torsdag 22. september 2016

Høststormseilasen 2016

17. og 18. september var det igjen klart for Høststormseilasen til Nordhordland seilforening.
Mannskap var Eivind, Torkjell, Wenche og eg.
Me segla frå Manger kl. 9.20 og sette kursen mot Herdla. Dette er den regattaen som me har kortast veg til og frå!
Det var lite (ingen)vind ved Herdla, og for so vidt i heile Hjeltefjorden.
Starten vart utsett i vel ein time, men kl. 12.10 la me avgårde i 1 - 2 m/s frå sør. Fekk raskt opp spinnakeren og me kom bra ut frå start og var etter 10 - 15 minuttar fremst i feltet.


No var det om å gjera å finna vinden og medstraumen. Me valde å gå mot Toska og segla på austsida nordover.
Ventus hadde same planen. Det viste seg etter ei stund at båtane som låg nærare Øygarden fekk betre vind og me kom på etterskot.
Vinden tok seg etterkvart opp i det som var meldt ved Fedje, 4 - 5 m/s, og me segla bra nordover.
Me greidde likevel aldi å ta igjen det tapte.
Ved Mikkelboen (Rongevær) vart løpet avkorta til stor skuffelse for oss. Slik er det likevel når feltet er spreidd over heile fjorden.
Me hadde segla i 3 og ein halv time. Sun Express slo oss med 16 minuttar på korrigert tid.
Slo oss gjorde også: Mathilda, FS2, Kilroy og Fønix.
Etter målgang segla me vidare til Vikingneset i god fart. Vidare med motor til Skjerjehamn.
I Skjerjehamn vart det etterkvart god sjømat og mykje prat.

Søndag var me tidleg oppe og gjorde oss klare.
Denne dagen skulle vinden koma opp mot 10m/s frå SV ved Fedje.
Starten vart flytta til Vikingneset. Der vart det 4 - 5 m/s. Det vart mykje diskusjon om kva forsegl me skulle bruka.
Valet vart til slutt at me skulle segla med tung Genoa 1.
Kom godt ut i starten ved babord merke, og fossa utover Fensfjorden i 7 - 8 knop.
Ved runding Mikkelboen hadde me Amaryllis, Sheep Dip, Bavaria 46 og Ventus framfor oss.
Etter runding var det opp på full kryss. Vinden var no oppe i ca 7 m/s.
Etter eit par slag var me forbi Ventus ei stund. Dette var bra.

Me er framfor Ventus

Vidare innover mot Kykjeflua sleit me med for mykje segl. Spesielt når me måtte falla av før runding.
Ventus var no forbi oss.

Rett før runding Kyrkjeflua.


Vidare kryss innover Hjeltefjorden var prega av for mykje seglføring og sterk motstraum. Vinden var mellom 7 og 9 m/s.
Me tok etter kvart eitt rev i storseglet. FS2, Kilroy og Carolina av Alvøen segla forbi oss.
Planen var opprinneleg at me etter Svartskjeret skulle gå over på Øygardssida. Dette var det ingen andre som gjorde og me valde også å vera på Radøy-sida.

Skipparen i full konsetrasjon

Resultatmessing kom me litt betre ut på søndag, men var bak dei fleste båtane.

I ettertid har eg lurt mykje på korleis dette ville gått med Genoa 3 frå start til mål på søndag. Konklusjonen oppe i hovudet mitt er at det hadde vore mykje betre.

I Nordhordland seilforening sin klubbserie tel Høststormseilasen med kvar dag for seg. Dette betyr ein 5.plass av NHS båtane på laurdag og ein 3.plass på søndag. Totalt for 2016 vart det då 3.plass etter Mathilda og FS2.

