fredag 9. desember 2022

YouTube kanalen


Det er ny adresse på YouTube kanalen min

https://youtube.com/@HaraldMatland 

Abonner gjerne på kanalen. 

I kveld vert X-faktor sin årskavalkade for 2022 lagt ut på YouTube.

tirsdag 6. desember 2022

X-faktor vinn klubbserien i Nordhordland seilforening 2022

 https://www.nordhordlandseilforening.org/D/node/11127




Kevlarstorseglet

Elvstrøm storseglet som eg fekk levert i februar 2013 er no nesten 10 år.

X-332 X-faktor NOR 9341: Nytt storsegl: Nytt Elvstrøm EPEX storsegl med aramid fibrar. Karl Otto Book frå Elvstrøm Norge overleverte seglet i kveld under Fjordsailing AS sitt arr...



Eg kjøpte nytt Elvstrøm storsegl for 2 år sidan, men brukar framleis det gamle kevlarstorseglet ein del.
I dag har eg hatt det oppe i stova og sett på nokre forsterkningar og eit par nye luser. Det kan brukast lenge enno.



Frå tur rundt Fedje september 2022


fredag 18. november 2022

Ny YouTube-video vert lagt ut kl. 18.00 i dag 18.11.2022

Eg laga ein video frå ein segltur rundt Fedje 28.september 2022. Denne vert tilgjengeleg kl. 18.00 18.11.2022.



torsdag 13. oktober 2022

Ny VHF - Raymarine Ray 53

Etter at eg bytte til Raymarine Axion MFD fekk eg ikkje lenger GPS posisjon på VHF'en. Det kunne me (Eivind) nok ordna . Simrad VHF'en har vore grei, men den er litt gamaldags i bruken/menyar.
Eg har derfor kjøpt ein Raymarine Ray 53 VHF. Den har innebygd GPS, og er også kobla opp mot NMEA 2000 nettverket. Då gir den også GPS data til ST60 multiinstrumentet utan at eg har på Axiom MFD'et.  Dei gamle eksterne høytalarane skal framleis brukast. Ein inne og ein ute i cocpit.

Eg har fjerna den gamle Philips GPS navigatoren. Den vart ikkje brukt. Det gav plass til å montera den nye VHF'en på ein grei og lett tilgjengeleg plass.










tirsdag 11. oktober 2022

Smørjing av vinsjane

I dag har eg smurd alle 4 vinsjane. Det er 2 år sidan sist eg gjorde dette, og det såg ut som om det var på tide å smørja på nytt.

tirsdag 20. september 2022

Høststormseilasen 17. og 18.september 2022

Høststormseilasen 2022 gjekk i år til Kilstraumen Brygge i Austrheim. Dette på grunn av ombygging av Fab.nr. 8 på Fedje.

Doublehandedklassen var i år teljande i Seilmagasinet si shorthandedranking med vektal 0,50. Det må vera 6 startande båtar i regattaen for at den skal telja med. DH-klassen fekk til slutt 7 påmeldte båtar, og 6 starta. Levens, Sheep Dip, FS2, Shiraz , Trass og X-faktor. X-faktor hadde Eivind Tysse og skipparen som mannskap. Det var ialt påmeldt 22 båtar til regattaen.

Det vart mykje studering av værmeldingane i dagane før regattaen. Det vart meldt mykje nordavind.

Værmeldinga laurdag gjekk ut på vind frå N 11 - 13 m/s med vindkast opp i 17 m/s. Nokre regnbyger.

Værmeldinga søndag var også vind på Nord. Sol og klår himmel. Vind i startområdet 8 m/s, ved Rongevær 12 m/s og i målområdet  8 m/s.

Til laurdag vart det i siste liten laga eit løpsalternativ 2: Start ved Herdla, runding Svartskjera nordst på Radøy, innover mot Fosnstraumbrua og målgang mellom Risøyna og Bakka. ca. 23 nm.

Søndag var løpet: Start ved Vardetangen, Mikkelboen, Kyrkjeflua og målgang ved sørspissen av Toska i Mangersfjorden.

