Eg har hatt ein mistanke om vatn i girolja på SD20 segldrevet ei stund. No hadde det vorte meir tydeleg, og eg fekk avtale om å koma til Bildøy Båt og Motor onsdag 4.oktober 2023. Eg segla sørover Hjeltefjorden tysdag 3.oktober i frisk SV/V vind og var framme på Bildøy kl. 19.30.
Onsdag morgon vart X-faktor løfta på land, pakningane vart skifta og akslingen vart pussa. Jobben var gjort kl. 12, og X-faktor vart sjøsett igjen. Medan båten sto på land fekk eg gå over undervass-skroget med 400 pussepapir slik at bunnen var glatt til Windjammer som skulle seglast laurdag.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar