. Magnar'n hjelpte meg å få tak i nye lager og skifta dei. Dette er no betre enn nokonsinne.

X-faktor har fått nye tauposar.

onsdag 26. juni 2013

Klasseseier i Fjordsailing Shetland Race 2013

Me vann klasse NORrating 0,931 - 1,000 både på etappen Bergen -Shetland og Shetland - Bergen.
Overall var me nr. 3 av 47 båtar.

Her er bilder frå turen

https://photos.app.goo.gl/yBFi6HyaJ6MoRfpK9
2013-06 Shetland Race
Tirsdag 18.juni 2013 segla eg X-faktor til Bergen. Det var igjen tid for Shetland Race - for 10.gong for min del. 4. gong med X-faktor.
I Bergen var det registrering og rormannsmøte. Etter det segla eg vidare til Hjellestad. Var framme der kl. 22. Onsdag morgon var mannskapet på plass: Eivind, Torkjell og Magne. Då gjekk turen vidare til Marsteinen der starten skulle gå kl. 13. Flott vær og ein fin bris frå sør. Her var det berre å få opp fulle segl og segla på layline mot Shetland. Etter kvart kom den meldte vinddreiinga mot vest og me måtte segla ein meir sørleg kurs. Vinden auka litt på og me skifta til genoa 3 idet me slo og segla nordvestover. Dette var rett tidspunkt å slå på for no byrja vinden å dreia meir sørleg igjen. Flott overfart utan regn og utan sjø på dekk. Når me nærma oss Brassay kunne me setja spinnaker. Kor nære klippen kunne me gå? Store diskusjonar ombord. No minka vinden. Me kom oss greit forbi klippen, vinden auka igjen, me jibba og fekk eit flott legg nordover sundet mot mål. Var oppe i 9 knop.  Me gjekk i mål kl. 20.00.32 norsk tid, og var svært nøgde med seglasen vår.
Fredag var det fint vær på Shetland. Om ettermiddagen var det premieutdeling på det nye Mareel kino- og konsertlokalet i Lerwick. Stor stas med 1. premie i klassen.
Laurdag var det regn og vind på Shetland. Me var mellom anna på besøk hos Aage Rougnø frå Nautnes i Øygarden som var på veg heim etter å ha segla jorda rundt i 2 år - åleine - i sin Bavaria 42 cruiser. Han hadde mykje interssant å fortelja. Om kvelden var dei 4 NHS båtane, med eit mannskap på 14, samla til felles middag på Hay's dock cafe/restaurant.
Søndag var det klart for start på returen kl. 12. Regnet bøtta ned og det var ein frisk bris frå nord. Me var ikkje heilt heldige med starten, men fekk kjappt opp spinnakeren og segla forbi mange båtar på austsida av sundet. Vart nok litt overivrige og segla for nær Brassay-klippen der det var ein forfordeleg rotavind. Etterkvart kom me oss forbi. Var no langt bak i feltet. Hadde oppe Genoa 1, men det var for mykje segl etter forholda. Bytta derfor til Genoa 3 og tapte ytterlegare i løpet av seglskiftet. Var litt motlause no, men seglasen er lang og mykje kan skje. Her gjeld det å halda motet oppe! Det var meldt minkande vind og det passar betre for oss. Om natta kom det svært mykje nedbør og vindet var oppe i 10 - 11 m/sek. På morgonkvisten minka vinden, og me låg i omtrent vindstilla frå kl. 6 til 7.30 måndagsmorgonen. Feltet var ganske samla og me kunne telja 28 båtar innanfor synsvidde. Etterkvart klårna det opp og me fekk ein fin bris frå nord/nordvest. Dette passa oss godt og me kunne etterkvart setja spinnaker som me segla med til mål. Iføgje tracinga segla me oss opp frå 5.plass til 1.plass i klassen dei siste 5 timane. Me gjekk i mål ved Marsteinen kl. 19.50 måndagskvelden og hadde tross dårleg start beste tid også på returen. Dette var stort. Tysdag kveld var det premieutdeling på Hjellestad.
Takk til mannskapet som igjen gjorde ein kjempeinnsats.
Her kan du sjå trackinga av returen i reprise. Resultatlista finn du her.