Me heiste storseglet med 2 rev i Toskasundet, og segla ut til startområdet i stor fart. Me fant ei lun vik ved Sætrevika der me låg til fleire båtar dukka opp. Startbåten greidde ikkje å få ut startbøyane i den sterke vinden, og store bølgjene. Starten vart etter kvart opplyst over VHF at den skulle flyttast til mellom Mefjordboen og startbåt. Dette drog ut i tid, og det var stress å segla att og fram her ute. Me hadde ein tur bort i Nordra Straumsundet i Øygarden. Der var det fine forhold, men me måtte ut igjen i fjorden. Eg vart etterkvart lei, og synes ikkje dette var så moro. Me bestemte oss (eller var det eg) for at me segla tilbake til Mangerøy. Me hadde kome bort til Skjelanger når det vart opplyst på VHF at startprosedyren starta 13.50 og starten skulle gå 13.55. Me såg på kvarande, og jau, me seglar ut igjen.

Starten gjekk kl. 13.55, og det var jo greit å segla når me kom i gang på kryssen. Me starta ved styrbord merke og segla på styrbord halsar til Stureterminalen. Der slo me og segla til Nordra Flesi. Det gjekk ganske bra med 2 rev og hardværsfokk. Hadde bra fart i båten. No heldt me oss nær Marøy og holmane nordover til Svartskjera. I ei av bygene viste vindmålaren 15,4 m/s. Vinden låg stort sett på 10 - 12 m/s, og i bygene 13 - 14 m/s.

Etter runding Svartskjera vart det full fart innover mot Fosnstraumbrua. Me tok etterkvart ut reva i storseglet, men segla med hardværsfokken. Etter runding av Stridsholmen var det 4 - 5 slag til målpassering. Me gjekk i mål kl. 16.19.36. Det held til 2.plass i DH-klassen vel 5 minuttar etter Levens.

Spor frå Marinetraffic laurdag

I Kilstraumen vart me dirigert til fortøying. Kl. 19 var det buffet med masse god mat og god stemning. Etter maten var det premieutdeling, og trekning av masse flotte gåvepremiar.

Det vart tidleg kveld. Me måtte vera opplagt til neste dag.

Søndag vakna me til flott vær. Starten skulle gå kl. 11.00, så me løyste fortøyningane kl. 9.50.

Starten gjekk mellom 2 store gule startbøyar vest for Vardetangen. Vinden var rundt 8 m/s rett frå nord. Det var god nok plass før start. Me gjekk litt forsiktig ut med same seglføring som dagen før: 2 rev i storseglet og hardværsfokk. Det ville verta aukande vind i sløren ut Fensfjorden mot Rongevær, og X-faktor vert litt vanskeleg å ha med å gjera dersom me har for mykje duk på slør.

Me kom greit ut frå start og kryssa nordover til me kunne falla av og sløra ut mot Mikkelboen.

Det gjekk unna og me segla ved sida av FS2 og Olliver heile vegen til Mikkelboen og vidare til Kyrkjeflua. Etter runding av Mikkelsboen tok me ut eitt rev i storseglet. Frå Kykjeflua mot Svartskjera var det platt lens. Me heiste no fullt storsegl og bytte forseglet til ein tung Genoa 1. Etter runding av Svartskjera segla me platt lens med spidd genoa. Dette gjekk unna. Me hadde over 10 knop på loggen mange gonger. Høgaste farten på loggen var 11,9 knop. Levens og Amaryllis heiste spinnaker ved Marøy. Likevel synes eg at me tok litt innpå Levens innover. Me gjekk i mål kl. 14.06.57. Det vart 2.plass også søndag. 3 minutt og 8 sekund etter Levens. Det gav 2.plass samanlagt i DH-klassen. Levens og X-faktor hadde dei 2 beste tidene på søndag uansett klasse ! Dette må me vera nøgde med. Takk til Eivind som var mannskap.

Spor frå Marinetraffic søndag.

Legg ved litt bilder. Det kjem YouTube fil frå regattaen, men eg ventar litt med å leggja den ut.

