Windjammer Race på Stord var årets siste regatta i Vestland seilkrets sin Storbåt aktiv cup for 2026, og Eivind og eg bestemte oss for å segla doublehanded i denne regattaen. Fredag 2.oktober starta eg frå Manger kl. 09.15 i sørleg vind. Gjekk med motor til Leirvik. Mykje motstraum. Var framme i Leirvik kl. 18.45. Eivind kom til Leirvik laurdag morgon. Starten skulle gå kl. 12.00. Fint vær sjølv om det kom ei voldsom regnbyge før start. Værmeldinga gjekk ut på vestleg vind 4 m/s med vindkast på 5 m/s. Det var lite vind i Leirvik hamn når starten gjekk. Me sette spinnaker når startskotet gjekk. Starta ved styrbord merke. Det hadde nok vore betre å starta ved babord merke, men me hadde stort sett fri vind ut frå start. Me jibba ved Ytstøy og sette kursen mot Hillekalven og Fluholmane. På dette legget sleit me veldig med at båtar tok vinden vår. Gjorde nokre taktiske feilvalg her. Ved Fluholmane tok me ned spinnakeren og sette kursen mot neste merke Ilholmane. Segla full fart med stikk i skjøtet. Trikkekjøring. Ved runding Ilholmane sette me kursen mot mål i Leirvik hamn. Trikkekjøring her også. Litt rommare kurs siste delen. Vinden låg no på rundt 6 m/s. Me var i mål kl. 14.30. Det held til 3.plass i doublehandedklassen og 4.beste tid overall.
![]() |
| Nærmar oss Fluholmane |
Segla heimatt søndag morgon i sørleg vind der vindkasta var oppe i 14 m/s nokre gonger. Segla med storsegl og farten var oppe i 11 knop nokre gonger. Tok ned seglet ved Litlebergen og gjekk med motor til Manger. Var redd det var heftig vind i Mangersfjorden. Hadde ein snittfart på 8 knop på heimturen. Takk til Eivind som var mannskap på regattaen.
