mandag 28. mai 2018

Norgeshus Seilmakeren doublehanded 2018



Video frå Seilmakeren doublehanded 25. og 26.mai 2018.
Meir info og resultatliste finn du her.
Det gjekk svært bra til me var nord for Espevær på veg nordover. Her fekk me eit par korte periodar med lite/ingen vind medan dei fleste andre segla godt. Av trackinga viser det også at me burde segla utanfor Austevoll og inn Korsfjorden. Men, men, det er val me gjer undervegs som av og til viser seg å vera feil.
Her er sporet vårt:
Sporet ved Espevær og runding RAMSHOLMANE. Lens frå havet inn mot merket, deretter kryss nordover.

Spor frå Espevær og nordover

Nordover: Vest for Hiskjo fekk me ei lita stund med vindstille. Deretter segla me NV lenger ut.

Nordover: Slo SV for Goddo og segla mot Stolmen

Spora gjennom Austevoll

Spora nordre del av Austevoll og Korsfjorden.



mandag 14. mai 2018

NHS Vårregatta 13.mai 2018

Årets første klubbregatta i Nordhordland seilforening. 7 båtar stilte til start.
Mannskap i dag var barnebarn Johannes 9 år. Stor stas å vera med farfar på regatta.
Løpet me skulle segla var start ved Tjuvholmen, så rundt Sæbøflua og tilbake til Tjuvholmen. Litt over 7 nm.
Det var meldt lite og rotete vind, så dette vart spennande. I starten var det ca 2 m/s frå S/SØ. Platt lens. Me kom greit ut frå start for babord halsar. Mathilda kom for styrbord halsar og me måtte vika.
Rota fælt før me fekk opp spinnakeren. Gjekk fint nordover når spinnakeren først kom opp. Eit par jibbar ut mot Sæbøflua gjekk fint, og me runda flua som første båt.

Bilde tatt av Bjørn ombord i Mathilda. Framme ser me at X-faktor har tatt ned spinnakeren og rundar Sæbøflua.

No vart det kryssing sørover. Segla no mot Meland/Ådlandsvågen. Ville ikkje segla for nært land og slo. Dette var lite lurt og både Kilroy og Mathilda segla forbi oss. Det minka på vinden, og me segla kryss mot Vetås. Kilroy fekk bra forsprang på Mathilda og X-faktor som låg ganske likt no.
Etterkvart kunne me sjå at dei bakerste båtane hadde fått opp spinnaker og kom lensande innover fjorden. Etterkvart kom denne vinden også til oss. No var det å få tre om spinnakerskjøter og fall og få opp igjen spinnakeren. Dette gjekk bra og me segla mot mål i 4 - 5 m/s frå NV. Sleit litt i nokre jibbar. Kommentar frå Johannes: "Farfar, koffår løper du ?? "
Me nærma oss Kilroy før målpassering og var berre 50 sek. bak.
Mathilda vant til tross for litt problemer nordover og ved runding. X-faktor fekk 2.plass og Kilroy på tredje.
Tross periodar med veldig lite vind, vart det ein spennande regatta. Me brukte 2 timar og 20 minutt.
Resultatlista finn du her. Rapport på NHS si side er her.

Johannes tar stolt imot pokal for 2.plassen.



torsdag 10. mai 2018

Huftarøy rundt 10.mai 2018

Huftarøy rundt tel med i Shorthandedrankinga så eg meldte på X-faktor i doublehandedklassen. Eivind Tysse stillte opp som mannskap.
8 båtar var påmeldt i DH-klassen. 18 båtar totalt i regattaen.
Det striregna heile tida og vinden varierte mellom 2-3 m/s og 0 m/s.
Me hadde bra posisjon i starten og kom godt ut med fri vind. Løp 1 mot Hufthamar.
Midt i fjorden låg me og kniva med X-41 Sval om å vera fremst i feltet. Dette såg bra ut. Etter kvart kunne med setja spinnaker. Når me nærma oss Trollsøykalven vart det for skarpt og det var opp igjen med genoaen. First 36.7, Vilja, som var i vår klasse hadde no passert oss, men me låg rett bak.
Det vart avkorting ved Lindholmen som var første merke. Vinden daua no heilt vekk, og det vart mykje reking mot slutten. Vilja greidde å få 16 minuttar på oss inn til mål, og det held til seier for Vilja.
Me kom på ein hederleg 2.plass i klassen. 3.plass overall.
Det må me sei oss fornøgde med.

Har ingen bilder enno. Kjem kanskje nokon seinare.

Resultatliste

Tracking (RaceQ)