Ankerdram i Kilstraumen

FS 2 utover Fensfjorden

FS2 og Olliver utover Fensfjorden

Skipparen ser nøgd ut



Olliver og FS2 mot Kyrkjeflua

FS 2 mot Kyrkjeflua

X-faktor i mål. Foto Jan Gunnar Korsøen




mandag 12. september 2022

Bergen singlehanded 10.september 2022



25 båtar var påmeldt til Bergen singlehanded i år. I fjor var det påmeldt 45 båtar. Kva skjer? Regattaen vart arrangert for 12. gong. Eg har deltatt og fullført alle gongane.

X-faktor var på plass i Bergens seilforening kl. 19.30 fredag kveld etter å ha segla i 6,5 timar frå Manger. Det hadde no kome melding om at starten var utsett frå kl. 11 til kl. 13 neste dag pga meldingar om lite vind. 

Laurdag stod me opp til ein strålande dag, og me hadde god tid til å gjera oss klare. På skipparmøte kl. 12.30 fekk me oppgitt at det vart løpet rundt Litle Marsteinen, Blia og i mål. Når me kom ut i startområdet kl. 12.15 var det svært lite og kl. 12.55 kom det opp flagg ut utsetjing. 

Kl. 13.35 gjekk starten. X-faktor vart litt innesperra, og fekk ein dårleg start. Så snart det var mogeleg slo eg for å segla nord for fiskeoppdrettet. Dette gjekk bra. Det var 5 båtar som segla her, og me kom godt ut.

Når me nærma oss Kleppholmen minka det på vinden som til no hadde kome frå SV. Etter ei stund med vindstilla, kom vinden igjen frå NV. Winocean, Trass og Levens fekk vinden først og for avgårde. Deretter FS2, Sheep Dip og kort tid etter Gleden og X-faktor.

No var det bidevindseglas utover mot Litle Marsteinen i opp mot 4 - 5 m/s. Krabbelure, First 45, segla forbi meg. Gleden kom også opp på sida av X-faktor, men eg greidde å runda framfor Gleden.

Straks etter runding var vinden so pass skarp at eg måtte venta litt med å setja spinnaker. Segla meg litt opp før eg sette spinnaker. No var det full fart innover mot Blia. Farten var rundt 7 knop. Eg segla forbi Krabbelure som ikkje hadde spinnaker. Avstanden til Gleden vart større og større, og eg såg at eg tok innpå FS2, Levens og  Yabadoo. Løpet vart avkorta ved Blia.  Rett før mål segla Maxi 1300, Utopia, med Kristian Bekkenes ombord forbi meg.

Dette kom til å verta jevnt i vår klasse. Det viste seg av X-faktor hadde beste tid, ca 1 miutt før FS 2, som igjen var 1 minutt før Levens, som igjen var 3 minuttar før Gleden. Det vart desverre mange som ikkje greidde å fullføra innan maksimaltida kl. 18.00.

Resultatliste.

Om kvelden var det betasuppe og premieutdeling. X-faktor vant klassen opp til 1.000 i rating, og vart også tildelt Jan Hjellestad's minnepremie som klassevinnar med nest lågaste korrigerte tid. 

Her er litt video frå regattaen. Eg hadde ikkje kontroll på GoPro kameraene, så det vart dårleg filming frå Litle Marsteinen til Blia.


Her er nokre bilder:

X-faktor før start. Foto: Espen Sandøy


X-faktor på veg frå Litle Marsteinen mot Blia. Spinnakeren er ikkje heilt oppe. Fekk ordna det .
 Foto: Henrik Wigers Larsen


tirsdag 30. august 2022

Ny sprayhood frå Seilmaker Iversen

Sprayhooden hadde sett sine beste dagar for fleire år sidan. No har Seilmaker Iversen laga ny sprayhood til X-faktor.  Den vart veldig bra.





mandag 29. august 2022

X-faktor på land på Bildøy i dag

Eg oppdaga at det hadde kome vatn i girolja på segldrevet. Fekk time i dag hos Bildøy Båt og Motor, og segla inn der i går.

I dag tidleg vart X-faktor løfta på land, og tetningsringane på propellakslingen vart skifta. Etter eit par timar var det sjøsetjing. 