mandag 17. juni 2013

Shetland Race 2013

Fjordsailing Shetland Race startar onsdag 19.juni kl. 13.00 ved Marsteinen.
Mannskap er Eivind Tysse, Torkjell Tolo, Magne Iversen og skipparen.
Du kan følgja oss her http://www.seilmagasinet.no/regatta?regatta=1042
Totalt er det påmeldt 48 båtar. Me seglar i klasse 5: NOR Rating with spinnaker 0,931 - 1,000 der det er 9 båtar.
På linken ovanfor kan du også sjå bilete som deltakarane legg ut på Instragram.
Eg får også prøva å få lagt ut nokre bilete på bloggen på turen.

mandag 10. juni 2013

2.plass i doublehandedklassen i Stord rundt

Etter å ha utklassa konkurrentane i sørgåande seglas fredag kveld og natt til laurdag vart det 1.plass i doublehandedklassen etter 1. etappe. Søndag kl. 10.05 gjekk starten på nordgåande løp. Her var det mest kryss oppover Nyleia og over Selbjørnsfjorden til mål i Bekkjarviksundet.
Vinden var på det meste oppe i 13 m/s og det vart ein del slag oppover det smale sundet. Makker Eivind Tysse gjorde ei kjempejobb. Me var nummer 4 i klassen, og vart dermed nr. 2 samanlagt.
I overall-lista for regattaen står me oppført som nr. 1 med lågast summert korrigert tid på dei to seglasane.http://www.seilmagasinet.no/resultat/resultat/?action=overall&regatta=1257

Her er først eit par bilder som eg har henta frå Stord seilforening sitt fotoalbum. Bileta er tatt i Nyleia på veg nordover søndag føremiddag. Synd eg ikkje hadde det nye storseglet. Det er for tida inne hos Seilmaker Iversen for ombygging frå plastsjaklar til webbing.



Eivind ser fornøyd ut når me kjem på Selbjørnfjorden fredag kveld på veg sørover. Dei andre båtane er lang bak.

Selbjørnfjorden fredag kveld. Starta roleg. Vinden auka på utover mot Sigleflua og dreia nordover.Etterkvart var vinden oppe i 7-8 m/s og det vart ein del sjø. Me runda Sigleflua 15 - 20 minuttar før neste båt som var Yabadoo. No vart det spinnakerseglas sørover Nyleia.

Den kvite spinnakeren i det orange lyset frå Bømlabrua om natta.


Her er sporloggane frå nordgåande løp på søndag. Kryssing norover Nyleia, over Selbjørnsfjorden og til mål i Bekkjarviksundet.

onsdag 5. juni 2013

Stord rundt 7. - 9.juni 2013

X-faktor er påmeldt til Stord rundt i doblehandedklassen. Totalt er det påmeldt 38 båtar og 14 av desse stiller i doublehandedklassen.
Mannskap er Eivind Tysse.
Her finn du meir opplysningar og også instagrambilder som vert tatt under regattaen.

søndag 2. juni 2013

Seier i NHS sin Vårregatta

Det vart seier i NHS sin vårregatta 2.juni. Mannskap var André Meijers og Bjørn Rundhovde som gjorde ein kjempejobb. Bjørn har skrive referat på NHS sida.

X-faktor på Mangersfjorden på veg heim frå Vårregattaen i frisk bris. Seglføring: 3'ar og det gamle kevlarstorseglet.. Foto: Edvin Lie

tirsdag 28. mai 2013

Seilmakeren doublehanded 2013 - bilder og reportasje

2013-05 Seilmakeren

Klikk på bildet for å sjå fotoalbumet.

