søndag 14. mai 2023

Nordhordland seilforening sin Vårregatta 13.mai 2023

 13.mai var det klart for første klubbregatta i NHS.

Start kl. 12.00 på GPS tid i Bognestraumen, deretter nordover Mangersfjorden og runding bøye ved Trettholmen, deretter vestover til runding Kvernane NV for Skjelanger. Så er det runding Blodflua i Bognestraumen og til mål i Mangersvågen.

8 båtar stilte opp. 4 har Norrating målebrev, og 4 i turklasse. X-faktor vart segla singlehanded.

Det var ingen vind når X-faktor kom inn til startområdet kl. 11.20. Når starten gjekk var det 1 - 1,5 m/s frå NV. Det var lite vind til me kom ut i Hjeltefjorden og segla mot Kvernane. Då kom vinden opp i 5 - 6 m/s frå NV. Denne vinden held seg til mål, men det var litt mindre vind inne ved Blodflua.

Eg valde å segla med Genoa 3 på grunn av at det var meldt opp i 5 - 6 m/s. Dette var for lite segl første del av regattaen, men eg synes X-faktor seglar utruleg godt med denne nye 3'aren. Shiba Juvel, Dehler 46, runda først ved Trettholmen, deretter X-faktor og Sheeba II. På legget mot Kvernane segla Shiba Juvel litt frå meg. Shiba Juvel segla uten genaker inn mot Blodflua, og X-faktor , som segla med spinnaker, tok omtrent igjen Shiba Juvel når me runda der. Sheeba II venta lenge med å få opp spinnaker, og kom litt på etterskot. På legget frå Blodflua og til mål i Mangersvågen var det flotte kryssforhold. Shiba Juvel segla litt frå meg her.

X-faktor med spinnaker mot Blodflua. Shiba Juvel kan sjåast lenger framme. Eg nådde igjen Shiba Juvel ved Blodflua.

Her er resultatlista:



X-faktor sitt spor på Mainetraffic.

X-faktor på veg mot første merket. Foto: Torleif Johnsen


YouTube video frå regattaen: 



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar