søndag 12. mai 2024

Samanleggbart solcellepanel

Eg har kjøpt eit samanleggbart solcellepanel - ProSupply Solar 120 W . I tillegg har eg 2 x18W solcellepanel framfor sprayhooden. Når det er sol gir dette meir straum enn eg brukar til instrument, autopilot m.m. Dette vert bra !

Her er det samanleggbare solcellepanelet lagt over ovebygget og festa. Panelet kan flyttast for å få betre effekt.




fredag 10. mai 2024

Huftarøy rundt 9.mai 2024 - oppdatert

X-faktor deltok 9.mai 2024 i regattaen Huftarøy rundt arrangert av Os seilforening. X-faktor segla i Doublehandedklassen med Eivind og eg som mannskap.

6 båtar var påmeldt i DH-klassen og 10 båtar i klasse med fullt mannskap. I tillegg ein båt i turklassen.

X-faktor segla frå Manger til Bergens seilforening onsdag 8.mai. Eivind kom der torsdag morgon, og me la avgårde til Støneosen kl 08.30. Måtte ha litt god tid på distansen som er 9 nm. Det var vind på 8 m/s rett i mot og bølgjer på Korsfjorden. Me var framme i god tid og rigga oss til. Starten gjekk kl. 10.55. Startlina mellom startbåt og stang på land er vanskeleg å få plotta inn på kartplottar, så det let eg vera. Likevel hadde me god kontroll på tida og lina og fekk ein god start. Det var mykje regn og skodda, og vinden låg på 7 - 8 m/s frå sør. 

Løpet som skulle seglast var start mot sør,  rundt Kalsundbåen, Bekkjarviksundet, Grøningen, Lindholmen og i mål i Strøneosen. Løpet er 24 nm.

Me segla med genoa 3 og fullt storsegl. Det gjekk fint unna på kryssen. Me hadde eit legg heilt bort til Gjøvåg på Reksteren. Skulle nok ha kryssa sørover langs Austevollslandet. Me segla innom Tobbholmane, og kom oss etter kvart rundt staken på Kalsundbåen. No hadde vinden minka litt, og minka meir og meir. Me kunne nok ha segla med Genoa 1 men ville nok då tapa ein del tid på seglskifte. Når me kom til Grøningen låg vinden på 5 m/s og vindvinkel 120 grader. Me fekk opp spinnakeren og segla med den til mål. Levens låg rett framfor oss, og me kjempa med SunFast 37, Stella, som har omlag same rating som X-faktor. Ved Pirholmen vart det lite vind og me valde å segla så langt mot Pirholmen som mogeleg. Der kom me oss forbi Stella og fekk etterkvart grei avstand til dei.

Over Bjørnafjorden mot mål låg vinden på 3 - 4 m/s og me segla etter polardiagrammet og fekk bra fart.

Me var i mål etter å ha segla i 5 timar, 24 min og 42 sek.

Dette heldt til 3.plass i DH klassen etter Asterix og Fox. Framfor Shiraz, Stella og Levens. Me var fornøyd med det. Av alle båtane hadde me 5. beste tid. Her er resultatlista. Det me i ettertid ser at me kunne gjort annleis var å halda oss meir til Austevoll-landet på veg sørover. På kryssen sørover havna me fleire gonger i "fisen" av andre båtar. Då skulle me slått med ein gong. Frå Kalsundbåen til Grøningen hadde det gjort seg med Genoa 1. Hadde litt lite segl her. Spinnakerseglinga gjekk svært godt. 

Spor frå Marinetraffic


Ingen filming eller fotografering.

På veg sørover Heltefjorden onsdag ettermiddag

Spor frå Marinetraffic for X-35 Asterix og X-332 X-faktor