Fredag 24.mai 2013 kl. 11.30 gjekk starten på Seilmakeren doublehanded 2013. Mannskap dette året som dei førgåande 3 år var Torkjell Tolo. Værmeldinga gjekk ut på nordleg vind heile regattaen (sjå bilde frå værbriefinga). 54 båtar stillte til start i 3 klassar a 18 båtar. Me var i klassen for båtane med lågast rating, opp til 0,961. Med 0,958 i rating var me blandt båtane med høgast rating i vår klasse.
Me starta med Genoa 1 og trudde at me skulle kunna stå med denne ut til Fedje. Her tok me feil, og måtte skifta til Genoa 3 etter kort seglas. Det tapte me ein del på. Skulle nok ha starta med 3'ar. Det handla mykje om vegval i denne regattaen. I ettertid er det lett å sjå kva rute me skulle ha vald. Gjennom Rongevær og Brosmeosen hadde vore rette. Me kryssa oss utover mot Holmen Grå i ganske store bølgjer. Hadde eit flott legg frå Holmen Grå mot Ytre Steinsund, men her var det mykje motstraum. Gjennom Ytre Steinsund fekk me flotte krysslegg, og herfrå og til Florø segla me godt. Ruta gjekk gjennom Skomakaren, på innsida av Geita, utsida av Tvibrygge, nordover Stavfjorden. På utsida av Askrova, på innsida av Store Stårøya, gjennom Nekkøyosen og til Florø. Når me nærma oss Florø minka det på vinden og me sette igjen Genoa 1. Me kunne sjå lenger framme at det låg mange båtar i vindstilla. Klokka var no litt over 4 på morgonkvisten. Her låg mange av konkurrentane som hadde segla frå oss. Me kom inn til Florø hamn samtidig med ein liten bris som gjorde at me kom oss i mål uten å verta liggjande i vindstilla. Var i mål kl. 4.23 og restart vart då 8.23. Me hadde no eit bra utgangspunkt for returen med ein 6 -7.plass i klassen.
Tida i Florø gjekk med til å få seg litt mat og prøva å sova. Me måtte lada batteria og låg med motoren igang, dermed vart det lite søvn på skipparen! Torkjell sov som ein stein og høyrde ikkje vekkjarklokka kl. 7.15, men det gjorde ikkje noko for skipparen var forlengst oppe.
No skulle heile klyngja på 20 - 25 båtar starta. Det var omtrent vindstille. Me låg fint til og kunne sjå at brisen kom lenger ute. X-faktor sig fint avgårde i lite vind og me og Tussi, ein Bavaria Match 38, seig godt avgårde mot Stabben. Ved runding Svartskjæret ute ved Stabben var me først oppe med spinnakeren og skaut fart. Me segla også no på utsida av Askrova og satsa på å gå utom Bulandet og i havet sørover. Hadde tru på at det var mest vind her. Det gekk godt så lenge me hadde skjæring ut mot Bulandet, men etter det vart det dårleg fart. Det var for lite vind og for mykje bølgjer. Me segla sørover på utsida av Utvær. Gjekk inn ved Holmen Grå. I ettertid kan me sjå at me burde ombestemt oss og enten gått gjennom Olsundet (brua i Bulandet) eller skore inn igjen mot Straumsfjorden. Frå Fedje og sørover Hjeltefjorden auka vinden på og me jibba oss innover. Når me nærma oss Ramsøy oppnådde me dagens max fart på loggen, 11,6 knop. Me planla no nedtak av spinnakeren. Dette skulle skje i le av Ramsøy. Når me skulle heisa Genoaen snurra spinnakeren seg rundt forstaget!!. Etter litt jobbing fekk me ordna den, opp med genoaen og hadde eit kontrollert nedtak av spinnakeren. Var i mål kl. 22.45 laurdag kveld. No var me trøytte og litt leie. Dette skulle verta godt med ei natts søvn.
Det vart til slutt 12.plass i vår klasse. Det var me ikkje heilt fornøyd med, men me var i ein tøff klasse. Tida vår hadde halde til 7.plass i mellomste klasse.
Dette rista med raskt av oss. Etter 2 dagar var Torkjell og eg enige om at dersom Seilmakeren hadde starta dagen etter hadde me vore med!
Stor takk til Torkjell som igjen gjorde ein kjempeinnsats.
Båt og utstyr fungerte fint. Eg må justera litt på akterstaget for å kunna strama det litt meir.

På turen heim frå Askøy stampa eg meg nordover Hjeltefjorden for motor i frisk bris frå nord. Fekk motorstopp ved Herdla og segla til Manger og i hamn med Genoa 3. Det hadde kome luft i dieselsystemet. Gjengane på lufteskruen var sprengt, og eg har no skifta filterholdar. Dette var noko som ofte skjedde på Yanmar-motorane. Ingen kjekk oppleving då eg var nær land, og det blas friskt, når motoren stoppa.


tirsdag 21. mai 2013

Seilmakeren doublehanded 2013

Seilmakeren doublehanded startar fredag 24.mai kl. 11.30. Løpet går i år, som dei to føregåande år, frå Askøy til Florø og retur til Askøy.
54 båtar er påmeldt.
Mannskap i år, som i 2010, 2011 og 2012, er Torkjell Tolo.
Du finn meir opplysningar ved å klikka på bildet under eller  her
På denne sida vil det også koma link til tracking.
Tidlegare år har båtane med høgast lys-tal hatt eit lengre løp. I år er dette endra og alle båtane skal segla det same løpet.


fredag 10. mai 2013

Klasserseier i Sparebanken Vest Huftarøy rundt 2013

For første gong meldte eg meg på i Huftarøy rundt. I doblehanded-klassen. Denne regattaen tel med i Seilmagasinet si shorthanded-ranking, så her var det mulighetar for å sanka nokre poeng. Torkjell Tolo var mannskap. Av totalt 26 deltakande båtar var 10 med i doblehandedklassen.

Sporet Huftarøy rundt

Eg gjekk frå Manger til Hjellestad onsdag kveld. Tidleg torsdag morgon gjekk turen vidare til Strøno og Os seilforening si hamn. Her mønstra Torkjell på. Deretter gjekk turen ut igjen i Strøneosen der starten skulle gå. Me var i 2.start, og kom først over startlinja, og sette kursen mot Langenuen. Det var ein liten bris frå SØ. X-faktor går godt i lite vind så dette gjekk bra. Etter kort tid hadde me segla forbi alle båtane i 1.start og låg først i feltet. Etter kvart tok Flyfisk II, Tigergutt og Godemine, ein Comfortina 32, oss igjen, og me 4 danna ei tetgruppe. Til tider var no vinden omtrent fråværande. Når me nærma oss Tobbeholmane kom den meldte sørlege vinden. No vart det kryss mot Kalsundsbåen i 6-7 m/s. Flyfisk runda først, deretter Tigergutt, X-faktor og Godemine. SciroccoIII kunne no også skimtast bak.  Etter runding Kalsundsbåen var me raskt oppe med spinnakeren. No bar det mot Bekkjarviksundet i god fart. Me kom oss under brua uten at spinnakeren kollapsa. No sette me kursen mot Grøningen og vinden auka på til opp i 12 m/s. No gjekk det unna i nærmare 10 knop. Vidare segla me mot Pirholmen og Lindholmen. No var vinden rett bakfrå og me jibba oss nordover. Me stod med spinnaker til passering Trælsøya. Derifrå vart det genoa mot mål i Strønosen i 7 knops fart. Eit par hundre meter frå mål vart det igjen vindstille. Nei!!! Tigergutt kom seg nokonlunde greitt i mål. Me tapte verdifulle minutt her, men kom oss i mål ca. 10 minuttar etter Tigergutt. Det heldt til klasseseier og nest beste tid overall etter Comfortinaen Godemine. Her finn du resultatlista . Takk til Torkjell for ein kjempejobb. Dette var også trening til Seilmakeren doblehanded som startar 24.mai. Hos Os seilforening fekk me varm suppa før premieutdelinga. Starta på heimturen kl. 9 fredagsmorgon og var heime kl. 17.
Nordover Hjeltefjorden på veg heim fredag 10,mai

















Ser på seilmagasinet.no at eg etter denne regattaen held 11.plassen i rankinga.
Torkjell gjekk opp til ein 39.plass.




fredag 3. mai 2013

Snart klar for sjøsetjing

Det har vore mykje dårleg vær medan båten har stått på land. Regn, snø og sterk kuling. Har no fått gjort litt innimellom. Fekk på eitt strøk med VC17 torsdag kveld. Satsar på andre strøk på søndag. Måndag 6.mai er det sjøsetjing.
Torsdag 9.mai skal Torkjell og eg segla "Sparebanken Vest Huftarøy rundt" doublehanded.
Kl 21.45 torsdag kveld.

