mandag 25. mai 2020

Litt video frå Stord shorthanded 23.mai 2020 ombord i X-332 X-faktor

Stord shorthanded 23.mai 2020

Fredag 22.mai starta eg frå Manger kl. 08.45 for å "segla" til Leirvik på Stord. Det var meldt vind imot heile dagen, mest om ettermiddagen. Det gjekk greit til eg kom forbi Korsneset og  over Bjørnafjorden. Når regnværet kom var vinden oppe i 19 m/s ei lita stund. Elles låg det på 12 - 14 m/s. Gjekk ikkje fort på fram. Etter 12 timar for motor var eg framme i Leirvik kl. 20.45.
Det var dårleg påmelding til regattaen. 5 båtar i singlehandedklassen og 1 båt i doublehandedklassen. Singlehandedklassen tel med i Seilmagasinet si shorthandedranking, men det føreset minst 6 deltakarar i klassen. 
Værmeldinga for laurdag gjekk ut på vind frå sør. Ved Bømlabrua var vinden meldt til opp i 11 m/s. Windy viste 9 m/s, men med sterke vindkast.
I startområdet var det lite vind og me kom oss greit avgårde kl. 12. X-faktor plasserte seg godt og fekk ein god start. Utover auka vinden og vindkasta på. Etter eit slag bar det utover Bømlafjorden. Etter 11 slag runda eg Hestholmsflua framfor Silje og Levens. Begge var på eit tidspunkt godt framfor meg.
No var det lens nordover Nyleia. Sterke vindkast. Eg skulle etter ei stund ha meg litt mat. Med det same et tok første bitet av brødskiva kom det ei vindkule og båten brocha. Fekk den på kurs igjen og venta litt med eting. Eg greidde å halda unna for Levens og Silje på dette strekket fram til runding Brømenholmen. Det imponerte meg. Farten låg mellom 7,5 og 9 knop. Etter runding nærma Levens seg raskt. Etter første slaget måtte eg slå tilbake for å vika for Levens. Mista farten. Silje segla etterkvart også forbi. Ved Sørstokken fekk eg eit forfordeleg dårleg slag og låg lenge sidelengs før eg fekk båten på rett kurs igjen. Det var nok her eg mista muligheten for å vinna klassen. Både Levens og Silje har høgare rating enn X-.faktor og måtte vera eit stykke framfor. Etter passering av Bømlabrua bar det mot mål ved Eldøyane. Var oppe i 10 knop rett før målpassering. Var i mål kl. 16.43. På korrigert tid var det 3 minutt etter Levens og 6 minutt etter Silje som vann. Her er resultatlista.


X-faktor sørover Stokkesundet i sterk vind. Foto: Jostein Vågenes

Etter målgang segla eg nordover Langenuen. Var framme i hamn hos Bergens seilforening kl. 21.15 etter heftig seglas nordover. Søndag bar det vidare til Manger i nesten ingen vind.

      Spor frå Marinetraffic

torsdag 14. mai 2020

Service på vinsjane

Då har eg hatt service på alle 4 vinsjane. Plukka frå kvarande, vaska i white sprit, tørka, sett inn med grease, og smurd stopphakane med vinsjolja. Vart bra.

mandag 11. mai 2020

NHS Vårregatta søndag 10.mai 2020

Det var meldt mykje vind og sterke vinkast i Mangersfjorden søndag 10.mai - middelvind 9 - 12 m/s frå N/NV. Det var truleg derfor det berre var 3 båtar som stilte opp: Anchrissi, Kilroy og X-faktor.
Eg segla singlehanded, Anchrissi DH og Kilroy med mannskap.
Starten gjekk kl. 14.00 i Bognestraumen, og me skulle segla løp 2. Frå start til bøye ved Trettholmen eller sørspissen av Flona, deretter inn igjen til Bognestraumen og vidare til mål i Mangersvågen.
Eg sette hardværsfokken på rull, og sette storsegl med 2 rev. Kom bra ut frå start og hadde god høgde i forhold til dei 2 andre båtane. Trudde ei stund at eg kanskje kunne stå opp til rundingsmerket, men vinden dreia litt og eg måtte ta 4 slag før eg kunne runda. Sleit i slaga i den sterke vinden. Eg må trena på å slå utan å bruka autopilot. Når eg skulle runda bøyen mista eg litt kontrollen. (sjå videosnutt lenger nede) Måtte sleppa fokken heilt ut for å få svinga rundt bøyen. Skjøtene lausna og for ut gjennom løygangen. Eg hadde ikkje sett knute i enden. Etter runding måtte eg derfor rulla inn fokken og få skjøtene på plass igjen.
Seglasen inn til Bognestraumen var grei. Var oppe i 9 knop. Etter runding i Bognestraumen var det kryss utover igjen. Slo ein gong og hadde då kursen mot Mangersvågen og mål. Vinden var oppe i 15 m/s. Anchrissi hadde 35 knop på vindmålaren på det meste. Resultatliste finn du her. Anchrissi slo X-faktor med 2 sekund på korrigert tid !

Friskt! Alle foto: Kaj Alexander Johnsen
Nordover mot Toska
X-faktor har slått innover. Var ei stund redd for at eg måtte vika for Kilroy som hadde styrbord halser.


X-faktor sitt spor frå Marinetraffic.


Anchrissi sitt spor på Marinetraffic




onsdag 6. mai 2020

Nordhordland seilforening sin treningsregatta 5.mai 2020


Kort video frå treningsseglasen 5.mai 2020 ombord i X-332 X-faktor. Singlehandedsegling. 
Starten gjekk kl. 18.30.
Vind: 3 - 4 m/s frå SV / V. Start ved Nordhordlandsbrua. 
Runding på breddegrad 60.28.00 i Byfjorden og tilbake til Nordhordlandsbrua.