Grunnen til lekkasjen kan vera at eg fekk tau i propellen i sommar.









lørdag 6. august 2022

Ny kartplottar (MFD) Raymarine Axiom 7

Raymarine MFD e7 , som eg har hatt sidan 2012, har fungert fint. Den hadde plass til 2 kartbrikker. For nokre år sidan slutta den nederste å virka. I sommar slutta også den øverste å virka, og kartplottaren oppfatta ikkje at det var sett inn kartbrikker. Spraying mm virka ikkje. Dette var visstnok eit kjent problem med desse plottarane.

Har derfor kjøpt meg ein Raymarine Axiom 7. Dennr er med ein rein touch-skjerm. Har vore litt skeptisk til det, men vil prøva. Eg har jo også trekk med plastglas til å ha over plottaren. Denne har Seilmaker Iversen laga til meg.

Eivind hjelpte meg å trekkja ledningar og kobla opp den nye plottaren. Det vart litt meir styr enn eg såg før meg med Seatalk 1 og Seatalk ng, og me flytta litt på seatalkadapter og basestasjonen til fjernkontroll for autopiloten. No snakkar instrumenta med kvarandre.

Raymarine Axiom 7

Skjermen viser Kompasskurs og COG. Vindretning og styrke (gult merke) , straum/avdrift (blått merke), spor, AIS mål m.m.

Startlinje/Startklokke

Polardiagram for X-332 ligg inne, og kryss- og lensevinklar ligg inne som strekar på kartskjermen. Dette bildet viser også vinkel og fart iflg. polardiagram og polarytelse i %.

Basestasjon for fjernkontroll til autopilot og diverse Seatalk utstyr er flytta fram til over kartbordet.

  

torsdag 5. mai 2022

Ny Elvstrøm Genoa 3

I dag kom den nye Genoa 3 Aramid Sport. Same duken som det nye storseglet.

Dette vert spennande å prøva.




Ny ledeblokk

 Ledeblokka på babord side var totalt utsliten. Trinsene går ikkje rundt pga slitasje.


Eg bestillte ny frå OH Marine i Danmark. Den kom på huset ein dag etter at den var sendt frå Danmark!
No er den på plass.




torsdag 21. april 2022

Ny Flexofold foldepropell

Eg oppdaga at det var noko feil med propellen. Ein innstøpt pakning var knekt og delvis borte. Seatronic var i kontakt med Flexofold i Danmark, og konklusjonen var at propellen måtte bytast.

Bestillte ny Flexofold 2-blada foldepropell frå Seatronic. 16x13.

Den vart montert på i går.







lørdag 2. april 2022

X-faktor ferdig bunnsmurd

Etter vannsliping med 400 papir har eg tatt på 2 strøk med VC 17 m Ekstra. På roret har eg 2 strøk med kvit Jotun Hard racing. Skal ta på eitt strøk til på roret, og vannslipa før sjøsetjing.




mandag 21. mars 2022

Ein månad til sjøsetjing !

X-faktor skal sjøsetjast laurdag 23.april, og eg har so smått starta på vårpussen.

21.mars tok eg av presenningen og vaska dekk og overbygg. Seilmaker Iversen skal ta mål for å laga ny sprayhood. Den gamle har sett sine beste dagar. Eg har også pussa nokre plassar på kjølen og hatt på 2/3 strøk med VC 17 Tar. Har tatt på drevspray på segldrevet og rundt rorstammen. Eg brukar Seajet 038 drevspray. Kicken, som eg tar av om vinteren, er montert på igjen.


22.mars polerte eg skutesidene med Jotun Marine Polish.

23.mars voksa eg skutesidene med Jotun Hard Vax.




 

lørdag 19. februar 2022

Seier i Nordhordland seilforening sin klubbserie 2021

 X-faktor vann NHS sin klubbserie for 2021 etter fem 1.plassar og ein 2.plass.

Vårregatta og Holsnøy rundt vart segla singlehanded, sommarregatta lørdag og Høststormseilasen vart segla doublehanded med Eivind. På sommarregatta søndag var Eivind, barnebarn Johannes og ein kompis av Johannes med.  Det var mindre konkurranse etter at Mathilda gjekk over til Ran seilforening.