lørdag 27. april 2013

Båtopptak 27.april

Om morgonen laurdag 27.april var det båtopptak på Manger. Fint vær denne dagen, og eg fekk vaska undervannsskroget og polert skutesidene. Brukte i år nytt stoff frå Jotun - Marine polish. Resultatet var veldig bra. Skal  også ha ein runde med Jotun Hard Wax. Det er meldt sterk kulig søndag 28/4 så eg har sett på ekstra støtter.

lørdag 6. april 2013

NOR Rating


https://norrating.org/index.php/

Frå 1.april 2013 er det slutt på lys-tal. No er det NOR Rating som gjeld.
X-faktor har fått rating 0,968. Shorthanded: 0,961. Dette er høgast av alle X-332 i Norge.
Pr. i dag er det kun 2 X-332 som har fornya målebrevet for 2013. Den andre er NOR 10579 Exita som har fått rating 0,963/0,957.

søndag 24. mars 2013

Søndagstur i 2 °C 24.mars 2012

Fin vind i Hjeltefjorden i ettermiddag 5 - 7 m/s frå NV. Flotte forhold for ein ettermiddagtur bort til Øygarden og tilbake.




søndag 17. mars 2013

Isbjørnseilasen 16.03 2013

Laurdag 16.mars var det klart for Isbjørnseilasen med Bergens seilforening som arrangør. Eg segla frå Manger til Kvitturspollen på fredag. Laurdags morgon kom Karl Otto Book og strama opp riggen. I halvelletida kom mannskapet som denne dagen var Eivind Tysse, Torkjell Tolo, Magne Iversen, Bjørn Rundhovde og Rune Fanebust. Me gjorde oss klare og kom oss på fjorden så pass tidleg at me fekk tid til å segla litt, få opp spinnakeren og ta eit par jibbar. Dette var også første regatta med nytt storsegl. I startområdet var det mellom 4 og 7 m/s vind frå sør- søraust. Starten gjekk kl. 12.05. Ingen enkel startline og me kom heller ikkje så godt ut. Det var trangt på kryssen fram til første merke. Me runda likt med Gleden. På sløren mot Tangeflua segla me bra. Me rekna med at vinden ville vera sterkare i Lerøyosen og over Korsfjorden så me skifta til G#3. Dette gjekk bra men vinden var ikkje sterkare her. Når me nærma oss Korsfjorden minka det på vinden og det var skvalpesjø. No fekk me ikkje fart i båten og tapte mykje til konkurrentane. Midt på Korsfjorden på veg mot Kyrholmen i Austevoll skifta me igjen til G#1. No auka vinden på og seglføringa var i meste laget. Me runda Kyrholmen og fekk opp spinnaker. Dermed var det ganske platt lens tilbake mot Lerøyosen. Både Gleden, Hanna Marie og Silje var no godt framfor oss (alle med lågare lystal enn oss !). Vinden var no 5 - 6 m/s. Ved Tangflua hadde me nådd igjen Silje. No var det skarp slør mot Spikaren. På denne strekninga segla me litt frå Silje og nærma oss Hanna Marie. Ved runding Spikaren hadde med ei flott spinnakersetjing og så bar det mot mål. Det vart ein 5.plass etter dei 3 før nemnde båtane. I tillegg slo Tina for II, lys 1,16, oss. Dette var ikkje dagen for oss. Fekk det ikkje heilt til. I ettertid ser eg at me skulle ha segla med G#1 heile tida. Det var no ein fin dag på sjøen med fin temperatur og utan nedbør. Ette regattaen segla eg heimatt til Manger. Var i hamn kl. 20.05 om kvelden.
Her er nokre bilder frå regattaen. Dei fleste er tatt av Jan Hjellestad i Bergens seilforening. Klikk på lenka: https://photos.app.goo.gl/wK5jjuEeNCxfodxS9
Her er Bergens seilforening sitt fotoalbum frå Isbjørnseilasen. På første bildet ser du X-faktor i fint driv mot Kyrholmen i Austevoll.

fredag 8. mars 2013

Isbjørnseilasen 16.mars 2013

X-faktor er påmeldt til Isbjørnseilasen 2013. Mannskap vert Eivind Tysse, Bjørn Rundhovde, Torkjell Tolo, Magne Iversen, Rune Fanebust og skipparen. Starten går kl. 12 på Raunefjorden. Bergens seilforening er arrangør. Pr. i dag er det påmeldt 12 båtar, men det kjem nok fleire til. Påmeldingsfristen går ikkje ut før 13.03. Sjå meir om regattaen her.
Her er eit bilde frå Isbjørnseilasen 2012. Fotograf Kjell Magnus Økland.