NHS Klubbserie 2016

Spor søndag frå RaceQ Bruk speed x64



mandag 12. september 2016

NM Shorthanded 2016

NM Shorthanded 2016 vart lagt til Bergen med Bergens seilforening som arrangør. Dato 10. og 11.september. Dette måtte Eivind og eg sjølvsagt vera med på.
32 båtar var påmeldt. Dei fleste frå Bergensområdet, men regjerande meistrar frå 2015 frå Austlandet stilte opp. Det same gjorde 2 båtar frå Stavanger.
Frå Nordhordland seilforening stilte FS2, Mathilda og X-faktor.
Eg hadde avtale med Askøy seilforening at eg skulle få løfta båten på land for vasking av bunnen på fredag 9.september, men dei greidde ikkje å skaffa kranførar. Det vart derfor nokre timar med børsting (Rophs) på torsdag kveld.
Fredag ettermiddag segla eg til Bergens seilforening. Var framme kl. 18.40 etter 5 timar i motvind.
No var det registrering, innlevering av eigenerklæring og utlevering av t-skjorter.
Gjekk tidleg til køys etter å ha tatt ein siste sjekk på værmeldinga. Det skulle vera mykje vind om morgonen, men dette skulle roa seg til starten kl. 11. Då skulle det også verta opplett og sol.
X-faktor på plass hos Bergens seilforening

Eivind kom laurdags morgon. Skipparmøte kl. 8.45 og frukost hos Bergens seilforening. Alltid like kjekt å koma til Bergens seilforening. Her er det stil og gjestfrihet.
Laurdag skulle det vera baneseglas på Raunefjorden. Dette kvidde me oss litt til. 32 båtar på opptil 47 fot på ei kort bane er skremmande. Me segla 3 regattaer a 2 rundar med eit kvarter pause mellom kvar regatta. Det tok ikkje lang tid før me måtte letta på antrekket! Sveitten elva. Heldigvis var det rolege vindforhold. Opp i 4 m/s i første regattaen og minkande til 2 m/s i siste regatta.
Det gjekk greit og det var faktisk veldig kjekt å segla på bane. Det var ei runding av bunnmerket der det vart tett med båtar, men folk tok omsyn og det gjekk fint.

Raskt oppe med spinnakeren etter runding

Baneseglasane våre vart prega av dårlege startar og at me kom i "fisen" frå andre båtar. Mangel på rutine kanskje. I tredje regattaen var me rett og slett for seine til start. Me måtte teipa litt på genoaen og rakk dermed ikkje fram til startlina i tide.

Dårlege startar

Båthandlinga med opp og ned med spinnaker, jibbing, flytting av genoaen til rett side på dekk og alt dette, det gjekk velding bra.
Me vart nr. 10, 16 og 13 på baneseglasane, og låg på 12.plass etter dag ein.

X-faktor bak Scirocco III

Spinnakeren er nede, genoaen oppe og me nærmar oss bunnmerket.

Litt for forsiktige i startane.

Nye spinnakeren står fint.

Laurdag kveld var det middag og mykje prat.

Søndag var det på nytt skipparmøte kl. 8.45. No var det tid for distanseseglas med start på Korsfjorden (Bjelkarøyosen) kl. 11.
I dag var det meldt meir vind. SV 7 - 9 m/s.
Me kom oss tidleg ut til startområdet. I dag vart det genoa 3. Løpet som skulle seglast var ut rundt Litle Marsteinen, rundt Blia og i mål i Bjelkarøyosen.
Igjen var me litt forsiktige i starten og låg ganske lagt bak i feltet. Vindet var rundt 7 m/s.
Fekk det ikkje heilt til i starten. Etter å ha segla mot Korsneset slo me og segla mot Klokkarvik. No vart det betre og me fekk fart i båten. Me slo og segla eit langt strekk mot Austevoll. Deretter slo me oss utover nærast Austevoll-landet. Det vart etterkvart mykje bølgjer rett imot, men det gjer ikkje noko for X-faktor.Me hadde god fart i båten og segla frå Miss Helen, Vito4 og Mathilda som tidlegare var framfor oss. Når me runda Litle Marsteinen var me raskt oppe med spinnakeren og segla spinnaker på styrbord hals heilt til Blia. Vinden var til tider oppe i 9-10 m/s og me var oppe i nærmare 10 knop nokre gonger. Me stod på denne halsen heilt til me tok ned spinnakeren, jibba og runda Blia. No var det slør til mål i god fart. High5 hadde vore godt framfor oss på første del av kryssen, men på lensen tok me godt inn på dei og me slo dei med 5 sek. på korrigert tid. FS2 og Match slo me også med knapp margin.

Spor for distanseseglasen

Det vart 10.plass på distanseseglasen, og totalt vart det 9.plass i NM Shorthanded. Det er me svært fornøyde med.

Her er heile resultatlista.

Her finn du meir info om tider m.m.under OM regattaen

Stor takk til Eivind som gjorde ein kjempejobb som mannskap!