søndag 17. februar 2013

Snøføyka 16.02.2013

Det var 3.plass i klassen etter Hanna Marie og Gleden. No er resultatlista lagt ut. Du finn den her.
Her er Bjørn (som var mannskap på X-faktor) sin reportasje på Nordhordland seilforening si heimeside: http://www.nordhordlandseilforening.org/D/node/10442
Me fekk ikkje nokon god start. Var nok litt for forsiktige i det trange startområdet. På første legget var me innestendgt av andre båtar. Ved runding av første merke/holme var Gleden, lys 1,22, godt framfor oss. Hanna Marie, lys 1,17, var ikkje så langt bak oss. Me fekk opp spinnakeren og gjorde god fart mot nordspissen av Rotøyane. Var vel oppe i nærmare 10 knop. Me tok ned spinnakeren - litt for tidleg. No skulle me segla vidare mot Ramsøy. Gleden prøvde seg med spinnaker, men det var litt for skarpt og dei brocha fleire gongen før dei tok ned spinnakeren. Då hadde me segla forbi dei. Ved runding Ramsøy sette me igjen spinnakere og det vart omtrent platt lens mot Kalsøyflua. Me segla jamsides med Gleden, og Gleden runda Kalsøyflu stake på innsida av oss. No var vinden oppe i 11 m/s og me tok eit rev i storseglet. No gjekk løpet sørover og rundt Rotøyane. Ved runding Rotøyane var Gleden godt framfor oss igjen og Hanna Marie ikkje langt bak. Me tok ut revet og kunne etter ei stund setja spinnaker inn mot mål.
Nye riggen er nok sett litt for laust for so mykje vind. Sjølv med akterstaget strama i bunn var det for mykje "sag" i forstaget. Heile regattaen var også prega av innslag i storseglet, og me greidde ikkje å halda same høgde som Gleden på kryss. Brukte det gamle kevlarseglet i dag. Vert spennande å prøva det nye seglet.
Dette var ein flott seglas med full fart heile tida.
Turen heim igjen til Manger vart motorsegling med Genoa3 oppe. Turen gjekk unna på 2 timar og 30 min.

Morten tok eit bilde av X-faktor frå Calypsoen:

lørdag 9. februar 2013

Snøføyka 2013

X-faktor er påmeldt til Snøføyka 2013 som går 16.februar hos Askøy seilforening. Mannskap vert Eivind Tysse, Bjørn Rundhovde og Jan Landsvik + skipparen. Såg på nettet at det er is inn til Askøy seilsportsenter, men dei får vel ein isbrytar på plass.
På Manger er det isfritt i hamna. Nesten ikkje snø heller. I dag, laurdag morgon 9/2 er det 3 minusgrader ute. Inne i båten er det godt og varmt med 10 varmegrader. I dag må eg motera kicken og få segla på plass i båten.

torsdag 7. februar 2013

Nytt storsegl

Nytt Elvstrøm EPEX storsegl med aramid fibrar. Karl Otto Book frå Elvstrøm Norge overleverte seglet i kveld under Fjordsailing AS sitt arrangement på Litlebergen, der seglet vart vist til dei frammøtte. Dette vert spennande å prøva.  Seglet har innstøpt tafetta, 2 rev, ei gjennomgåande og 3 halve spiler. Trimmelina er ført over toppen og ned langs masteliket.

fredag 18. januar 2013

Nytt bomuthal og skifting av popnaglar.

Bomuthalet hadde sett seg fast og det var tid for å opna bommen og finna ut av dette. Nokre kordelar i vaieren var også knekt. Det er ei utveksling på uthalet med ei blokk inne i bommen. Tauet bak til blokka hadde snurra seg hardt til, det var årsaka til at bomuthalet stod fast. Har skifta til dynema og blokk med svivel. Har også skifta 4 popnaglar på spinnakerbom-festet som var rusta. Dette har Torkjell mast om lenge no. No er det monell-popnaglar.